Helsing til det første kullet på den (nesten) siste skuledagen

For meg som rektor på ein institusjon for høgare utdanning så er det heldigvis slik at eg meiner at utdanning er bra, og at meir utdanning som regel er endå betre. I mi levetid har lærarutdanninga gått frå å vere toårig, til treårig, fireårig, og no er det master. Eitt av måla med å gjere lærarutdanninga til master var å heve statusen til lærarar. Og det trur eg nok kan stemme. Så får vi sjå om lønna gjenspeglar status. Årets lønsoppgjer går føre seg i desse dagar, og det er kanskje ikkje grunn til å vere veldig stor optimist.

Høgskulen i Volda er i endring. No har eg vore rektor i sju år, og det eg har sett på desse åra er at dei faglege krava eintydig går i retning av master. At det for fleire og fleire blir forventa at ein har masterutdanning på plass for å kunne konkurrere om jobbane. Ja også for å vere kvalifisert til dei interessante jobbane. Medrekna dykk som får master no i år så vil Høgskulen i Volda i 2022 sette ny rekord i talet på masterkandidatar. Vi passerer for første gong 100 masterkandidatar på eitt år.

Møre og Romsdal er eit fylke som har eit litt uavklara forhold til utdanning. I dette fylket, også i Volda, har eg høyrt begrepet «fordervaskulte», altså for mykje på skule. Det er eit veldig misvisande begrep. Eit anna nærskyld begrep er mastersjuke. Altså for mange med master. Om det finst ei mastersjuke så må det vere ein mangelsjukdom. Samfunnet treng stadig fleire med master, og det viser seg også at dei med master lettare får seg jobb enn andre med lågare utdanning.

Og i Møre og Romsdal og på Nordvestlandet manglar vi fleire masterar enn mange andre plassar i landet. Vi sakkar akter i utdanningsnivå, og avstanden til landsgjennomsnitt har auka dei siste åra. Eg er så naiv at eg trur at vi i sum får betre lærarar, betre fagfolk, med master enn utan master.

Så de som er her i dag er ikkje berre eit tal i ein statistikk. De utgjer ei positiv tilvekst, de vil kunne utgjere ein skilnad, for andre.

Det var hausten 2017 dei fleste av dykk såg kvarandre for aller første gong, som studentar på det aller første kullet av masterstudentar. Somme av dykk var kanskje med på semesteropninga, og der sa eg blant anna:

«Til de som er nye studentar i Volda – og kanskje nye som studentar. Velkomen til Høgskulen i Volda. Her vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt  nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine framtidige medstudentar. Lærarar. Og alle andre som har med høgskulen å gjere. «

Og eg sa også:

«Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk! Og om kort tid vil de oppleve at de er ein viktig del av Volda. «

Eg håper det har blitt slik.

No har det gått fem år, og dei aller fleste av dykk er framleis studentar på Høgskulen i Volda. Det er utruleg positivt og eigentleg litt spesielt i landssamanheng.

Det må bety at de har hatt gode år som studentar, og at dei fleste dagane har vore lyse, sjølv om det har regna, ein sjeldan gong. Når de no skal vidare håper eg at denne dagen, med pent pynta og fine folk kanskje er blant minna som sit sterkast att etter desse åra.

Og så til slutt: Farvel, men de er alltid velkomne tilbake!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar