Første førstelektorsamling

Eg har i mange år høyrt kviskring i krokane om at stillingstypane er på veg ut, og vi har sett fleire utgreiingar som har foreslått at ein slår saman dei to løypene.

Sjølv både trur og håpar eg at førstelektor-dosentløypa ikkje blir borte. Den viktigaste grunngjevinga er at førstelektor-dosentløypa er ein karriereveg som opnar for at meir praksisnær kompetanse kan bli anerkjent. Vi har også sett framlegg om at doktorgrad skal vere krav for tilsetting på høgskular og universitet. Det er også eit framlegg som gjer at akademia risikerer å fjerne seg frå praksisfeltet. Som vi skreiv i eit høyringssvar om stillingsstruktur: Det er svært få som har kombinasjonen av erfaring frå praksisfeltet og også har ph.d. Sett på spissen kunne Høgskulen i Volda stenge store delar av butikken om dette kravet skulle kome.

Høgskulen i Volda fekk sine tre første førstelektorar på AHL i 1998, og sidan har det vorte stadig fleire.

Status i dag er at Høgskulen i Volda har i dag 32 årsverk i dosent og førstelektor-stillingar. I 2021 var det 15 tilsette som fekk faglege opprykk, og av dei var det 7 som vart førstelektor eller dosent, og 8 som vart førsteamanuensis eller professor. Dette går fram av høgskulens forskingsmelding for 2021.

På mange andre institusjonar har vi sett at dei har gjort strategiske val som ofte handlar om å bygge opp doktorgrader for å bli universitet eller forsvare ein universitetsstatus. Då har det vore vanskeleg å prioritere førstelektor- og dosentløypa, dessverre.

Høgskulen i Volda treng og ønskar fleire førstelektorar og dosentar. Og i tildeling av interne forskingsmidlar skil vi ikkje mellom dei to karrierevegane. Dei som søker på stipend for professor eller dosent skal få same vilkåra, og vi har heldigvis tilsette som har fullført begge løypene. I tildeling av FoU-stipend så er det kvalitet på søknad og prosjekt som skal telle – ikkje om ein går i retning av førstelektor-dosent eller doktorgrad-professor.

Men vi må også erkjenne at dei som vel å gå i retning av doktorgrad har ei mykje tydelegare merka løype og også fleire alternativ: Stipendiatstilling, over tre eller fire år. Høgskulen har i tillegg ei intern 50/50 ordning der tilsette får ekstra ressursar til å arbeide med doktorgradsprosjekt innanfor si eiga stilling. Og vi har rettleiarar, driftsmidlar og forskarskular.

Førstelektorløypene er ikkje så tydeleg merka – ein må i større grad finne vegen sjølv. Men då er det veldig lurt å lytte til dei som har gått vegen før, og det er eit viktig føremål med desse samlingane framover.

Alle avdelingar var representerte på samlinga.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar