Opningshelsing til nye studentar 2022-2023

Opning av studieåret 2022-2023. Foto: Karl August Swanstrøm.

Click here for English version: Greetings for new students by the Volda University College, August 16th 2022, by rector Johann Roppen.

Les meir om opninga på www.hivolda.no

Kjære studentar!

Det er ei stor glede for meg og alle andre tilsette på høgskulen å få ønske deg velkomen hit til Studiebygda Volda og Høgskulen i Volda.

Vi er glade for at akkurat du, kvar og ein av dykk, alle her, har valt Volda hausten 2022. I lag med deg skal vi gjere det vi kan for at du skal få det best mogleg og lære mest mogleg her dei komande studieåra.

For å sitere mi eiga mor frå nokre år tilbake: Ei utdanning gir deg kanskje ikkje kroner i lomma med det same, men den gir deg kunnskapar – og dei har du for alltid.

I ei uroleg verd er Volda ein sval, trygg og oversiktleg stad.

I vår del av verda har vi både vorte spart for rekordvarme og tørke. Kraftprisen tel vi i øre og ikkje i kroner. Ukraina er langt borte, men vi tek også i mot studentar frå Ukraina. Det skulle berre mangle. Til dei ukrainske studentane våre vil eg berre seie:

Slava Ukraini.

Vi er med dykk.

Å skaffe seg kunnskapar handlar også om å få nye perspektiv, og nettopp derfor oppmodar eg dykk som er heilt nye studentar om å alt no byrje å tenkje på å legge inn eit utanlandsopphald i studieplanane.

Høgskulen i Volda har over 100 internasjonale samarbeidsavtalar med utanlandske universitet så det burde vere mykje å velje mellom.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.