Tilstandsrapporten 2022: Kva seier den om Volda?


Det er ei årleg høgtid for dei som likar tal, mange tal, tabellar og figurar og litt analysar av høgskular og universitet. Det er altså den årlege Tilstandsrapporten for høgare utdanning det er snakk om – den kom 10. mai 2022. Og som alle andre lurer vi også på: Kva seier den om oss? Er vi gøymt eller gløymt? Går det opp eller ned?

Lenke til tilstandsrapporten 2022.
Digitalt vedlegg med detaljert informasjon og resultat.

Så: I kva samanhengar er Høgskulen i Volda omtala i rapporten? (Sjå også forkortingane hivo og hvo).

I sjølve tilstandsrapporten står det ikkje så mykje om oss, men litt er der:

Primærsøkarar: I kapittel 2.1 går det fram at Høgskulen i Volda er blant institusjonane med færrast primærsøkarar pr studieplass. Vi har 1,5 søkarar pr studieplass, på nivå med Nord Universitet og Universitetet i Tromsø.

Gjennomføringsgrad: Som tidlegare år fortel Tilstandsrapporten om at bachelorstudentane i Volda nasjonalt sett ligg høgt på gjennomføring av studiet på normert tid, med 66,3 prosent. Kunsthøgskulen i Oslo er høgst med 74,2 prosent gjennomføringsgrad. Til samanlikning ligg Universiteta i Oslo og Bergen ligg på vel 43 prosent.

Tidsbruk: I fagleg tidsbruk i timar pr veke er det presentert ein figur som syner at studentane i Volda oppgir at dei brukar ca.. 27-28 timar pr veke på studia – som er blant dei lågaste i sektoren. Dette er tal henta frå Studiebarometeret.

Tilfredsheit: I studiebarometeret blir studentar spurt om kor tilfredse dei er med studieprogrammet dei går på («Alt i alt»). Volda ligg her like under gjennomsnittet på 4,0. I Tilstandsrapporten har dei kalla dette mål på Studiekvalitet – og det framstår metodisk sett som tvilsamt sidan spørsmålet ikkje spør om kor nøgde studentane er med studiekvalitet, men kor nøgde dei er med studieprogrammet «alt i alt».

Studentar på fleksible studietilbod: Høgskulen i Volda har i mange år hatt mange nettbaserte studietilbod. Med nesten 25 prosent av våre studentar på nettstudium ligg vi høgt over andre statlege institusjonar. Men vi kan merke oss at flest studentar på nett har Høgskolen Kristiania som har nærare 50 prosent av studentane sine på nettstudium. Tilstandsrapporten viser at fleire og fleire institusjonar kjem etter Volda og tilbyr fleire og nettstudium. Så sjølv om også vi over tid har auka, så må vi nok rekne med hardare konkurranse. Khrono har også ein omtale av utviklinga av nettstudium og desentraliserte studium med utgangspunkt i Tilstandsrapporten.

Leiingsmodell: I tabell 4.1 Styringsform ved statlege høgare utdanningsinstitusjonar er vi nemnt blant dei 9 med valt rektor. 12 har tilsett rektor.

NOKUT og tilsyn med systematisk kvalitetsarbeid: I kapittel 4.2 er det nemnt at vi har hatt NOKUT-tilsyn med kvalitetssystemet vårt, men i den påfølgande korte vurderinga er det ikkje skilt mellom oss og dei andre som har hatt NOKUT på besøk.

I tabellvedlegget opptrer «HVO» naturlegvis i dei aller fleste tabellane, så der er det mykje å hente for dei som vil ha tal.

Men det er nokre område som er særleg viktige for Høgskulen i Volda – og som både vi sjølve og Kunnskapsdepartementet følgjer nøye med på. Korleis ser det ut der? Her kan i alle fall tala bli siterte:

Gjennomstrøyming på master: I tabell 2.19 i vedlegget går det fram kor stor del av masterkulla 2017-2019, 2018-2020 og 2019-2021 som har fullført masterløpet på normert tid. Dette er tal vi er godt kjende med frå før og dei viser at for 2019-2021 hadde Høgskulen i Volda truleg den høgste gjennomføringsgraden nokon gong – eller på mange år – med 38,9% gjennomføring. Samtidig er det berre ein institusjon som har lågare gjennomføringsgrad enn oss, så vi har framleis ein del å hente. Målt i absolutte tal har vi auka talet på masterkandidatar bra dei siste åra (tabell 2.23) og uteksaminerte 81 masterkandidatar både i 2020 og 2021, mot 50 i 2016. Men igjen er vi blant institusjonane med færrast årleg masterproduksjon.

Publisering: Omfanget av publisering har vore kjent ei stund og er også omtala i årsrapporten for Høgskulen i Volda for 2021. I 2021 var talet på publiseringspoeng pr tilsett på 0,45 poeng, mot 0,82 året før. Men 2020 var då eit skikkeleg unntaksår. Tala er å finne i tabell 3.15 i vedlegget.

Andel førstekompetente: Tabell 4.15 syner at Høgskulen i Volda har 52,9 prosent førstekompetente av alle faglege årsverk. Det har vore liten vekst i denne andelen sidan 2016. Vi ligg lågast av dei statlege UH-institusjonane, men på nivå med ein del private høgskular.

Inntekter frå Forskingsrådet: Målt i Tildeling frå Forskingsrådet pr fagleg årsverk så vart talet for 2021 omlag det same som for året før: Ca. kr 11.000. Det er ein liten auke, men framleis ligg vi svært lågt på statistikken. Sjå tabell 3.23. Det same gjeld inntekter frå EU – sjå tabell 3.27.