Kven blir ny HVO-rektor?

Høgskulestyret har gjort vedtak om leiingsmodell ved Høgskulen i Volda og har for andre gang på fem år vedtatt at vi skal halde fram med ordninga med vald rektor – og tilsett direktør. Stillinga som høgskuledirektør er lyst ut med søknadsfrist 22. august, og i løpet av hausten skal det veljast ny rektor. Truleg vil valstyret gjennomføre valet i månadsskiftet november-desember. Så på seinhausten veit vi både kven som blir ny direktør i fast stilling og kven som blir rektor og prorektor for åra 2023-2027. Direktøren vil truleg vere på plass tidleg i 2023, medan det nye rektoratet tek til 1. august 2023.

Prosessen med tilsetting av direktør skal eg ikkje gå mykje inn på her. Eg sit som leiar i Innstillingsutvalet som er sett ned av høgskulestyret og der både dei tilsettes organisasjonar, studentar og ein dekan er med. Vi fekk god søking på stillinga for 5 år sidan då stillinga var lyst ut sist. Det er ikkje mange toppleiarstillingar for så store verksemder som Høgskulen i Volda på Sunnmøre: Med ca. 400 årsverk og ca. 400 millionar i driftsinntekter er vi ikkje ei lita verksemd, og vi har ei viktig regional rolle, så eg håper og trur vi får god søking og er sikker på at vi vil få ein godt kvalifisert og dugande ny direktør i fast stilling.

Kva så med rektor?

Rektorrolla er svært kort omtala i Universitets- og høgskulelova. Der står blant anna:

a) Rektor er styrets leder. Rektor har på styrets vegne det overordnede ansvar for og ledelse av institusjonens virksomhet og fører tilsyn med denne. Rektor, og i dennes sted prorektor, har rett til å delta i møter i alle institusjonens styrer og utvalg.

UH-loven, §10-2

Høgskulen i Volda har gjennom tradisjonar og einskildvedtak definert kva oppgåver rektor skal ha. Delegeringsreglementet vart vedtatt av styret i 2020 og der står eit oversyn over ein del av oppgåvene til rektor – og prorektor. Rektoratet er også representert – og leiar – Forskingsutvalet, Utdanningsutvalet, Tilsettingsutvalet for fagleg tilsette og ein del andre styre, råd og utval, og i sum utgjer dette den fagleg styringa av høgskulen, som eit valt rektorat skal vere eksponent for.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar