Fadderveka 2022: Kick-off i mai!

Vi vil gjerne starte med å seie TUSEN TAKK!

Tusen takk for at du er oppteken av at nye studentar skal verte godt motekne her i Volda.

Tusen takk for at du stiller opp, slik at vi kan vise alle at studentmiljøet i Volda er blant landets beste studentmiljø.

Tusen takk for arbeidet du legg i at ny studentar skal få ein trygg, god og sosial studiestart. For det er nettopp det som er oppgåva dykkar: Å gje dei nye studentane ein trygg og god studiestart, der dei nye studentane vert kjende med høgskulen, StudiebygdA Volda og ikkje minst sine medstudentar.

I ein god studiestart så ligg kimen til eit godt studentmiljø, og om vi greier å gje dei nye studentane ein god studiestart, så er de også med på gje dykk sjølv eit godt studiemiljø.

Etter to år med pandemi, korona, testing, vaksine, avstand og begrensingar så går studiestart hausten 2022 som vanleg. Det vil seie at kanskje mange av dykk som sit her ikkje har vore med på den “normale” studestarten i Volda: Den studiestarten der vi fyller Volda og høgskulen med nytt liv. Der vi viser alle studentar at Volda, det er studiebygda si det. Det er plassen med medstudentar som er opptekne av at du skal ha det bra. Medstudentar som ser kvarandre. Medstudentar som inkluderer alle. Medstudentar som hjelper kvarandre. Ja rett og slett medstudentar som lagar det beste studentmiljøet. Vi må kome tilbake til der vi var før pandemien, at Rokken var ein samlingsplass for studentar både utan og med alkohol. Spelekveldar, quiz, konsertar, kafe, med masse meir.
Ja, Rokken kafe opnar også igjen til hausten. Hurra!

Vi må også få studentorganisasjonane opp å gå igjen, la Volda verte fylt av eit blomstrande organisasjonsliv. La oss saman hjelpe alle studentar til å finne samhald i ulike studentorganisasjonar, ulike samankomstar på Rokken eller i det blomstrande studentmiljøet i Volda.

I fjor såg vi at studentidrettslaget VSI fekk i gang herrelag både på handball og volleyball, så det går an å få til nye aktivitetar i Volda, også i koronaåret. Så det bør bli endå lettare no utan pandemi.

Arbeidet de gjer no er veldig viktig. De er med på å bygge opp til studiestarten for dei nye studentane som møter Volda og høgskulen for fyrste gong 16. august.

Det arbeidet er ikkje lett, men forhåpentlegvis så får de også dra nytte av det i form av å bidra til å bygge opp igjen det fantastiske studentmiljøet som Volda er så kjent for. Saman kan vi få til dette, og ikkje minst saman kan vi gje dei nye studentane ein trygg, god, sosial og hendingsrik studiestart.

Tusen takk for at akkurat du vil vere fadder for våre nye studentar.

Lukke til med Fadderveka hausten 2022!

Helsing rektoratet ved Høgskulen i Volda.

Prorektor Odd Helge Tonheim
Rektor Johann Roppen

Fadderar samla på Rokken, tysdag 31. mai.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar