Koronakrisa: Litt meir grå kvardag, takk!

Vi måtte stoppe undervisning og arrangement; vi stengde kantine, bibliotek og idrettsbygget; så vart heile høgskulen stengt for alle andre enn tilsette i nøkkelroller; all undervisning skal flyttast over på nett og det same skal skje med eksamenane. Og alt dette skjedde på nokre få dagar.

Det er kanskje fleire som tenkjer som meg:  Kjære kvardag, kom tilbake!  Det er heilt greitt om du er litt grå, kjære kvardag, men vi vil gjerne sjå deg igjen!

I Volda var det lenge ingen som hadde fått påvist koronavirus, men torsdag 19. mars vart det første tilfellet kjent, og det er garantert fleire som er smitta utan at det er påvist. Vi må alle oppføre oss som at både vi sjølve og andre vi møter er smitta, kor vanskeleg det enn er i kvardagen.

Korona-krisa har teke frå oss det viktigaste i kvardagen: Nemleg kvarandre. Kaffipraten. Gangpraten. Undervisning i auditorium, grupperom og spesialrom.

Opplevinga og handteringa av alt som har skjedd på denne første veka er nok ulik for mange. Men nettopp derfor er det viktig å dele opplevingar og erfaringar. Eg blir glad for å høyre om fagmiljø som alt har hatt fleire kaffimøte – på nett. Det har i alle fall IPAS gjort, men sikkert andre også?

Heimekontor med morgonkaffi på Zoom: Mummi har sine fans på IPAS!

Vi har fått eit nytt hjelpemiddel i den nye korona-kvardagen: Zoom har på få dagar vorte vår nye plattform for videomøte – eller faktisk: For alle møte. Aldri har vel eit nytt system vorte teke i bruk så raskt av så mange på Høgskulen i Volda. Det er veldig bra og godt jobba av alle som har gjort at vi har fått det til og skal få det til framover! Eg håper og trur at ting fungere godt når det meste av undervisninga vert flytta over på Zoom – i samspel med Canvas.

Zoom-informasjon: Jørn Persson og Roy Inge Nupen er nøkkelpersonar i innføring og opplæring av Zoom.

På denne nettsida finn du råd og rettleiing om digitale læringsressursar.

Kanskje kan vi også tore oss til å ha eit personalmøte eller allmøte på Zoom? Eg tek gjerne i mot innspel om det.

Sjå også prorektor si videohelsing til studentane.

Vi må heile tida spørje oss sjølve om vi gjer det rette – og på rett tid. Kriseleiinga har kvar einaste dag stått overfor nye spørsmål eller nye vurderingar av spørsmål som vi diskuterte dagen før. Av og til har situasjonen endra seg frå dag til dag – til dels frå time til time. Og vi har så langt berre stramma inn på tiltaka våre, og det gjeld også i resten av samfunnet. Kva blir det neste? Portforbod?

Høgskuledirektøren og kriseleiinga har lagt stor vekt på å formidle informasjon til tilsette og studentar fortløpande, og mitt inntrykk og håp er at den praktiske og livsviktige informasjonen har vore tydeleg og lett å forholde seg til. Ver rask med å gi tilbakemelding om det er noko som ikkje er tydeleg eller som bør seiast!

Følg med på desse nettsidene:
Hovudside for råd og rettleiing om korona på Høgskulen i Volda.
Sjå også informasjon på våre engelske nettsider.

Vi har vedtatt lokal forskrift om endringar av undervisning og eksamen for at studentar skal få gjennomført utdanninga og få tildelt grader og vitnemål utan forseinking – eller med minst muleg forseinking. Førsteutkastet til forskrift vart laga måndag 16. mars, og same dagen la vi ut beskjed om at alle eksamenar skal bli digitale på nettsida vår. Eg håper forskrifta vil gi klare rammer for utdanningane i tida framover. Avdelingane og fagmiljøa har fått vide fullmakter til å gjennomføre undervisninga så godt som råd er. 

I dag veit ingen når den korona-fri kvardagen er tilbake. Vi må innstille oss på at vi vil få mange veker framover der vi må jobbe heimanfrå. Vi må gje undervisning, rettleiing og etter kvart eksamen på nett. Vi må sjonglere karantene og sjukdom, anten det no gjeld kollegaer eller familie og venner. Eller oss sjølve.

I den nye korona-kvardagen: Husk på kvarandre – ta vare på kvarandre – ring kvarandre. Og gjerne på Zoom.

Så kan vi saman gjere korona-kvardagen litt mindre grå.

Håpet er (lyse?)grønt: Dokfilm 2021!
Synnøve Olsen Tangen og Daniel Westre Hansen frå Dokfilm-styret, rekrutterte i slutten av februar frivillige til Dokfilm-festivalen 2020. Som måtte avlysast som alt anna. Men gensarane kan kanskje brukast neste år også?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *