Då lærarskulen hadde eige småbruk

Johann Folkestad kan meir enn IT – han er også ein kunnskapsrik lokalhistorikar – og lærarhøgskulen i Volda har han mange bilde av på kontorveggen sin.

Volda-lærarskule-småbruk
Volda lærarskule. Postkort.

Eitt av bilda til Johann Folkestad er ein reproduksjon av eit postkort (Einerett Fr. Svendsens Bokhandel) og syner det som ein gong var. Kaarstad-huset stod ferdig i 1922 og stig fram i bakgrunnen. I forgrunnen ser ein ei demning og ein dam – Håmyrelva har sidan vorte lagt i rør. Elva renn under dagens grusbaner.

Mellom dammen og Kaarstad-huset ser ein ei hes med turrgras. Og nyslåtte markar og eitt av fleire hus som utgjorde småbruket til lærarskulen. I dag er det husa til Avdeling for kulturfag som står der småbruket ein gong låg.

Når eg ser dette bildet får eg assosiasjonar til universitet som også andre stader i verda nærast veks ut av jorda. Sjå til dømes det fantastiske Kings College i Cambridge:

Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons
Kings College, Cambridge. Foto: Wikimedia Commons

Eivind Indresøvde har skrive om småbruket ved lærarskulen i jubileumsboka frå 1995 som Peder Bergem redigerte. Indresøvde skriv at rektor Kaarstad kjøpte småbruket i 1916 og lærarskulen dreiv det i ca 40 år. – Lærarskulen i Volda var den einaste med eige småbruk, skriv Indresøvde. Elevane ved skulen arbeidde på småbruket som ein naturleg del av tida ved skulen – og dei fleste av dei kom då også frå gard. Vestlandslærarane var ikkje redde for å få skit på fingrane sjølv om dei var i ferd med å ta høgare utdanning.

På småbruket vart det dyrka poteter, rotvekster og andre grønsaker. Der var 3-4 mjølkekyr, ungdyr og ein hest. Etterkvart vart det meir av hagebruk. Hagebruket og etterkvart lærarskulehagen vart også element i undervisninga ved skulen.

Elevane fekk varm mat på skulen – dei var på det meste oppe i over 400 lærarskuleelevar! Småbruket var ein viktig del av drifta av skulen. 10-12 grisar vart fødde fram på høgskulen og levde stort sett på matavfall frå skulekjøkenet. Så lenge lærarskulen stort sett hadde utedo vart også denne ressursen utnytta på småbruket. Så lærarskulen hadde eit samanhengande system med sjølvberging, kjeldesortering og ressurstnytting.

Jubileumsboka frå 1995 er tilgjengeleg også på internett gjennom Nasjonalbiblioteket.

Les meir om skulestaden Volda på lokalhistoriewiki. Der er også eit anna bilde frå «ei tid var» ….

Kaarstad-huset-lokalhistorie-wiki-1950
Kaarstad-huset (ca 1950. (Lokalhistorie-wiki)

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Då lærarskulen hadde eige småbruk»

Legg igjen en kommentar