EU har forstått det: Næringslivet treng (også) kreativitet

I framlegga til konkretisering skriv EU rett ut at dei ønsker å ta i bruk potensialet for innovasjon som ligg i kulturell og kreativ verksemd og forventar at dei skal kunne fungere som katalysatorar for innovasjon også på andre område, det vere seg andre næringsområde eller i samfunnet meir generelt. Her er ordlyden på engelsk:

  • Build evidence of the innovation capacity of cultural and creative industries and their role as innovation triggers in other economic sectors as well as other societal domains.

Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn er noko meir konkretisert i tre underpunkt som seier litt meir om kva som ligg attom desse orda:

  1. Demokrati og styring (Democracy and governance)
  2. Kultur, kulturarv og kreativitet (Culture, cultural heritage and creativity)
  3. Sosial og økonomisk endring (Social and Economic Transformations)

Dette er stikkord og omgrep som eg trur svært mange av våre fagfolk vil kjenne seg igjen i gjennom den daglege faglege aktiviteten, innhaldet i studia og tema for forskinga.

Hausten 2019 gjennomførte EU ei høyring der dei bad om innspel til korleis desse ideane skulle bli konkretisert. Desse er samla i ei ein eigen rapport som kan lastast ned her.

Nasjonalt har det vorte oppretta ei tverrdepartemental arbeidsgruppe som skal finne ut korleis Noreg skal forholde seg til temaet Kreativitet, kultur og inkluderande samfunn. Gruppa er leia av Kommunal og Moderniseringsdepartementet og både Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet og fire andre departement er også med i gruppa.

Sjølv om EU no ser ut til å inkludere og oppgradere kreative fag, kulturfag og samfunnsfag i sitt største forskingsprogram så er det nok litt forhasta å tru at det opnar seg ei Sareptas krukke av lett tilgjengelege midlar. Tvert i mot viser all erfaring at det er dyrt og tidkrevande å bygge nettverk og å kome i posisjon til å vere med i samarbeid som kan få gjennomslag i EU. Og pr i dag er det ukjent kor store beløp som vert sett av frå EU si side til desse delane av Horisont Europa. Det er stor intern konkurranse om midlane.

Men likefullt: Det er veldig oppmuntrande å sjå at EU ser ut til å ha sett kor viktig det er med velfungerande, inkluderande samfunn med rom for kultur og kreativitet – for å løyse dei globale samfunnsutfordringane og å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv. Vi får tru at det gjeld også i vår del av verda.

Framtidsferdigheiter i Tildelingsbrevet for Høgskulen i Volda for 2020:

Ha fagleg fokus på utvikling av ferdigheiter for framtida (Future Skills)

Mål: Høgskulen ønskjer i utviklingsavtalen å arbeide tverrfagleg med eit framtidsperspektiv på kunnskap for at utdanningane og forskinga vår skal vere best mogleg tilpassa dei behova samfunnet har i framtida.

Høgskulens visjon er «Kunnskap for framtida». Ulike fagmiljø har prøvd å definere teoretisk kva ferdigheiter som blir viktige i framtidssamfunnet. For Høgskulen er det sentralt å skape meining, utvikle sosial intelligens, omstillingsevne, tverrkulturell kompetanse, databasert tenking, kritisk forståing av nye media, tverrfaglegheit og evne til virtuelt samarbeid. HVO har satsa på kulturfaglege utdanningar, noko som gjev institusjonen ein spesiell posisjon til å utnytte dei særlege kvalitetane og den kompetansen som fagmiljøet har til ei tverrfagleg satsing på ferdigheiter for framtida. Fagmiljøet på kulturfag har alt starta ei tverrfagleg forskingsgruppe som har fått interne ressursar til eit internasjonalt forskingsprosjekt: «Future skills: The relevance of practical and aesthetic approaches».

Integrering av framtidsferdigheiter i undervisninga inneber vektlegging av kompleks problemløysing, kritisk tenking og kreativitet. Det er viktig for studentane at innovasjon, entreprenørskap og kompleks problemløysing vert vektlagt i alle fagmiljø.

Regionen høgskulen ligg i er kjend for gründerverksemd og omstillingsevne. Regionen er no inne i kraftige omstillingar der det etablerte arbeidslivet blir utfordra av nedgangstider i maritime næringar, digitalisering og kulturell endring. Regionen har i tillegg ei særskild utfordring med lågt utdanningsnivå samanlikna med snittet i Noreg.

Det er avgjerande for utviklinga i regionen at ein reduserer fråfall i skulen og klarer å motivere for vidare utdanning,  og ikkje minst at ein kan gje utdanningstilbod som appellerer til kvinner då regionen har eit kvinneunderskot. Kunnskapar henta frå framtidsferdigheiter kan gjere arbeidslivet i regionen meir mangfaldig og omstillingsdyktig, og HVO vil legge vekt på samarbeid med det regionale arbeidslivet.

Måleparametrar:

  1. Arbeide vidare med det teoretiske grunnlaget for ferdigheiter for framtida i fagmiljøa på HVO ved å drive tverrfagleg forsking og publisering, og utvikle nettverk og prosjekt nasjonalt og internasjonalt.
  2. La læringsutbyteformuleringar i utdanningane få tydelege framtidsperspektiv og tilby framtidsferdigheiter som emne i etablerte utdanningar.
  3. Styrke og vidareutvikle det faglege innhaldet i regionale og internasjonale innovasjonspartnarskap ved å gi framtidsferdigheiter ei tydeleg rolle.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.