Festtale i høve opninga av Sivert Aarflot-huset

(Forlenga utgåve av) Festtale til AMF-tilsette, og andre, samla på Rekkedal gjestehus 26.10. for markering av offisiell opning av Sivert Aarflot-huset.

Kjære alle på Avdeling for mediefag – og heile HVO: Gratulerer med dagen!

Dette kjennest litt ut som ein dåpsfest. Det er jo fantastisk når eit barn blir fødd, men det er gjerne litt kaotisk og ting blir ikkje nødvendigvis akkurat slik du hadde planlagt, og barnet kan kome litt for tidleg eller litt for seint, og det er få som stiller opp pynta når eit barn kjem til verda.

Men dåpsfesten kan ein planlegge og sjå fram til og invitere kvarandre til å vere med på.

Så om studiestarten 2021 var fødselsdagen til Sivert Aarflot-huset, så har vi dag ein slags dåpsdag, ein festdag, med helsingar og blomar og takk og god mat – som i kveld! Og meir skal det blir har eg forstått.

Men altså: Etter 50 år har medieutdanningane flytta ut av Ivar Aasen-huset og inn i Sivert Aarflot-huset.

Ei tid var …

Høgskulen har satsa 250 millionar kroner på medieutdanningane. Huset er ca. 3.800 kvadratmeter stort. Aasen-huset er på vel 2.000 kvadratmeter. Det bør vere nok plass, luft og lys, rom for kreativitet og kommunikasjon innanfor desse kvadratmetrane på desse to etasjane. 

Når var det arbeidet med Sivert Aarflot-huset starta? Ei investering på 250 millionar kroner kjem ikkje av seg sjølv. Korleis har vi råd til det? Utan å få ei løyving frå Kunnskapsdepartementet?

Det er eitt grep, ei hending, som er viktigare enn nokon andre og som vart avgjerande for at vi kunne ha offisiell opning av Sivert Aarflot-huset her i dag. Eg skal kome til dette grepet undervegs, men for å gjere forteljinga om Sivert Aarflot-huset lettare å følgje med på skal eg prøve meg på litt historieforteljing, ein kronologi.

Som det har vorte sagt i dag starta medieutdanningane i 1971, med heile 34 studentar som ville ta til på eit studium som ikkje fanst nokon annan stad i Noreg, ei tverrfaglege medieutdanning som blant anna hadde som utgangspunkt ambisjonen om å utdanne journalistar til dei nynorske bygdeblada. Det vart mykje meir enn det.

Utdanninga var etterspurt blant studentane og gjorde seg nasjonalt bemerka på mange måtar – og var på 1980-talet blant utdanningane med flest søkarar i heile landet, uansett fagområde.

Utdanninga voks også i mange retningar: Journalistikk, PR Kommunikasjon, animasjon – og seinare også medieproduksjon og design. Og med masterutdanning frå 2013 og etterkvart mange internasjonale studentar.

Talet på studentar auka, plassen minka og det vart drive medieutdanning sju ulike stader rundt om på Høgskulen. Men ingen såg heilt føre seg at vi skulle få råd til å bygge eit nytt hus for medieutdanningane, sjølv om vi trengte det.

Første og til då einaste gongen medieutdanningane hadde fått eit kraftig oppsving i kvadratmeter var i 1983 då Hans Strøm-huset opna og vi med det fekk studiofasilitetar for fjernsyn og radio. Vi var aleine om det i høgskule-Noreg på den tida.

Men frå 1983 og 30 år fram i tid – til 2014: Behovet var der – det hadde mange års utdanning og studenttilstrøyming synt. Men korleis få det til?

Alt i 2014-2015 hadde Høgskulen gjort eit anna viktig grep eller val – som var avgjerande for at det skulle byggast eit nytt hus – og det var å lage ein Campusutviklingsplan. Marit Gridseth Flø, administrasjonssjef på AMF, var sekretær for arbeidet med planen.

Campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda, den første, skulle det vise seg, vart vedtatt i Høgskulestyret 4. juni 2015. Og i denne planen står under «Strategi 4: «Etablere nybygg som dekkjer dokumenterte behov»

Og vidare står det: «Starte arbeidet med å planleggje eit nytt bygg for formidlingsfaga. Finne beste plasseringa.»

Formidlingsfaga var ordlyden – og det understrekar at frå starten av var det tenkt på eit hus for heile HVO.

Hausten 2015 vart det etablert ei arbeidsgruppe som skulle starte arbeidet med det nye huset. Volda kommune og Studentsamskipnaden vart inviterte med i styringsgruppa. Gruppa vart leia av AMF dekan Pål Aam og dei andre medlemmene var Reidulf Botn, Idar Flo, Aud Folkestad, Ivar John Erdal, Carl Jørgen Nesset og sekretær var Margrete Apelseth.

Gruppa leverte sitt dokument: HVO – Nybygg for mediefaga – Programprosjekt» i januar 2016.

I programprosjektet vart det dokumentert behov for eit nytt hus. Det var kanskje det enklaste punktet? Medieutdanningane hadde definitivt behov for nye lokale. Både for eigen del fordi lokala var nokså slitne etter nesten 50 år. Men også fordi konkurransen om mediestudentane hardnar til. Det vart klart for arbeidsgruppa som reiste rundt til andre medieutdanningar og såg at moderne lokale kunne vere avgjerande for framtida til medieutdanningar.

Berre som eit apropos:

For nokre dagar sidan no i oktober 2021 var eg med på opning av Høgskolen Kristiania sitt nye hus i Urtegata i Oslo, eigentleg ein ny og hard konkurrent av oss. School of arts, design and media har 1.600 studentar og 120 faglege årsverk og reklamerer med at dei er «det største kreative og kunstfaglige miljøet på universitets- og høyskolenivå i Norge». Blant anna er Westerdahl ein del av Kristiania.

Konkurransen hardnar til.

Men altså – vi er komne til 28. april 2016: Høgskulestyret får orientering om prosjektet og  gir høgskuleleiinga i oppdrag å «arbeide vidare med nybygg for mediefaga», og å dekke kostnadene til eit skisseprosjekt.

I saksutgreiinga skreiv direktør: «Rapporten frå arbeidsgruppa følgjer som vedlegg til denne saka. Det er viktig å presisere at framlegget til nybygg berre er ei skisse. Det er ikkje sikkert at nybygget vil sjå ut slik som det er avbilda i rapporten.

Teikninga likna meir enn litt på Rockheim i Trondheim.

I rapporten vart det laga eit romprogram som beskriver behovet til dei samla mediefaga på HVO. Som ein kan sjå av romprogrammet, har arbeidsgruppa lagt inn areal til fleirbrukssal og kino (visningssal). Det er i samsvar med mandatet som gruppa fekk:

«Vurdere potensialet for eit sambruks-konsept som inneheld kino og eventuelt andre kulturhusfunksjonar.»

Kort sagt sa Høgskulestyret ja til å bruke nokre millionar på planlegging av huset, men fortsatt er saka ei oppfølging av campusutviklingsplanen: I lag med fleire ladestasjonar, betre rutetabellar for bussar og å lage ein kalender som synleggjer gjesteførelesingar for eksterne – og andre føremål.

Og her er vi ved det avgjerande punktet i arbeidet med Sivert Aarflot-huset:

Korleis få råd til dette? Stiller ein seg pent i køa til nye hus finansiert av Kunnskapsdepartementet, så må ein rekne med å vere tolmodig. Det er mange gode formål, og mitt inntrykk er at dei store prestisjeprosjekta i milliardklassen blir prioritert framfor småprosjekt på nokre hundre millionar. Og det er før overskridingane kjem. For tida er samlinga av NTNU i Trondheim og Livsvitskapsbygget ved Universitet i Oslo slike prosjekt, kva på ca. 10 milliardar kroner, for å snakke runde tal. Andre store utbyggingar har vore på NMBU og Idrettshøgskulen – og ja – det er snakk om milliardar.

Så korleis ordna finansieringa seg?

Det er muleg at det ikkje passar i ein festtale å bli teknisk, men likevel: Løysinga var noko så teknisk som at Statsbygg takserte husa dei eig her ved Høgskulen i Volda. Statsbygg hadde nett fått fridom til å sette husleige ut frå marknadstakst. Husleigeavtalane i Volda gjekk rett nok fram til 2020, men Statsbygg bestemte seg for å kome med ein ny takst alt i 2016.

Som det står i styresaka til Høgskulestyret våren 2016:

«Utgangspunktet for ny leige er takst på alle bygga som Statsbygg eig. Statsbygg vil gjennomføre takseringa i løpet av 2016. Taksten kan gi grunnlag for ei lågare leige enn det vi betaler i dag. Kor mykje lågare veit vi ikkje før taksten ligg føre.»

Men kva taksten ville bli – og kva handlingsrom vi hadde – det visste ingen i april 2016.

Den nye taksten for Statsbygg sine hus i Volda vart ca. 10 millionar lågare enn før. Men så var det også underforstått at Høgskulen skulle bruke denne innsparte husleiga til å bygge eit nytt hus, som vart Sivert Aarflot-huset. Og ca 10 millionar kroner – det betalar husleiga på eit hus til ca. 200 millionar.

Kjetil Lehn er ein ringrev i Statsbygg-systemet og var her i Volda på opninga av Sivert Aarflot-huset. Han seier at det var i Volda Statsbygg for første gong gjorde dette grepet – seinare har det vorte gjort mange andre stader også. Vi bør nok sende ein takk til Kjetil Lehn som internt i Statsbygg var viktig for både taksten og vurderinga.

Frå april til august 2016 har høgskulestyret fått vite om Statsbyggs nye takst, og eit nytt omgrep dukkar opp. 17.august 2016 sender Høgskulen eit såkalla oppdragsbrev der Statsbygg får i oppdrag å drive prosjektet framover:

«HVO gir med dette Statsbygg i oppdrag å starte arbeidet med prosjektering av nybygg for mediefaga. Prosjektet er planlagt gjennomført som eit kurantprosjekt. Prosjekteringa skal skje på grunnlag av «programprosjekt» av 15.1.2016, men likevel med ein gjennomgang, saman med brukar, av rammer og  Programprosjekt»

Det nye ordet er altså «Kurantprosjekt», som i statens språkbruk betydde at Sivert Aarflot-huset skal byggast til ein pris som Høgskulen i Volda kunne betale utan å få auka løyving frå Kunnskapsdepartementet. Altså betale huset sjølv.

Og når det gjeld krav til huset står det:

«Bygget skal gje ei nøktern og kostnadseffektiv byggeløysing, men likevel med høg teknisk kvalitet og funksjonalitet. Prosjektet er kvalitetsstyrt, men til lågast mogeleg kostnad.»

Så då var prosjektet i gang, hausten 2016.

No var det ikkje strake vegen. Året 2016-2017 vart også år med nokre blindvegar i prosjektet. Ein av dei  var planar om kultursal og kino. Dette kosta prosjektet både tid og pengar, og vart først teke ut av prosjektet så seint som muleg i november 2017 så Volda kommunestyre sa at dei ikkje ønska å gå vidare med kultursal og kino i Mediebygget. Då låg det føre nokså detaljerte planar for ein kultursal og ein kino. Sjølv hugsar eg best ei teikning med orkestergrav og garasje for flyget. Det hadde blitt eit heilt anna hus, på alle måtar.

Ein annan blindveg som kanskje fekk eit lukkelegare og mykje meir konkret utfall var tomta som VCA i dag står på: Igjen, som oppfølging av Campusutviklingsplanen frå 2015 sende Høgskulen sommaren 2016 brev til Volda kommune og bad kommunen sikre grunn for framtidig utvikling av høgskuleområdet. Som vi veit sette det i gang ein kjedereaksjon som førte fram til Volda Campus Sparebank1 Arena.

Det var nok ei mykje betre løysing for Høgskulen enn å bygge friluftsparkering på tomta. Parkering har vi fått i kjellaren på VCA.
 

Men tilbake til Sivert Aarflot-prosjektet. I mars 2018 hadde vi fått tilbod frå 4 totalentreprenørarar, og i høgskulestyret 7.6.2018 vart det orientert om at det var valt leverandørar: Link og PEAB/Nordang.

«EXPO» var namnet på vinnarutkastet frå LINK arkitektar. Klipp frå Sunnmørposten i samband med offentleggjeringa i desember 2018.

Den 6. desember 2018 vart prosjektet endeleg godkjent i høgskulestyret, under føresetnad av at regjeringa godkjenner prosjektet som eit kurantprosjekt. Det går då også fram av eit nytt oppdragsbrev som blir send til Statsbygg 13. desember 2018.
 

Så går det nesten 8 månader der vi ventar på at regjeringa skal vurdere om dette kan bli eit kurantprosjekt.

Munnleg svar på det fekk vi litt før valet hausten 2019 då minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø kom til Volda i samband med semesteropninga og også kunne fortelje at kurantprosjektet var godkjent.

Den 21. august 2019 kom brevet frå Kunnskapsdepartementet med den tørre tittelen:

«Brukerfinansiert prosjekt for Høgskulen i Volda – Nybygg for medieutdanningene – Tilslutning til igangsetting».

Og vidare:

«Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har godkjent en styringsramme (P50) for prosjektet på 201 mill. kroner og en kostnadsramme (P85) på 211,5 mill. kroner, inkludert 1,5 mill. kroner til kunstnerisk utsmykning (prisnivå november 2018).»

I ein statusrapport til styret i desember 2019 skreiv direktøren:

«Regjeringsgodkjenninga tok lenger tid enn vi håpa på, og den opphavlege tidsplanen med innflytting til årsskiftet 2020/2021 var dermed ikkje råd å gjennomføre. Det er no utarbeidd ein ny tidsplan der overtaking av bygget blir i månadsskiftet mai/juni, slik at huset er klar til bruk til semesterstart hausten 2021. Prosjektet er i rute etter den nye framdriftsplanen, men styret bør vite at også denne tidsplanen er stram.»

På det tidspunkt hadde gravemaskinene alt vore i sving nokre veker. Byggeområdet vart avsperra i november 2019.

Bygginga har starta – Sivert Aarflot-huset i desember 2019.

I byggetida har studentar og tilsette opplevd det ein må rekne med i ein byggeperiode: Vegar har vore sperra – straumen har vore vekk til tider – vi har hatt det første hærverket.

I styremøte den 10. september 2020 vart namnet på huset vedtatt av Høgskulestyret. Sivert Aarflot-huset, skal huset heite. Men Avdeling for mediefag har også hatt sitt heilt eigne namnearbeid – med originale namn på auditorium og møterom: Røynda, allmenningen, linsa … Veldig bra!

Eg skal ikkje seie så mykje om den fysiske overflyttinga og innflyttinga og startvanskane. Det har vore eit lenge planlagt svangerskap, ein lang fødsel og somme vil kanskje seie noko i retning av trang, men no står huset der og har alle føresetnader for å kunne bli #Verdas-beste-mediehus.

Kristian Ringnes har sagt: «Når du planlegg eit hus, så bestemmer du over huset. Men når huset står der, så bestemmer huset over deg.» Eller noko sånt. 

Då eg høyrde dei orda det så trur eg alle inkludert meg nikka og tenkte at det var kloke ord. Derfor er hus viktige.

Men etterpå har eg tenkt litt vidare: Eg håper inderleg at det ikkje blir slik at Sivert Aarflot-huset bestemmer over dei som har sin arbeidsdag i huset. 

Tvert i mot håper eg at studentar og tilsette i lag med kvarandre bestemmer korleis huset skal bli brukt, at huset også i framtida blir forma av aktivitetane som foregår innanfor dei fire veggane og at huset, fint som det er, ikkje skal stå i vegen for idear og fagleg og kunstnarleg liv. Då blir det faktisk vi som formar huset, kvar dag.

Til lukke med dagen!

Sivert Aarflot-huset, 26.10.2021.