Nasjonal PPU konferanse i Volda, 9.-10. mars 2020

I 1969 vedtok Stortinget å starte prøvedrift med distriktshøgskular, og Volda var med i første pulje. I 1994 vart den ærverdige lærarhøgskulen og den nye og radikale distriktshøgskulen slått saman til Høgskulen i Volda. I juni 2019 markerte vi både at det hadde gått 25 år sidan samanslåinga, og at det var 50 år sidan Stortinget vedtok å opprette DH-skule i Volda.

Men lærarskulen var langt i frå berre gamle tradisjonar. Tidleg på 1970-talet vart det starta barnehagelærarutdanning, og PPU kom i 1989. Siste tilskotet er at vi har fått akkreditert erfaringsbasert master i undervisning og læring slik at dei som har fireårig grunnskulelærarutdanning også kan få ein master, og kanskje vil vi om nokre år også ha ei topputdanning, ei doktorgradsutdanning som er retta inn mot skulefaga.

Så vi har halde på med lærarutdanning i 160 år – og har tenkt å halde fram minst like lenge!

Huset som vi no held til i ligg midt i mellom det ærverdige Henrik Kaarstad-huset og dei meir 70-tals industrielt prega husa til Distriktshøgskulen. Hovudbygningen heiter Berte Kanutte-huset og har namn etter Berte Kanutte Aarflot, ein pietistisk og folkekjær salmediktar som Bjørnstjerne Bjørnson omtalte slik:

Man tør om hende sige, at Faa her i Landet har i en vid Kreds bidraget saaledes til Religionens Væxt som hun.

(Bjørnstjerne Bjørnson om Berte Kanutte Aarflot)

Men dette huset heng også saman med eit anna hus: Synnøve Riste-huset. Synnøve Riste var den radikale fritenkaren som brann for landsmålet. Folk som henne har vi også alltid hatt ved Høgskulen i Volda.

Alle regionar treng høgare utdanning – både for at ungdom skal finne utdanning nær heimstaden, men også for at arbeidslivet i regionen skal kunne utvikle seg på ein god måte. Lærarutdanningar, ingeniørutdanningar, sjukepleie og økonomisk-administrative fag har vi då også i Møre og Romsdal. Men i Volda er vi spissa og profilerte inn mot lærarutdanningar, sosialfag og ikkje minst medie- og kulturfag. Ingeniør, sjukepleie og økonomisk-administrative fag finn studentar i Ålesund og Molde – og delvis Kristiansund.

Så høgskulen i Volda er spissa og profilert.

Utdanningsnivået i Møre og Romsdal aukar heile tida. Frå 1980 til i dag har høgare utdanning gått frå å vere noko for dei svært få – under 10 prosent av alle – til å bli svært vanleg – til over 30 prosent av alle – og naturlegvis ein endå høgare andel for dei yngre. Og her held Møre og Romsdal tritt med landsgjennomsnittet. Men når vi ser på lengre høgare utdanning – altså masternivå – så held vi ikkje tritt. Det er ein liten auke i Møre og Romsdal aukar, men blir hengande lenger og lenger etter landsgjennomsnittet. Kollega Kåre Heggen vil kome inn på dette i sitt innlegg seinare i konferansen.

Det er eit paradoks her: Møre og Romsdal er blant fylka der flest fullfører vidaregåande skule – men vi har vore på botn når det gjeld andel av lærarane som har godkjent utdanning. For alle oss som trur på kunnskap og på lærarens rolle ligg det her eit unytta potensiale i framtidas kunnskapssamfunn.

Høgskulen i Volda vil i strategidiskusjonane i 2020 vurdere korleis vi skal forholde oss til denne utviklinga. Skal vi flytte ressursar frå grunnutdanning til master- og doktorgrad? Eller får vi tilført meir ressursar utanfrå? Grunnskulelærarutanningane har som kjent alt blitt femårige, og vi søker om akkreditering av master i barnehagelærarutdanning og eg reknar med at master i sosialt arbeid (sosionom og barnevern) snart er på trappene. Masterutdanning retta mot praktisk estetiske fag er eit anna muleg tiltak som vi må vurdere, ikkje minst i lys av at i 2025 er det krav om masterutdanning for opptak på PPU også i praktiske estetiske fag.

Vi og våre masterstudentar har hatt problem med å fullføre masterutdanning på normert tid. Det handlar om mange ting – særleg at dei fleste studentane tek masterfag ved sidan av jobb. Men dei siste fem åra har fagmiljøa jobba hardt for å betre dette, og vi har no hatt fem år med samanhengande auke i talet på masterkandidatar. Men vi har framleis eit stykke å gå. Men over tid blir fleire og fleire masterstudentar heiltidsstudentar – og det er viktig også for PPU.

Vi ser som sagt spissa og profilert på våre fagområde, med lærarutdanningar som eit høgt profilert og prioritert.  Med masterutdanningar på alle fagområde er det mange som meiner at vi også bør ha ei eiga doktorgradsutdanning på toppen av det faglege byggverket – både for å kunne gje gode masterutdanningar, men også for å kunne sikre at vi er ein kunnskapsleiande aktør både regionalt og nasjonalt.  I alle desse faglege utviklingstiltaka er vi heilt avhengig av nasjonale og regionale samarbeid, anten det no gjeld utvikling og akkreditering, utveksling av fagfolk eller å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt i lag med kommunar, fylke og andre.

Strukturdebatten i vår sektor har det vorte sagt mykje om dei siste åra, og i resten av sektoren og antakelig også på politisk nivå har vi vorte oppfatta som ein motstandar av heile strukturreformen – ved at vi ikkje har slått oss saman med andre – eller blitt overteken av andre. Det er både rett og feil. Som rektor har eg gått til val to gonger på ei sjølvstendeline. Men i styret har vi naturlegvis følgt opp forventningane frå Kunnskapsdepartementet gjennom styringsdialog og på andre måtar. Vi har samarbeid med NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde om masterutdanning i helseleiing, og vi har ein ph.d. – ein fellesgrad i helse- og sosial i lag med Høgskolen i Molde. Og dessutan ei rekke andre samarbeid. 

Så vi er eineståande, og kjenner oss ikkje aleine.

Studiestaden i Volda er blant dei 15 største i landet, og blant dei fremste når det gjeld studenttrivsel, dette i følgje den nasjoanel SHOT-undersøkinga. Høgskuleområdet er attraktivt for svært mange private og offentlege aktørar. Blant anna har studentsamskipnaden bygt 200 nye studentbustader, i 5 minutts avstand frå høgskulen.

Byggeprosjekt på og ved høgskuleområdet pr mars 2020.

Så kvardagen er heller prega av veksesmerter og plassproblem enn bekymringar for at vi er så små at vi ikkje skal klare oss.

Sunnmøre er eit karrig landskap med høge fjell og djupe fjordar. Vi har vore minst like avhengig av havet og av handel som av det landjorda kan by oss for å overleve. Og slik er det i grunnen også internt på høgskulen: Vi må vere nøkterne og kreative og drive mangsysleri og samarbeide med andre for å nå våre mål. Og slik trur eg det blir også i framtida.

PPU-utdanning – båd i Volda og andre plassar – er eit glimrande døme på dette, på mangfald og fleksibilitet. I ei NOKUT-kartlegging av PPU-utdanningane i 2013 står følgjande:

«PPU studenter er en lite homogen gruppe. Nivået på deres fagutdanning varierer fra årsstudier til doktorgrad. Noen har omfattende lærererfaring før de tar utdanningen, andre har det ikke. Dette har stor betydning for hva som oppfattes som relevant og nyttig.»

Eg trur dette både er utfordringa og spenninga ved å arbeide på og med PPU.

Så eg håper og trur at studentar og yrkesaktive også i framtida vil kunne få tilbod om ei PPU-utdanning som kan kome på toppen av ei kanskje lystbasert framfor straumlineforma utdanningsportefølje.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar