Helsing frå Gunnar Strøm opningsmarkering av Sivert Aarflot-huset

Gunnar Strøm, ca 1990.

Gode kollegaer,

Takk til Hans Martin for ein flott gjennomgang av historia til medielina i Volda. Vi har mykje å vere stolte av. Og med nytt hus, ligg det til rette for at vi vil halde posisjonen som den breiaste og leiande medieutdanninga i landet i mange år framover.

Eg kom til Volda i 1984. Den hausten opna vi Hans Strøm-huset. Kringkastingssjef Bjartmar Gjerde opna huset. Vi hadde eigentleg berre ein radio- og ein tv-kanal den gongen. Nokre lokale nærradioar hadde fått konsesjon. Dei første lokale tv-stasjonane var også i si spede startfase. Men det var NRK som gjaldt. Øvingsradioen ved gamle MRDH var den første lokale radiostasjonen som fekk permanent løyve til å sende radio tidleg på 1970-talet. Saka måtte heilt inn til Stortinget før løyvet var i boks. Ordet nærradio vart brukt første gongen her i Volda. TV-studioet i kjellaren på Hans Strøm-huset opna for lokale TV-sendingar. Vi fekk ikkje same gjennomslag for nemninga nærsyn. Men Nærsynet Volda har levd godt 37 år.

Nærsynet – også på Volda Stadion.

Gjennom 50 år har studentar i Volda dokumentert lokalsamfunnet Volda gjennom Næravisa, Radio Volda, dusinvis av filmar på 16 millimeter, Nærsynet og Nærnett. Eg trur neppe at det finst eit lokalsamfunn som er så gjennomdokumentert som Volda. Om ikkje alt, så finst framleis det meste av desse medieprodukta. Stein-Christian og eg har arbeidd i 2 år med å registrere og sortere dette materialet. Her ligg mykje av historia til både medieutdanninga og Voldasamfunnet.

Ein viktig grunn til at medieutdanninga i Volda har lykkast, er at ein heile tida har vært opptatt av at studentane skal arbeide praktis, på moderne utstyr og slik kunne gå rett inn i vaktplaner i ulike redaksjonar. For at ikkje studentane skulle bli nytta som billeg arbeidskraft, vart det avtalt med bransjen at dei skulle få halv løn i praksisperioden. Det gamle utstyret er sjølvsagt utdatert i dag, men vi har tatt vare på mykje og det er også ein viktig del av historia vår.

Eg snakka med tidlegare dekan Sverre Liestøl i dag. Eg vil avslutte med denne helsinga frå Sverre:

«Jeg var stolt av å være dekan for Norges største, fremste, beste, viktigste og rimeligste profesjonsretta medieutdanning. Håper mine etterfølgere kan si det samme. Lykke til med nytt mediehus. Hilsen Sverre.»

Tidlegare AMF-dekan Sverre Liestøl, ca. 1990.