Orientering til høgskulestyret, styremøte 5.5.2022

Kunnskapsdepartementet har invitert oss til å konkretisere framlegg til studietilbod til flyktningar frå Ukraina, og vi har sagt at vi kan ta på oss ca. 35 studieplassar. Dei er fordelte med 25 på engelskspråklege studietilbod på Avdeling for mediefag og 10 på Norsk for internasjonale studentar på Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. I løpet av mai får vi dei første signala på om vi får løyving frå Kunnskapsdepartementet til dette, men endeleg svar kjem først tidleg i juni. Vi er alt i gang med auke kapasiteten ved å tilsette fleire undervisarar på dei aktuelle studietilboda. Det er for seint å starte med å tilsette folk i juni. Veldig mykje er uavklara eller uvisst – blant anna om det er råd å få kvalifiserte studentar til tilboda vi startar.

Studentsamskipnaden har gitt Volda kommune tilbod om bustader for flyktningar i eit hus som samskipnaden eig, men som ikkje er ein del av studentheimane i Volda.

Samordna opptak 2022

Vi fekk søkartala frå samordna opptak for 2022 i førre veke, og tala var ikkje gode for Høgskulen i Volda. Nasjonalt har søkartala gått ned med ca. 12 prosent, mens for Høgskulen i Volda samla sett har tala gått ned med ca. 20 prosent. Vi får truleg også ein nedgang i lokalopptaket. Så hausten 2022 tippar eg vi vil ha ca. 4.000 studentar mot over 4.500 studentar dei siste tre åra.

No må det seiast at dei tre siste åra har vi hatt svært mange studentar, så kanskje er tala for 2022 ein naturleg korreksjon. Men vi ser også at talet på 19-åringar i Møre og Romsdal og resten av landet går nedover i åra som kjem, så konkurransen om studentane blir nok hardare i åra som kjem. I lys av det er det kjekt å kunne fortelje til framtidige studentar at heile høgskulen i 2023 vil vere nyoppussa og innbydande på alle måtar, at for studentar er det billegast å bu i Volda – og at på somme studium har vi landets mest fornøgde studentar. Eg tenker då særleg på grunnskulelærarutdanninga for 1-7. klasse.

Studia som har hatt flest søkarar dei siste åra er også i 2022 vanskelegast å kome inn på. Det er særleg journalistikk, friluftsliv, sosionom og barnevern. Vi er uroa over låge søkartal på mange av lærarutdanningane. Det er eit problem for oss, men eit endå større problem for regionen og for landet. Det vil vere behov for mange nye lærarar i åra som kjem.

Vi held fram med samtalane med aktørar på Nordmøre og arbeider vidare med vurderinga av om vi skal starte lærarutdanning i Campus Kristiansund. Det kan vere aktuelt både med Grunnskulelærarutdanning og med Praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Ein del av vurderinga handlar også om vi kan få ein sterkare posisjon på vidareutdanning av lærarar på Nordmøre.

Det kan også bli aktuelt å starte eit desentralisert tilbod i barnehagelærarutdanning i Molde hausten 2023.

Høgskolen i Molde er naturlegvis med på og/eller er orientert om møta med Campus Kristiansund sjølv om det er heilt andre fagområde det er snakk om. Vi er også i samtalar med Høgskolen i Molde om samarbeid om pedagogisk basiskompetanse.

HVO har fått godkjent kvalitetssystemet

Som styret har vore informert om langs med så har NOKUT hatt tilsyn med studiekvalitetsysytemet ved HVO. Tilsynet byrja med innsending av dokumentasjon hausten 2019, institusjonsbesøk hausten 2020. Rapporten frå kommisjonen var klar i mars 2021, og konklusjonen der var at HVO hadde eit godt kvalitetssystem med mykje studentmedverknad, men at vi måtte gjennomføre periodiske studieprogramevalueringar for å få det endeleg godkjent. Desse vart gjennomført våren/hausten 2022 og dokumentasjon vart sendt inn før jul 2022. Den 21. april behandlar styret i NOKUT den endelege rapporten frå kommisjonen, og HVO har fått godkjent kvalitetssystemet. HVO får mykje skryt frå kommisjonen, samt nokre gode råd for vidare utvikling. Det vert arbeida med å forenkle og forbetre  kvalitetssystemet i lys av tilbakemeldingane får NOKUT, og styret vil dette som sak i løpet av hausten 2022.

Studietur til Bergen

Rektors leiargruppe, det såkalla dekanmøtet, har vore på studietur til Bergen og hatt dagsmøte med leiinga ved Høgskulen på Vestlandet og med leiinga ved Universitetet i Bergen. Blant tema vi diskuterte med Høgskulen på Vestlandet var studieportefølje og gjennomføringsgrad på masterutdanningar. Dette med gjennomføringsgrad har HVL arbeidd med i mange program og vi hadde nyttige erfaringsutvekslingar. Med Universitetet i Bergen snakka vi mest om samarbeid om doktorgradsutdanningar og om internasjonal utveksling. Både internasjonal utveksling og samarbeidsavtalar bør ta utgangspunkt i faglege samarbeid på forskarnivå var eitt av bodskapa vi tok med oss.

Student- og festivallivet i Volda

Det har vore veldig kjekt å sjå korleis studentmiljøet i Volda har vakna til live igjen våren 2022. Studentveka, X2-festivalen og dokumentarfilmfestivalen har hatt godt besøk og vore vellukka arrangement. No står snart Bygdepride for døra, og det er også arrangement som studentane er opptekne av. Til hausten blir det Fadderveke og animasjonsfestival, og her er arbeidet godt i gang. Så no kan vi sjå framover igjen etter pandemien og glede oss over at livet går som normalt igjen.

50-års markeringar

Både sosialfaga og mediefaga har hatt sine 50 års markeringar no våren 2022. Dette var blant dei første studia som starta på den splitte nye Distriktshøgskulen i Volda hausten 1971. Som vi forstår måtte jubileumsmarkeringane utsettast frå 2021 til 2022. Men det er inspirerande å sjå at tidlegare studentar kjem tilbake til Alma Mater som det heiter, og somme fortel at studieåra i Volda var dei beste åra i deira liv. Og fleire fortalde også om at det var i Volda dei møtte kvinna – eller mannen – i sitt liv. Snart skal også historie markere sine 50 år som studium ved Høgskulen.

Vi har også fått førespurnad frå tidlegare lærarstudentar som måtte utsette 60 års jubileet sitt i to år – men dei skal seinare i vår feire at det var 62 år sidan dei tok lærarutdanning på Volda lærarskule!

Konferanse i Ålesund

Samtidig som det er styremøte for Høgskulen i Volda er det også start på ein internasjonal forskarkonferanse som blir arrangert i samarbeid mellom UH-miljøa i Volda, Ålesund og Molde. Konferansestad er Ålesund og professor Knut-Willy Sæther ved Høgskulen i Volda er fagleg ansvarleg for konferansen i kraft av at han er visepresident i ESSSAT, European

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar