Første førstelektorsamling

Sofaprat på seminar om førstelektorkvalifisering. Frå venstre: Andre Folkestad (AMF), Eirik Søvik (AHL), Silje Dahl (ASH), Birgitte Fondevik (AHL) og prorektor Odd Helge Tonheim.

Høgskulen i Volda treng fleire førstelektorar – og dosentar. Og det er difor gledeleg at ca. 25 høgskulelektorar møtte opp på den første førstelektorsamlinga på høgskulen 1. juni 2022. Det lovar godt for ønsket om å kvalifisere seg og er bra for den einskilde – og for Høgskulen i Volda.

I følgje DBH vart den første førstelektoren i landet tilsett i 1993. Det var truleg ein tilsett i 80 prosent stilling, og det var ved Universitetet i Bergen vi finn dette talet i statistikken. Sidan har talet auka mykje. I dag er det ca. 1.200 førstelektorar og dosentar på norske høgskular og universitet og dei utgjer dermed eit stort innslag i sektoren.

Om universiteta var tidleg ute med å tilsette førstelektorar, så er mitt inntrykk i dag at universiteta har eit meir halvhjerta eller haltande forhold til førstelektor og dosentar som stillingskategori. I kvardagsspråket vert ofte førsteamanuensis-dosent-løypa kalla den «andre løypa», altså i motsetnad til løypa med doktorgrad-førsteamanuensis-professor.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar