EU har forstått det: Næringslivet treng (også) kreativitet

Skisse av forskingsprogrammet Horisont Europa (2021-2027): Sjå nøye på «Klynge 2».

Høgskulen i Volda har i sin utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet lagt inn eit spennande – og litt ope tema: Framtidsferdigheiter – på engelsk: Future skills.

Kva som ligg i omgrepet framtidsferdigheiter står det meir om i Kunnskapsdepartementets tildelingsbrev til Høgskulen i Volda for 2020 og teksten er også sitert nedst i dette blogginnlegget. Dette var resultatet av ein intern prosess i 2019. Det er målet at vi i åra 2020-2023 skal utvikle Framtidsferdigheiter gjennom: Teoretisk avklaring av omgrepet, integrering i dei etablerte studia våre, og å bygge regionale og internasjonale nettverk. Og vi vil ta tak i framtida på vår HVO-måte, ved å ta utgangspunkt i våre fagmiljø, gjennom tverrfagleg arbeid og å iverksette blant anna kultur- og mediefaga utover dei vanlege faglege rammene. Dette er slett ikkje enkelt.

No har kanskje EU – av alle – kome med eit bidrag og kanskje dermed hjelp? – til korleis framtidsferdigheiter skal forståast – og kvifor det er viktig.

I EU sitt forskingsprogram Horisont Europa (2021-2027) så ønskjer EU seg forskingsprosjekt innanfor tematikken: «Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn». Og kvifor det? Jo fordi EU tenkjer at prosjekt på dette området skal kunne bidra til å løyse dei globale samfunnsutfordringane og bidra til å skape eit konkurransedyktig næringsliv.

HVO: Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn

For meg er dette nesten nok til å gjere meg til EU-tilhengar: «Kultur, kreativitet og inkluderande samfunn» kan faktisk vore ei overskrift som beskriver kva Høgskulen i Volda ønskjer å stå for, som eit motto som kan binde saman det aller meste av den faglege aktiviteten vår: Kultur og mediefag fell jo fint inn i det som handlar om «Kultur og kreativtet», og er ikkje inkluderande samfunn på eit overordna plan eit sentralt mål for lærarutdanningane, for sosialfagutdanningane, for planlegging og leiing og også mediefaga?