Helsing til doktorand Anne Randi Fagerlid Festøy

Ein disputas er jo noko som som regel skjer berre ein gong i livet, og eg er sikker på at du kjem til å hugse tilbake på disputasen din som ein skikkeleg opptur!


På veg hit vart eg sitjande på flyet saman med ein student på høgskulen. Ho lurte litt på korleis ein sånn disputas fungerer. Tja …. Sa eg …. «Det er no litt bryllup då». Og då tenkte eg på at alle pynta seg og at det først var ein fin seremoni og at etterpå var det fin middag og masse gode ord.

Men ho studenten tenkte på noko heilt anna når eg sa bryllup. «Å ja bryllup ja! Så dokke akademikarar slår dokke laus og syng og dansar på bordet og fortel tvilsame vitsar?»

Eg måtte tenke meg litt om fann ut at det hadde eg ikkje opplevd på nokon disputas. Men eg har rett nok aldri vore på bryllup på Hamar. Så eg er vart jammen usikker på kor godt det stemte.

Men så snakka vi litt meir og tenkte at grunnen liknar kanskje ein disputas eigentleg liknar litt meir på ein konfirmasjon: Det er berre ein hovudperson som går gjennom ein seremoni og etterpå vert rekna som vaksen – som opptatt i forskarsamfunnet. Og etterpå skal konfirmanten og doktoranden kose seg og få gode ord. Men samanlikninga halta vel litt. Det er vel kanskje ikkje så vanleg på ein konfirmant har selskap av ektemann og barn.

Men i løpet av disputasen trur eg Anne Randi og opponentane gjorde det klart at eit doktorgradsprosjekt og ein disputas – det kanskje kan likne litt på spesialundervisning!

1) Spesialundervisning og disputasar har eit omfattande system for utgreiing og dokumentasjon. Eller som du sa på disputasen: Det er litt av eit styr og ei papirmølle får ein når fram til det saka gjeld: Den faktiske undervisninga i klasseromet. Det er er litt av eit styr og ei papirmølle både å få doktorgradsstipend, opptak, framdriftsrapportar, publisering – og å disputere.

2) Spesialundervisning og ein disputas er ofte ein-til-ein aktivitet.

3) Det krevst eit mangfald av kunnskapar frå opponentane og spesialpedagogane

4) Elev- og doktorandengasjement hjelper veldig for at ting skal fungere, for at det skal bli samskaping.

5) Og som i ein disputas er inkludering av foreldre og anna støtteapparat – eller bakkemannskap – noko som kan hjelpe veldig på. Kanskje er det avgjerande.

Og både ein disputas og spesialpedagogisk arbeid har nokre tunge rammer kring seg. For disputasen gjeld at den har fleire hundre år gamle tradisjonar for korleis ting skal gjerast. Andre tunge rammer er høgst dagsaktuelle og går til dømes inn i planane om å få bygge seg eit universitet.

På disputasen i dag tykkjer eg du svarte godt for deg. Du var ikkje redd for å innrømme at det var ting du ikkje hadde nemnt eller kanskje til og med gløymt. Samtidig som du heller ikkje var redd for å ta diskusjonane på det du meinte var viktig. Og då tenkte eg ikkje berre på det som vart sagt om sunnmøringar og pengar.

Det var ein interessant diskusjon om forskaren eigentleg ikkje var fornøgd med svara som kom. Og den held nok fram.

Men så høyrde eg eit bittelite sukk når de snakka om at det framleis var mykje data som kunne danne grunnlaget for nye arbeid. «Om du inte er trött på materialet» … som vi fekk høyre på tydeleg svensk!

Og det håper vi at du ikkje er! Trøtt på materialet! Det er ei gåve ha eit «otroligt datamaterial» som det til og med er «ordning och reda» på! Det er lovande!

Du sa også noko eg trur er veldig viktig i dine sluttord med oppmoding til framtidige doktorandar: Forsk på noko du brenn for! Så bra kan det seiast.

Eg skal avslutte med eit lite finurleg poeng på latinsk.

Det er jo slik at latin lenge var det dominerande lærdomsspråket, og faktisk var det eit viktig poeng for dei som arbeidde for norskdom og nynorsk at ein måtte avskaffe latin for folk flest og undervise på eit språk som folk forstod. Men LITT latin er fortsatt god latin. Og kanskje spesielt på ein doktordisputas. Og det eg vil seie handlar om kva du no har blitt, Anne Randi.

Dei stod jo på trappa, heile kommisjonen og koordinatoren og erklærte at disputasen var godkjent. Og då kan det hende at vi tenkte at no er du doktor, Anne Randi.

Men: Du får eigentleg deg TO doktortitlar: Du er no ei kort stund «Doktor designatus». På latin betyr det visstnok utpeikt, men ikkje formelt godkjent. Det er nemleg eit doktorgradsutval ved Høgskolen, snart universitetet, på Innlandet som skal godkjenne disputasen. Og når dei har gjort det har du vorte Ph.d., altså fått din doktorgrad. Det varierer utruleg mykje mellom universiteta kor fort det går å få ei slik godkjenning, men eg snakka med prodekan Susan som leia disputasen, og ho lova at på Innlandet er dei raske og effektive, så i løpet av nokre veker får du eit brev i posten som stadfesting på at du har vorte Ph.d.!

Så inntil vidare: Gratulerer med framifrå framført disputas, doktor designatus – snart Ph.d. Anne Randi!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar