Året vi la koronaen bak oss? Sommarhelsing juni 2022

Kaarstad-huset, Kaarstad-parken og Kaarstad sjølv.

Kjære kolleger!

God sommar til dykk alle! Snart.
Studieåret 2021-2022 er omme. Snart.

Eg trur det er mange som kjenner på at det no skal bli godt å kunne få ta ferie. Det er vel fortent, og eg håper vi alle klarer å tenke på heilt andre ting og ta vare på seg sjølv og sine næraste i dei komande sommarvekene. 

Dette var studieåret då vi såg slutten på pandemien. Kanskje?

Studieåret starta med vaksinering, gruppetesting og drop-in testing og undervisning med koronavstand.

Men så vart det raskt betre. Vi kunne droppa korona-meteren.

Men så nærma vi oss eksamenstida – og så var koronaen der igjen. Vi måtte gjere ei hasteomlegging av eksamenane. Det vart  litt av ei jul. Og på juleavslutningane for eit halvt år sidan kunne vi vere maks 20 personar. Men vi rakk akkurat å gjennomføre julebordet før det vart nedstenging.

I januar var vi på heimekontor igjen, og igjen måtte timeplanane endrast midt i semesteret. 

Stipendiatar forlenga stipendperiode på grunn av korona.

Internasjonal dag vart digital. Det er ikkje heilt det same, men det vart gjort ein god jobb av dei som arrangerte!

Orientering til høgskulestyret 16. juni 2022

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Etatstyringsmøtet.
  • Korona og forskrift
  • Strøm-prosjektet, flytting og arbeidsmiljø
  • Lærarutdanning – regionale samarbeid – Aasenkvartalet
  • Forskingsrådet
  • Ukraina

Vald eller tilsett rektor: Korleis skal HVO styrast i framtida?

Ein vald og ein tilsett rektor påp allmøte 4. april 2022.: Johann Roppen, HVO og Gunnar Yttri, HVL. Foto: Karl August Swanstrøm.


Neste møte i Høgskulestyret i Volda går 16. juni 2022. På dagsorden står blant anna ei sak som handlar om framtidig leiingsmodell ved Høgskulen. Det er to klare alternativ til vedtak: Rektor valt av studentar og tilsette – som i dag. Eller at rektor skal tilsettast av styret. Direktør har lagt fram ei balansert innstilling der dei to alternativa vert sett opp mot kvarandre, men direktøren har avstått frå å tilrå det eine eller andre alternativet.

I førre styremøte hadde vi også opp denne saka, og eg oppmoda der styremedlemmene om å vere nyfikne på kvarandre sine argument. Det vart etter mi vurdering ei grei og opa drøfting, og eg er sikker på at styret også i komande møte vil få ein god diskusjon av saka.

Helsing til det første kullet på den (nesten) siste skuledagen

Tilsette og nyutdanna studentar på det første masterkullet i grunnskolelærerutdanninga framfor den jubilerande 100-åringen Henrik Kaarstad-huset. Foto: Karl August Swanstrøm.


Rektorhelsing til dei nye grunnskulelærarane i høve markeringa 25. mai 2022. Les meir om markering på nettsidene våre.

Kjære studentar! Nei. Kjære lærarar!

De er no inne i dei aller siste dagane eller vekene på Høgskulen i Volda studieåret 2021-2022.

Men for Høgskulen i Volda er dykk det første kullet med lærarmaster, MAGLU, Grunnskulelærar for 1.-7. trinn, Grunnskulelærar for 5.-10. trinn eller erfaringsbasert master i undervisning og læring.

Gratulerer så mykje til dykk alle som er her i dag – de er blant dei aller første som får master-vitnemål som prov på at de har kvalifisert dykk til å bli lærarar. De skal faktisk forvalta framtida til dette landet, kunnskapen, barna, skulen som institusjon. Det er ei utrulig stor og viktig oppgåve. Eg er sikker på at med ein mastergrad i ryggen og ryggmargen så vil de gjere ein framifrå jobb.

Første førstelektorsamling

Sofaprat på seminar om førstelektorkvalifisering. Frå venstre: Andre Folkestad (AMF), Eirik Søvik (AHL), Silje Dahl (ASH), Birgitte Fondevik (AHL) og prorektor Odd Helge Tonheim.

Høgskulen i Volda treng fleire førstelektorar – og dosentar. Og det er difor gledeleg at ca. 25 høgskulelektorar møtte opp på den første førstelektorsamlinga på høgskulen 1. juni 2022. Det lovar godt for ønsket om å kvalifisere seg og er bra for den einskilde – og for Høgskulen i Volda.

I følgje DBH vart den første førstelektoren i landet tilsett i 1993. Det var truleg ein tilsett i 80 prosent stilling, og det var ved Universitetet i Bergen vi finn dette talet i statistikken. Sidan har talet auka mykje. I dag er det ca. 1.200 førstelektorar og dosentar på norske høgskular og universitet og dei utgjer dermed eit stort innslag i sektoren.

Om universiteta var tidleg ute med å tilsette førstelektorar, så er mitt inntrykk i dag at universiteta har eit meir halvhjerta eller haltande forhold til førstelektor og dosentar som stillingskategori. I kvardagsspråket vert ofte førsteamanuensis-dosent-løypa kalla den «andre løypa», altså i motsetnad til løypa med doktorgrad-førsteamanuensis-professor.

Fadderveka 2022: Kick-off i mai!

Fire av fadderane på Høgskulen i Volda hausten 2022: Frå venstre: Aribah (Barnevern), Julie (Barnevern), Malin (Sosionom), Amalie (Barnevern).

For første gong har det vorte arrangert samling for fadderane på vårparten. På to samlingar på Rokken fekk fadderane informasjon og råd om fadderrolla og diskuterte kva utfordringar ein kunne møte og korleis ein kan handtere dei eller få hjelp.

På programmet stod informasjon frå Faddervekestyret, frå Velferdsgruppa ved høgskulen, Studentparlamentet, www.sikresiden.no og frå Politiet.

Og etter det faglege fekk fadderane middag og ein minikonsert med Egil Olsen.

Nokre av arrangørane av Fadderveke-avspark (kick-off). Frå venstre Sarita Olivia Maureria (Faddervekestyret), Lone E. Knudsen (studenthumanist), Marit Aklestad og Trond Fredrik Hagemann Hoddevik (Studentparlamentet)

Helsing frå rektoratet:

Her er rektoratet si helsing til dei nye fadderane studieåret 2022-2023:


Kjære fadrar!

Først av alt: Husk på korleis det var då du sjølv var fadder. Prøv å bli ein slik fadder som du sjølv ønska deg. Det er ikkje så viktig å vere tøff og kul som å vere trygg og påliteleg.

Tilstandsrapporten 2022: Kva seier den om Volda? Oppdatering 27.5.


Det er ei årleg høgtid for dei som likar tal, mange tal, tabellar og figurar og litt analysar av høgskular og universitet. Det er altså den årlege Tilstandsrapporten for høgare utdanning det er snakk om – den kom 10. mai 2022. Og som alle andre lurer vi også på: Kva seier den om oss? Er vi gøymt eller gløymt? Går det opp eller ned?

Lenke til tilstandsrapporten 2022.
Digitalt vedlegg med detaljert informasjon og resultat.

Så: I kva samanhengar er Høgskulen i Volda omtala i rapporten? (Sjå også forkortingane hivo og hvo).

Oppdatering 27. mai:

Tilstandsrapporten inneheld hundrevis av tabellar, og ein av dei fortel om aldersfordelinga på professorar. Her viser tilstandsrapporten at professorane ved Høgskulen i Volda har vorte yngre dei tre siste åra. I 2018 var 2/3 av professorane ved Høgskulen i Volda i aldersgruppa 60-69 år, men i 2021 utgjer denne aldersgruppa under halvparten av professorane ved Høgskulen.

Går vi nærare inn på tala finn vi at Høgskulen i Volda dei siste åra har vorte forynga:

Orientering til høgskulestyret, styremøte 5.5.2022

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Ukraina og studietilbod
  • Samordna opptak 2022
  • Studietur til Bergen
  • Student- og festivallivet vaknar opp att
  • 50-års markeringar

Ukraina og studietilbod

Som nemnt i førre orientering til høgskulestyret så har vi tre partnaruniversitet i Russland. Vi har gitt beskjed til dei tre om at partnarskapet er lagt på is inntil vidare, dette i tråd med regjeringas tilråding.

Krigen i Ukraina held fram og Volda/Ørsta har førebels ikkje fått mange flyktningar og høgskulen har ikkje merka krigen i særleg grad. Men det er engasjement for Ukraina hos studentar og tilsette og vi har begynt å få spørsmål frå internasjonale studentar som kan tenke seg å kome til Volda.

ESSSAT: 19th European Conference: Global sustainability. Science and Religion in dialogue


Konferansen «Global sustainability. Science and religion in dialogue» vart arrangert 4.-8. mai 2022 i Ålesund i regi av ESSSAT: European Society for the Study of Science and Theology og i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU i Ålesund. Sparebanken Møre og Forskingsrådet støtta konferansen.

Nettsidene til ESSSAT
Nettsidene til konferansen på https://www.hivolda.no/ecstxix

Johann Roppen: Helsing til deltakarane ved opninga av konferansen, mottaking 5. mai 2022.

Johann Roppen: Tale ved avslutninga av konferansen, konferansemiddag 8. mai 2022.

Sjå også:

Også et ansvar blant religiøse ledere (leiarartikkel i Sunnmørsposten, 9.5.2022)
Berekraft som den nye religionen (kronikk i Sunnmørsposten, 3.5.2022)

Mediefag i 50 år: Festtale og attersyn

Frå jubileumsseminaret med temaet Ytringsfridom

Avdeling for mediefag markerte sitt 50-års jubileum 22.-23. april 2022. Nedanfor kan du lese førsteamanuensis Endre Eidsaa Larsen sin festtale som han framførte på jubileumsmiddagen.

Kjetil Tandstad var student på det aller første kullet som tok til på medieutdanninga i 1971, og hans attersyn kan du lese her.

Festtale: Medieutdanninga i Volda: 50 år gammel! Et halvt liv!

Av førsteamanuensis Endre Eidsaa Larsen

Og så mange liv! – så mange mennesker – som har gitt så mye for at denne utdanninga har vært det den har vært, er det den er, og skal bli det den skal bli.

Det er mange liv, det!

Det er mye liv som har skapt denne utdanninga

Er det noe som kjennetegner denne utdanninga er det liv.

Levende bilder, livsviktige reportasjer og livlige stemmer, ja, men også levende mennesker som vil noe.

En institusjon er i stor grad menneskene som jobber i den, og sannelig om ikke det er sant for avdeling for mediefag.

Historiebøkene og erfaringene våre sier oss at her har det vært mye menneskelighet og liv og vilje opp gjennom.

Som Bjarte Alme skriver i Mot alle vindar: mediefag i Volda 1971-1996: mye av det som skjedde var på tross av – og ikke på grunn av – rammevilkåra.

Man har villet mye, og viljen er fortsatt der – og vi vil ofte mer enn det vi kan få til!

Sånn må det være. Som endeadline.

En deadline setter en grense vi må jobbe innafor, og som ikke lar oss gjøre alt vi har lyst til – slik at vi får gjort noe.

Men viljen driver oss.

Vilje er etymologisk beslekta med valg – et viktig demokratisk prinsipp. Vilje går dessuten via franskegalopp, som egentlig betyr «løpe eller hoppe vel»

Avdeling for mediefag er en 50-åring som ikke står stille, men som hopper vel. Som galopperer.

Vi hopper ikke over deadlines, vi respekterer deadlinene (stort sett), men planlegger uten tanke på dem. For vi vil mer enn hva de rommer.

Denne viljen gjør at vi – eller noen – sikkert vil feire en 100-åring om 50 år.