Campusutviklingsplanen har kome (eller: var det Rekketunplanen?)

10. februar 2020 fekk høgskulen tilsendt Statsbygg sitt framlegg til Campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda. Arbeidet har halde på ca i eitt år og planen skal no på høyring internt og eksternt på Høgskulen i Volda. Eg håper at mange studentar og tilsette og andre finn noko interessant i planen – gjerne noko dei er usamde i – og aller helst at det kjem framlegg til korleis ein kan gjere planen betre, meir spennande eller viktig.

Her er planen med vedlegg.

I planen vert heile høgskuleområdet presentert og diskutert, og for meg var det eit nyttig, gammalt nyord å hente: Høgskuleområdet i Volda er som vi veit langstrekt, men samanhengande. Statsbygg seier det kan minne om eit «rekketun». Eit rekketun med spektakulært utsyn mot fjord og fjell.

Vi har jo frå før Nedretun, men no altså: Rekketun? Det er i alle fall eit mykje meir spennande ord enn campusutviklingsplan. Kanskje planen kan kallast «Utvikling av det akademiske rekketunet» i staden for «Campusutviklingsplan» 

Statsbyggs «masterplan» for Rekketunet – høgskuleområdet i Volda.

I lokalhistoriewiki.no står det at i eit rekketun var husa på ein eller fleire gardar plasserte i rekke etter kvarandre. Og på husmannsplassar var det gjerne berre ei rekke – på større gardar fleire rekker. Så dette er jo ein heldig parallell for ein høgskule som i si tid hadde sitt eige småbruk og som bokstavleg tala har vokse ut av den skrinne vestlandsjorda her i Volda. No er vi som ein liten høgskule i lag med store universitet litt som ein husmannsplass å rekne. Men som vi veit har sunnmøringar og andre vestlendingar klart seg med lite og overlevd gjennom mangsysleri, kreativitet, hardt arbeid og inkluderande samfunn.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar