Orientering til høgskulestyret, 15. september 2022

Det klart mest negative resultatet er søkinga på lærarutdanningane der det er nedgang eller svake søkartal over heile linja: Barnehagelærar, grunnskulelærar og PPU. Dette er ein nasjonal trend, men alvorleg for Høgskulen i Volda. På sosialarbeidarutdanningane har vi sterk søking også i år, på mediefaga er det også god søking omlag på same nivå som dei siste åra, medan det er ein liten nedgang på kulturfaga.

Ein anna positiv trend for 2022 er at fleire som får tilbod om studieplass faktisk takkar ja samanlikna med året før. I sum må vi altså rekne med ein liten nedgang i samla tal studentar, men først i oktober vil talet vere klart. I 2021 hadde vi ca. 4.700 studentar ved Høgskulen i Volda, og dei siste 3-4 åra har vi hatt ein verkeleg topp i talet på studentar. Med færre 19-åringar i Møre og Romsdal og tidlegare Sogn og Fjordane vil kampen om studentane bli hardare i åra som kjem. Samtidig er utdanningsnivået i regionen lågare enn i resten av landet, så vi har litt å gå på, og det er framleis stort behov for gode utdanningstilbod i regionen.

I førre veke fekk vi tilgang til SHOT-rapportane ut frå spørsmåla som studentane svara på i vår. Rapportane er noko uoversiktlege og vi har ikkje kome så langt i å samanlikne med tidlegare år, men der er ikkje dramatiske tal for Volda ut frå det vi kan sjå no.

Lærarutdanning – regionale samarbeid

Det er ca 40 lærarstudentar som har gjennomført master i grunnskulelærarutdanning 1-7 og 5-10 på normert tid. Det var lite stryk på masteroppgåva, men det er framleis nokre studentar som er forsinka med masteroppgåva. Hausten 2017 var det ca. 70 studentar som vart registrerte som studentar på dei to MAGLU-løpa. Så vi har ein gjennomføringsprosent på knapt 60 prosent som er klart høgare enn på dei toårige masterutdanningane våre og på nivå med gjennomføring på bachelorutdanningane ved Høgskulen i Volda. Det er likevel for få studentar som søker på grunnskulelærarutdanning, men kanskje kan god gjennomføring på det første kullet vere med på å auke interessa for dette studiet hos framtidige søkarar.

Vi fekk gjennomslag for begge dei to søknadene om midlar frå HK Dir med sikte på å etablere lærarutdanning i Kristiansund. Det gjaldt ein søknad om å etablere PPU hausten 2023 og planlegging av Grunnskulelærarutdanning i Kristiansund frå hausten 2024 når Campus Kristiansund står ferdig. Vi samarbeider godt med Campus Kristiansund og fylkeskommunen og er i god dialog med kommunar på Nordmøre om dette spørsmålet.

Fylkestinget har også løyvt midlar til ei stilling som skal vere med på å planlegge styrka tilbod på lærarutdanning i Kristiansund.

SFU-søknaden til AMF

Avdeling for mediefag har i samsvar med strategiplan søkt om status som Senter for framifrå utdanning med eit prosjekt som har tittelen: JIMP – og det står for Journalism, Innovation, Media Law and Practice.

Tysdag denne veka hadde avdelinga besøk frå ein sakkunnig komite med internasjonale fagfolk. Eit 20-tals tilsette på avdelinga deltok i møte med komiteen, som også fekk møte studentane i arbeid i den intense praksisperioden på studiet. Mitt inntrykk av både tilsette og studentar er at dei gjorde ein framifrå jobb og at både prosjektet og avdelinga vart presentert på beste vis. Det er 6 prosjekt i finalefeltet og 3-4 av prosjekta vil bli tildelt status som SFU.

Ekspertkomiteen på besøk i redaksjonen i 2. etasje i Sivert Aarflot-huset, ved starten av haust-praksisen 2022. Foto: Steinar Høydal.

Oppslag i Khrono

Tidleg i juli hadde nettavisa Khrono fleire oppslag om Høgskulen i Volda. I oppslaget vart det referert til at ein tidlegare tilsett ved Avdeling for mediefag har sendt eit brev til Arbeidstilsynet med oppmoding om å granske arbeidsmiljøet.

Leiinga ved Høgskulen har også fått brevet og vurdert innhaldet og kome til at dette ikkje er eit varsel om nye forhold og at dei aktuelle episodane vorte dokumenterte og handterte i tråd med regelverket for konflikthandtering ved Høgskulen.

Høgskulen har ikkje høyrt noko frå Arbeidstilsynet om saka.

Tillitsvalde og vernetenesta er naturlegvis involverte i desse og alle andre tilsvarande spørsmål i den løpande dialogen med leiinga.

Ukraina

Høgskulen fekk tildelt 10 såkalla Ukraina-studieplassar for flyktningar. Desse har vorte vidare fordelte til NIS (Norsk for internasjonale studentar). Vi fekk ca. 20 søknader, 10 vart kjent kvalifiserte og fekk tilbod om studieplass og det var 5 som møtte opp. Dei 5 er busette i regionen, altså i pendleavstand til Høgskulen i Volda. Vanlegvis tek vi opp studentar til NIS eit halvt år før studiestart, medan desse nye studieplassane hadde vi svært kort varsel på å gjere kjende og å rekruttere studentar til. Vonleg får vi vite om desse studieplassane blir forlenga tidlegare med tanke på opptak neste år.

Strategiplan og handlingsplan

På førre styremøte diskuterte vi handlingsplan og etter møtet vart revidert handlingsplan sendt til styret. Det kom ikkje inn fleire merknader og i tråd med tidlegare praksis vart dokumentet då rekna som vedtatt handlingsplan og er publisert på HVOs nettsider under «Styringsdokument». Avdelingane legg strategi og handlingsplan til grunn for sine lokale handlingsplanar. Dette arbeidet starta før ferien men går no vidare på grunnlag av vedtatt handlingsplan.

Økonomi, avsetningar og Hans Strøm-prosjektet

Tertialrekneskapen for Høgskulen i Volda er ikkje klar før i slutten av september og vil bli lagt fram på novembermøtet. Leiinga har i heile 2022 hatt fokus på gjennomføring av prosjekt for at vi skal gjennomføre våre faglege planar og halde budsjett og avsetningane samla sett på fem prosent nivået. Dette er svært godt kjent i alle einingar på høgskulen og alle ansvarlege veit også at styret har vedtatt ein investeringsplan som gjer at avsetningar utover 5 prosent blir

Når det gjeld Hans Strøm-prosjektet har det starta som planlagt no i haust, men det er for tidleg å seie kva utslag prisauken generelt og for byggevarer spesielt vil få å seie for prosjektet. 

Ymse

SEANSE, senter for kulturproduksjon ved Høgskulen i Volda arrangerte ITAC6, ein verdskonferanse for det som heiter «Teaching artists», som handlar om å bringe kunstnarar inn i skulen. Konferansen vart arrangert i Oslo og hadde deltakarar frå alle verdsdelar og i tillegg digitale parallellsesjonar i Sør-Korea, New Zealand og USA.

Og heilt til slutt: Høgskulen har fått på plass biehotell – og legg opp slåtten av plenane våre på ein bievennleg måte.

ITAC6: Sentralen, Oslo
Sjå godt etter: Her er eit biehotell.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar