Høgskulen i Volda: Kva skjedde i 2019. Og kva vil skje i 2020?

Julekortet lever framleis! Men dei fleste julekorta som kom til oss i 2019 fekk vi på e-post. Her er nokre av dei: Øverst frå venstre: Norsk Studentorganisajon, stortingsrepresentant Marianne Synnes, UiB, Kunnskapsminister Iselin Nybø, Universitetet i Tromsø, Høgskulen i Volda, Høgskulen på Vestlandet, Eid kommune og NTNU.

Nettavisa Khronos jule- og nyttårshelsingar frå rektorane på høgskular og universitet har vorte ein tradisjon. Her er helsingane for 2019.

Mitt bidrag var slik:

Takk til studentar, tilsette og partnarar i UH-sektoren og regionen for samarbeid, samtalar og samkomer i 2019. For høgskulen vart 2019 eit startår med mykje spennande og viktig. I 2020 bør vi spørje oss sjølve: Kva er «Kunnskap for framtida» – i 2030? For oss? Stikkord: Ny strategiplan.

Ramma frå Khrono var at helsinga kunne ha inntil 280 teikn og det er jo litt knapt. Så eg vil gjerne nytte bloggen for å seie litt meir om kva har skjedd i 2019 – og kva som skal skje i 2020 – som vi veit om i dag. Som dei siste åra har vist oss er det jo ikkje alt som er råd å vite på førehand.

Kva har skjedd på Høgskulen i Volda i 2019?

Årsmeldinga for 2019 blir vedtatt i høgskulestyret i mars og er den offisielle forteljinga om kva som har skjedd ved høgskulen. Årsmeldinga blir først og fremst skriven for Kunnskapsdepartementet, og innhaldet i den blir viktig i det som vert kalla «Etatstyringsmøtet» som vi skal ha i 2020. I år skal møtet haldast ved Høgskulen i Volda.

Årsrapporten og tildelingsbrevet finn du i lag med dei andre styringsdokumenta på våre nettsider.

Men i mine nyhendebrev for 2019 har ca 500 store og små hendingar på høgskulen vorte omtala, og eg har kikka litt tilbake på nyhendebreva i 2019 og plukka ut nokre notisar frå kvar månad i 2019.

Alle nyhendebreva er å finne på nettsidene våre.

Januar 2019

  • Studiebarometeret: Høgskulen har klar framgang frå det begredelege resultatet i 2018, men framleis er resultatet for dårleg.
  • 25 tilsette som hadde fått faglege opprykk i løpet av dei siste tre åra vart feira med middag på Rekkedal gjestehus
  • Høgskulen tek initiativ til Forum for utvikling av det utvida høgskuleområdet der høgskulen og naboinstitusjonane og kommunane møter kvarandre for å informere om planar og å samarbeide for å utvikle kvarandre.
  • Det er no 32 forskargrupper ved Høgskulen i Volda

Februar

  • Voldastudetane er framleis best i landet på gjennomføring av bachelor-utdanning på normert studietid (3 år).
  • Internasjonal dag vert arrangert 6. februar – med bidrag blant andre frå Gry Beate Molvær og Kristoffer Hivju.

Mars

  • Bachelor i historie vert høgskulens første studium 100% på nett.
  • Tre dekanar vert tilsette av Høgskulestyret i fire års åremål og tek til i stillingane 1. august: Randi Bergem (ASH), Unni Hagen (AKF) og Arne Myklebust held fram som dekan på AHL.

April

  • Statsråd Iselin Nybø besøker Høgskulen i Volda for å diskutere internasjonal studentmobilitet – der Høgskulen i Volda er langt framme
  • Tal frå Samordna opptak syner at søkjartala til Høgskulen i Volda aukar meir enn landsgjennomsnittet og at høgskulen har hatt auke i søkjartala tre år på rad.
  • Høgskulen har dårlege tal for publisering i 2018 – og 25 prosent av eksamensresultata vart forsinka.

Mai

  • Kunnskapsdepartementet løyver 3 millionar kroner til ombygging av Strøm-auditoriet (prosjekt «Vekselstrøm»)
  • Symjehallen blir stengt på dagen på grunn av åtvaringar i ein konsulentrapport om at liv og helse kan stå på spel om hallen held fram med å bli brukt. Høgskulen leiger seg seinare inn i Sunnmørsbadet i Fosnavåg for å gje tilbod om symjeopplæring til lærarstudentar og studentar på idrett/friluftsliv.

Juni

  • På sommaravslutninga blir det marker at det er 50 år sidan Stortinget vedtok å opprette DH-skular, blant anna i Volda. Det er i år også 25 år sidan Høgskulen i Volda vart etablert gjennom samanslåing av Volda lærarhøgskule og DH-skulen i Volda. Tidlegare Gudmund Hernes heldt helsinga for dagen.

August

  • Studiestart med 100 % oppmøte for GlU-studentane og opningstale ved kunnskapsminister Iselin Nybø
  • Nytt høgskulestyre tek til frå 1. august
  • Ny fireårig rektoratperiode tek til 1. august der Johann Roppen held fram som rektor og Odd Helge Mjellem Tonheim er ny prorektor.
  • Volda får landets første studenthumanist i Lone Ellingvåg Knudsen
  • Odd Ragnar Hunnes vert mellombels tilsett som dekan på Avdeling for mediefag
  • Høgskulen får studentombod i lag med Høgskulen på Vestlandet

September

  • FoU-prisen til professor Jan Inge Sørbø vert overrekt i samband med opning av Forskingsdagane 2019

Oktober

  • Psykisk helse-månad og førstehjelp i eksamenstida i regi av SiVolda
  • Høgskulen teiknar samarbeidsavtale med Nye Ålesund kommune

November

  • Det er rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda: Høgskulen har heile 4.500 registrerte studentar.
  • Det er også rekordmange tilsette ved høgskulen, i alt 350 årsverk. No er det kvinnefleirtal også blant førsteamanuensane.
  • Første spadetak på det nye mediehuset vert teke. Statsråd Iselin Nybø hadde med seg melding om godkjenninga under semesteropninga, og i statsbudsjettet for 2020 vart prosjektet sett opp med ei ramme på 212 millionar kroner.
  • Statsbygg har kjøpt tomta som Strøm-huset står på og som delvis også omfatta arealet der det nye mediehuset kjem. Prisen var 15,5 millionar kroner.
  • Lågast strykprosent i landet på bachelorstudentane ved Høgskulen i Volda

Desember:

  • Voldastudentar er internasjonale med praksis eller studieopphald i Silicon Valley (California), Portugal, Tanzania, India – og mange andre stader.

Kva kan vi seie om 2019, sånn overordna sett? Vi står midt oppe i store utbyggingar av høgskuleområdet, og det skal vi også gjere dei komande åra. Særleg Avdeling for mediefag men også Avdeling for samfunnsfag og historie og dei som sit i Lettbygget får bygginga nært inn på livet – og når Strøm-huset skal renoverast i 2021-2022 så vil det også merkast. Vonleg vil det daglege arbeidet med forsking og utdanning ikkje lide for mykje under desse forbigåande byggeria. Vi må håpe og tru at når dei er ferdige så skal vi ha ein endå betre høgskule – i mange år framover. Signala frå regjeringa tyder ikkje på at vi kan rekne med særleg satsingar og investeringar i dei neste åra. Det virkar som at det er ei nokså samstemmig oppfatning av Noreg må belage seg på nedskjeringar enn vekst i åra som kjem – også i vår sektor.

Kva skal skje i 2020?

Ein del datofesta hendingar blir nemnde i nyhendebrevet og mange av dei er også å finne i kalenderen på nettsidene våre. Her skal eg berre nemne nokre av dei – helst dei som kanskje veit mest om:

  • Resultata for Studiebarometeret for 2019 vert offentleggjort i slutten av januar 2020. Vi veit at vi har hatt like høg svarprosent som for dei siste fem åra, så også i 2020 blir Studiebarometeret eit viktig verktøy i kvalitetsutviklilnga.
  • Arbeidet med bygging av mediehuset går sin gang og det skal stå ferdig 2022. Men i 2021 vil vi arbeide hardt for å få gjennomslag i regjering og Storting for ei eingongsløyving til inventar og medieteknisk utstyr til huset.
  • Våren 2020 skal Strøm-auditoriet byggast om – prosjekt «Vekselstrøm» vil gi oss eit løft!
  • Betalingsparkering planlegg vi å starte med i løpet av 2020
  • Dei nye studentheimane på Heltne (Heltne II) skal stå ferdig i løpet av året.
  • På slutten av 2020 vil venteleg idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena også stå ferdig.
  • Statsbygg vil levere Campusutviklingsplan 2.0 til høgskulen.
  • NOKUT skal evaluere høgskulens kvalitetssystem.
  • Vi står midt oppe i innføring av pedagogisk basiskompetanse for fagleg tilsette – korleis blir det i praksis?

Og det er heilt sikkert også andre hendingar som kunne vore nemnde. Men det er eitt komande arbeid som det kan vere særleg grunn til å løfte fram i 2020:

Våren 2019: Start på arbeid med ny strategiplan

Høgskulens gjeldande strategiplan for 2017-2020 er å finne på nettsida i lag med andre styringsdokument, men har også sine eigne teigar på nettsidene.

Det nye høgskulestyret skal ha styreseminar om arbeidet den 24. april. Høgskuleleiinga (rektoratet og dekanane) vil også ha eit eige strategiseminar i januar.

Nokre opplagte tema for arbeidet er naturlegvis å vurdere i kva grad vi har oppnådd våre mål i gjeldande strategiplan – og kva måte vi skal legge opp arbeidet med ny plan.

Kva tema vil vere aktuelle i strategiplanen? Eg skal vere varsam med å seie korleis strategiplanen blir sjåande ut til slutt, men eg blir overraska om ikkje desse spørsmåla kjem opp på ein eller annan måte:

  • Strukturspørsmålet: Skal vi halde fram som sjølvstendig høgskule?
  • Doktorgradsutdanning: Bør vi etablere ei ny, sjølvstendig doktorgrad
  • Studentrekord: Har vi teke opp for mange studentar? Må vi tenkje på nye måtar å vekse på rett måte på?
  • Eksterne inntekter: Vi har låge inntekter frå oppdrag og bidrag (BOA) samanlikna med dei fleste andre institusjonar. Kva gjer vi med det?

Nok og for mange planar?

Det kan vere greitt å minne oss sjølve om at vi har styringsdokument på svært mange nivå og med litt ulike omsyn og rammer:

  • Nasjonale føringar for UH-sektoren (sektormål og styringsparameter)
  • Det årlege tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet
  • Den fireårige utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet for 2019-2022 – som er ein del av tildelingsbrevet.
  • Høgskulens eigen fireårige strategiplan – som til vanleg vert revidert fleire gonger i fireårsperioden.
  • Avdelingane har også sine handlingsplanar som er kopla til strategiplanen.
  • «Mål og planar» på overordna nivå, der blant anna årsrapport inngår som ein del av rapporteringa.
  • Prioriteringar i dei årlege budsjetta til høgskulen.
  • Prioriteringar i kvardagen på fellesnivå og i avdelingar. Eitt døme på dette er bruk av avsetningane som har vore på eit for høgt nivå i høve forventningane frå Kunnskapsdepartementet.
  • Handlingsplanar for særlege område: Til dømes internasjonalisering, likestilling, inkluderande læringsmiljø, likestilling og mangfald, campusutviklingsplan, kvalitet i utdanningene

Så ein kan vel seie at det ikkje er mangel på planar – og i og for seg har kvar av desse planane gode intensjonar og er i stor grad konkretiseringar av meir overordna føringar og planar. Men ein må likevel heile tida spørje seg om det er for mange planar slik at oversikta kan kome i fare. Kanskje kan det også vere ein del av vårt strategiarbeid?

Det er kanskje slike tema som også vil bli diskutert når Kunnskapsministeren legg fram si melding til Stortinget om heile UH-sektoren – kanskje i 2020.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar