Opningshelsing til nye studentar 2022-2023

Høgskulen har i 2022 vedtatt ein ny strategiplan. Der står det at vår visjon er:  «Kompetanse for eit betre samfunn.»

Der står også at:  «HVO skal ha eit variert og nyskapande læringsmiljø med høg kvalitet».

Korleis arbeider vi med det? Korleis utviklar vi høgskulen og høgskuleområdet i Volda?

La oss først snakke om det ytre læringsmiljøet, om høgskuleområdet.

Dei siste åra har det skjedd store ting på høgskuleområdet: Det nye Sivert Aarflot-huset – som kan bli #Verdas-beste-mediehus. Vår nabo idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena som er arena for nasjonal og internasjonal toppidrett. Det vil kome symjehall med badeland på høgskuleområdet, 50 meter frå inngangsdøra til høgskulen. Og vi held fram med å pusse opp og bygge nytt på høgskuleområdet.

Men nye hus, lokale og verktøy gir ikkje i seg sjølv eit læringsmiljø med høg kvalitet. Vi må ta dei i bruk og nytte dei på nye kreative måtar før det kan skje nyskaping i læring og undervisning.

Her har vi alle eit felles ansvar. Ikkje minst studentane. Men det er ei rolla de sjølve må aktivt velje å ta. Både ved å vere aktive i den daglege undervisninga, men også i det systematiske kvalitetsarbeidet.

For den einskilde student så startar det formelle kvalitetsarbeidet i det vi kallar kvalitetsutval. Alle studieprogram har kvalitetsutval. I kvalitetsutvalet møtast lærarar og tillitsvalde studentar.
 «Kvalitetsutvalet skal vere eit forum for tilbakemeldingar og evaluering undervegs i studiet, og har samstundes som mål at studentar og faglærarar skal utvikle ei fagkritisk haldning.»

I løpet av ein times tid skal nye studentar møte dei nye lærarane sine her på Høgskulen i Volda. Lærarane er minst like spente som dykk på dette første møtet, og dei gler seg. Og lærarane dykkar vil også syte for at de kjem i gang med kvalitetsarbeidet.

Ein annan del av kvalitetsarbeidet er at på Høgskulen i Volda gir vi forskingsbasert undervisning. Det betyr at dei fagfolka som de møter som lærarar også driv med forsking, blant anna fordi eiga forsking også gir betre undervisning og er med på å sikre at undervisninga er oppdatert med den nyaste og kvalitetssikra kunnskapen på våre fagområde.

Eg håper at vi i 2023 vil få godkjent vår heilt eiga forskarutdanning – ei doktorgradsutdanning i humaniora og utdanningsvitskap. Det er bra for undervisninga, for forskinga – og for vår region som har for få med doktorgrad.

No har eg snakka mykje om å lære – men som student skal du også leve – og oppleve. Og i den vesle studiebygda Volda har studentar heilt sidan 1861 funne ut at her er det godt å leve – og mykje å oppleve. Anten du no vil ha kulturelle opplevingar, eller du går på tur, på ski eller vil ut på sjøen.

Vår region har fleire reisemål i verdsklasse. Frå Volda har du lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men: Fjella våre krev liv – kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Skaff deg kunnskapen som trengst!

Med vårt engelske motto seier vi at Volda er «The place you’ll never forget».

Vi vil gjerne at du skal få gode minne frå tida i Volda – same om du blir her i eitt år, eller om du tek bachelor, master eller doktorgrad i lag med oss som jobbar her.

Dette er åttande og dermed siste gongen eg har privilegiet å ta i mot nye studentar. Om eitt år er det ein ny rektor som skal få gleda av å helse nye studentar velkomen.

I haust skal det veljast ny rektor, og eg håper at både studentar og tilsette er aktive, spørjande og deltakande i den prosessen. Alle kan røyste og alle sine røyster har rett til å bli høyrde, så eg ønsker og håper at det vert eit godt val.

Lukke til med studieåret 2022-2023!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar