Orientering til høgskulestyret, styremøte 5.5.2022

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.

Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:

  • Ukraina og studietilbod
  • Samordna opptak 2022
  • Studietur til Bergen
  • Student- og festivallivet vaknar opp att
  • 50-års markeringar

Ukraina og studietilbod

Som nemnt i førre orientering til høgskulestyret så har vi tre partnaruniversitet i Russland. Vi har gitt beskjed til dei tre om at partnarskapet er lagt på is inntil vidare, dette i tråd med regjeringas tilråding.

Krigen i Ukraina held fram og Volda/Ørsta har førebels ikkje fått mange flyktningar og høgskulen har ikkje merka krigen i særleg grad. Men det er engasjement for Ukraina hos studentar og tilsette og vi har begynt å få spørsmål frå internasjonale studentar som kan tenke seg å kome til Volda.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.