Helsing frå leiar i Studentparlamentet, Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik

Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik.


Heisann alle nye og gamle medstudentar! Mitt namn er Trond Fredrik Hoddevik, og eg er leiar for studentparlamentet ved Høgskulen i Volda. 

For ei gledens dag det er. Om du er ei førstegangsstudent kan du sjå fram til eit av landets trivlegaste steder å studere ved. Nye medstudentar å bli kjent med, ei fadderveke spekka med arrangement for å føle deg velkomen, og kanskje ei personleg openbaring om kva du ønskjer å bli, er noko av forventningane eg sjølv hadde då eg byrja her for fire år sidan. Den innstillinga håper eg du og tek med deg inn.

Til oss vante folk som har vert her ei stund, så bør vi gå fram med optimisme. Vi bør erkjenne at pandemien som var i fjor, ikkje er heilt borte enno. Forhåpentlegvis kan vi saktens, men sikkert, returnere til ei normal studiekvardag. I mellomtida vil eg gjenta min forgjenger sine ord om korleis vi tek vare på kvarandre. Ver flink til å sjå og høyre på kvarandre, ver stolt av deg sjølv og ver ikkje redd for å gjere feil. Som studentar er vi her alle for å lære. 

Når vi no likevel kan øyne eit håp for ei nokså normal studietid, så er det mitt oppdrag å sørgje for at du føler deg velkomen. Derfor vil eg dele eit godt tips for studiestarten. Engasjer deg! Her på Høgskulen har vi mange ulike studentorganisasjonar som gjerne ønsker å ha deg på laget. Her kan du møte mange medstudentar som deler dine interessar. Og viss du har noke på hjertet, så finnes der ingen betre plass enn nettopp ved oss i studentparlamentet. Vi er av og for studentane. Derfor håper eg at nettopp du kunne tenke deg å stille til val. Du er varmt velkomen til kontoret vårt rett ved kantina på BK. Då takker eg for meg, og ønskjer eg deg herved lykke til med det komande studieåret.

Trond-Fredrik Hagemann Hoddevik (t.v.) og Atle Remmereit i produksjonsselskapet Oclin