Campusutviklingsplanen har kome (eller: var det Rekketunplanen?)

Mi eiga lesing av framlegget til campusutviklingsplan (Rekketunplan?) er at høgskulen har mest å hente på å å prioritere tiltak for studentane: Betre undervisningslokale, fleire grupperom og meir og betre fellesareal. Fellesareal som til dømes kantina og biblioteket i Berte Kanutte-huset. Men studentane kan også få det betre om andre delar av høgskuleområdet blir utvikla. Blant anna foreslår Statsbygg – etter innspel frå studentane – at delar av Idrettsbygget vert utvikla i retning av eit fellesareal for studentlag- og organisasjonar. Interessant!

Slik eg les resultata i Studiebarometeret og i SHOT-undersøkinga støttar dei opp under vurderinga av at vi bør prioritere arbeidsmiljøet for studentar: Studentane likar seg godt i Studiebygda Volda, men vi har nok litt å gå på når det gjeld undervisningsrom, grupperom og fellesareal.

Ei anna måling som har vorte gjort i samband med Rekketunplanen er at tilsette ikkje opplever å ha problem med å finne parkeringsplassar, medan studentane har store problem. Det er nok så enkelt som at vi har få og fått færre parkeringsplassar det siste året. Og at tilsette kjem på jobb før studentane. Statsbygg konstaterer at vi i periodar har nærare 85 prosent utnytting av parkeringsplassane, og det betyr i praksis at det er fullt.

No må det også seiast at vi alt har mykje viktig og bra på gang:

  • Våren 2020 vil det store auditoriet i Hans Strøm-huset bli bygd om til eit rom der undervisninga lett vil kunne veksle mellom plenum og gruppearbeid og som vil kunne brukast til gruppearbeid når det ikkje er fellesundervisning.
  • Det nye mediehuset skal stå ferdig om halvtanna år og då vil særleg mediestudentane få ein heilt annan undervisningskvardag. Og i alle fall om vi får politisk støtte til ei eingongsløyving til medieteknisk utstyr til det nye huset. Her set vi vår lit særleg til lokale og regionale politikarar.
  • Når Avdeling for mediefag flyttar ut av Hans Strøm-huset hausten 2021 vil heile huset bli oppgradert og bygd om – og det bør vere god tid til å planlegge å møte studentanes behov og planlegginga ut frå det i det nye huset.
  • Kunnskapsparken som vonleg kjem i 2022 vil også kunne bli ein spennande arena der studentar og ideane deira kan møte arbeidslivet på ein ny arena.

Biblioteket ved Høgskulen i Volda har dei siste åra vorte ein stadig viktigare og betre arbeidsstad for studentane, og Statsbygg noterer at dei har talt i gjennomsnitt 42 studentar sittande i kantina og arbeide fagleg etter stengetid – og det er mange samanlikna med dei fleste andre kantineområde som Statsbygg har studert. Statsbygg noterer også at særleg i starten av semestera køyrer vi på full kapasitet på alle undervisningsromma – i slutten av semestera er det full utnytting av grupperoma.

Arkitekt Aat Vos si ideskisse for bibliotek/kantine-området i framtida. Kanskje.

Som eit sideprosjekt har biblioteket i samarbeid med kantina, bokhandel, Studentparlamentet og andre interessentar drive ideutvikling for dette sentrale området av både Berte Kanutte-huset og høgskulen – og ei av skissene – ein av ideane – går ut på å slå ned veggane mellom bøker og brød – mellom kantina og biblioteket. Dette inngår i ein større ide om at det skal vere så kjekt og viktig å møtast og vere på høgskulen at ein oppnår effekten «sticky campus» – norske avløysarord blir tatt i mot med takk. Meirope bibliotek har kome for å bli og er eitt steg i same retninga.

Kva så med arbeidsplassar og fellesareal for tilsette. Her er eg litt meir avventande til kva Campusutviklingsplanen har å by på. Statsbygg og konsulentane seier at på overordna nivå så har vi eigentleg bra med plass til dei tilsette. Dette er eit resonnement som spring ut av dei mykje omtalte arealnormene i sektoren og som Statsbygg følgjer. Faktisk antydar Statsbygg at vi kunne sanere paviljongane og flytte alle som har sine arbeidsplassar der inn i dei andre hovudbygningane. Eg er ikkje sikker på om det stemmer er eller ønskeleg, men det reknar eg med mange har meiningar om.

Sjølv meiner eg at høgskulen i framtida bør tenkje utvikling på aksen Berte Kanutte-huset og mot Kaarstad, framfor utbyggingar på området der paviljongane står. Sunnmørsk haust- og vinterver gjer det ikkje alltid fristande å springe mellom husa. Noko anna er at både dei økonomiske utsiktene framover og signala frå Kunnskapsdepartementet heilt klart går ut på at vi heller må tenkje å utnytte husa vi har meir og betre framfor å bygge nytt.

Etter at planen frå Statsbygg vart formidla internt kom det raskt ønske om å prøve å samkøyre campusutviklingsplanen (Rekketunplanen) med strategiprosessen som høgskulen skal gjennomføre i 2020. Så høyringsfristen for planen blir nok forlenga frå den først oppgitte datoen 6. mars – truleg med fleire veker. Så det blir vonleg god tid til å diskutere: Rekketun!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar