Kven blir ny HVO-rektor?

Lenke til delegeringsreglementet.

Kven blir så rektor ved Høgskulen i Volda. Eitt svar er gitt i dette bildet frå 2019 av ein rektor og 9 tidlegare rektorar ved Høgskulen i Volda, Volda lærarhøgskule og Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda:

Rektorar samla i 2019: Frå venstre Johann Roppen, Per Halse, Gunnar Stave, Sverre Måseidvåg, Nils Mæhle (VLH), Ketil Jarl Halse (DH), Tor-Johan Ekeland (DH), Jon Tvinnereim (DH), Jan Driveklepp (DH) og Jan Ove Ulstein (DH).

Som vi ser har alle tidlegare rektorar både på Volda lærarhøgskule, DH-skulen og Høgskulen i Volda vore menn. Dei har kome frå fagleg side og dei har vore tilsette ved Høgskulen i Volda.

Men valreglementet vårt er ope: Kven som helst kan faktisk bli valt som rektor ved Høgskulen i Volda. Fagleg tilsette, administrativt tilsette, studentar – eller nokon som ikkje jobbar ved Høgskulen i Volda i det heile tatt. Men sjølv om kven som helst kan bli foreslått og eventuelt stille til val, så er det våre tilsette og studentar som faktisk vel rektoren og prorektoren. Som sagt: Eit felles ansvar. 

Høgskulestyret vil i september sette ned ein leitekomite som tek i mot tips og tek kontakt med aktuelle kandidatar for ny rektor og prorektor. Alle på Høgskulen i Volda eit felles ansvar for å tenke på kva personar som kan vere aktuelle for å bli ny rektor og prorektor.

Mi vurdering er at det er mange på høgskulen som er meir enn kompetente nok til å bli rektor og prorektor, og eg trur også det finst eksterne som kunne tenke seg å stille opp til val som rektor ved Høgskulen i Volda. 

Sjølv hadde eg ikkje fartstid som leiar ved HVO før eg stilte til rektorval. Eg hadde erfaring som forskingsleiar og frå leiarroller på andre samfunnsområde, men eg hadde ikkje vore seksjons- eller instituttleiar, dekan eller medlem av høgskulestyret ved Høgskulen i Volda. Så alle som har eller har hatt slike roller på høgskulen burde ha betre grunnlag enn meg for å kunne bli rektor enn det eg sjølv hadde tilbake i 2014 då eg stilte til val første gongen.

Den viktigaste grunnen til at eg stilte opp til rektorval hausten 2014 var at eg meinte Høgskulen i Volda burde halde fram som sjølvstendig institusjon. Det var ein svært aktuell debatt den gongen. Så kall det gjerne ein fagleg/politisk motivasjon for å stille til val. At eg stod for dette synspunktet var vel kjent før valet i 2014 og eg gjentok det også før eg vart attvald i 2018.

Andre har heilt sikkert andre motiv for å stille til val. Om eg skal spå om kva spørsmål som blir viktige i åra som kjem så trur eg det regionale perspektivet både blir krevande – og gir oss spennande år framover. Men eg håper og trur at det nye rektoratet kan få bruke meir tid og krefter på faglege spørsmål enn vi til tider har opplevd dei siste åra med korona og andre vanskelege saker.

Korleis er det så å vere rektor på Høgskulen i Volda?

No er det under eitt år igjen av min andre og siste rektorperiode, og for eigen del vil eg seie at åra som rektor har vore givande, spennande, utfordrande og lærerrike. Andre får vurdere i kva grad eg har lukkast i rolla, men eg opplever at Høgskulen i Volda er ein endå større, sterkare og tryggare institusjon enn i 2015. Utbyggingane og moderniseringane på heile høgskuleområdet – både i vår regi og av andre – har vore ei mangeårig knoppskyting der Aasen-kvartalet viser at her vil det skje vekst og utvikling også dei neste 10 åra.

Eg er glad for at vi framleis er ein sjølvstendig høgskule, men vi får naturlegvis aldri vite kva som hadde blitt utviklinga i høgskuleområdet om vi ikkje hadde halde fram som sjølvstendig høgskule. Men eg har inntrykk av at vi har blitt lagt meir merke til hos regionale aktørar og andre samarbeidspartar. Og eg håper og trur at Volda som studiestad skal kome sterkt tilbake etter pandemien.

Det er veldig mange måtar å utøve rektorrolla på – og personlege eigenskapar hos dei som blir valt vil naturlegvis vere viktig.

I kvardagen styrer rektor langt frå aleine. Rektor har mange gode krefter rundt seg. I det daglege er det først og fremst prorektor og direktør. Direktørens oppgåver er tydeleg definert, men rektoratet er eit lag som fordeler oppgåvene seg i mellom, alt etter kompetanse og behov. I mine rektorperiodar har prorektor hatt ansvar for utdanning, og det har etter mi vurdering vore ei god arbeidsdeling. Men andre viktige samarbeidspartar er høgskulestyret, prorektor, direktør, heile administrasjonen og ikkje minst dekanane og dei fagtilsette og Studentparlamentet. Eit så stort knippe av aktørar, leiarar og interessentar vil naturlegvis ha ulike synspunkt, vurderingar og prioriteringar men det skulle berre mangle på ein høgskule.

Rektor er også styreleiar – og får sitt mandat frå styret. Styrearbeidet handlar om mykje meir enn å leie styremøte 6-8 gonger i året. Styremøta skal førebuast, saker skal diskuterast med direktør og ikkje minst skal styresaker følgast opp i ettertid – igjen i tett samarbeid med direktør. Direktør er sekretær for høgskulestyret, men saker som skal opp for styret skal direktør og rektor diskutere med kvarandre. Eller som det heiter i UH-lova: Dagsorden skal settast opp i samråd med rektor.

Min bakgrunn frå media og journalistikk har vore viktig for at eg har prioritert å skrive blogginnlegg og nyhendebrev om spørsmål eg meiner er viktige for Høgskulen i Volda. Blogginnlegga har eg tenkt på som ein stad der eg kan kome med mine meiningar, medan nyhendebreva skal ha faktaformidling som fokus – i tråd med nyhendnotisen i frå «gamle dagars» papiraviser. Nyhendebrevet kvar torsdag vert også delt med media og ofte finn våre lokale og regionale media noko å hente der, og ofte fungerer nyhendebrevet som ei ekstra spreiing av interessante bidrag på www.hivolda.no. Det var i grunnen slik nyhendebrevet starta – som eit praktisk tiltak for å formidle siste nytt frå nettsidene våre.

Det er sjeldan at blogginnlegga har gitt respons i form av kommentarar inne i bloggen. Det er vanskeleg for meg å vite i kva grad blogginnlegga blir lesne og diskuterte i andre fora, men dei blir av og til plukka opp av Khrono. Nyhendebrevet er definitivt einvegskommunikasjon – når eg får respons er det som regel feil som må rettast. Men vonleg er nyhendebrevet noko som gir tilsette noko å snakke om rundt lunsjbordet.

Eg hadde trudd og håpa på at kommunikasjon med studentar skulle bli meir omfattande – men der har eg ikkje lukkast. Så lenge HVO-rektoren ikkje er på kanalar som Facebook og Instagram er det nok vanskeleg å nå fram direkte til interesserte studentar – så det blir ei oppgåve for det neste rektoratet. Høgskulen i Volda har jo mange andre kanalar i sosiale media, så det ligg til rette for det.

Vår regionale rolle har eg også meint at det er viktig å styrke. Eller sagt på ein annan måte: Det er viktig å formidle kor viktig vår regionale rolle er. Det kan av og til virke som at på Nordvestlandet er det berre saker og ting som kan symje eller flyte som er interessant å arbeide med eller å forske på, men då må vi hugse på og minne om og mase og mase: Det er folk det handlar om. Og utan gode barnehager, skular og offentlege tenester, og eit rikt kulturliv så er det vanskeleg å rekruttere nye arbeidstakarar – og ikkje minst familiane deira – til dei viktige og spennande oppgåvene i det eksportretta næringslivet i Nordfjord og Møre og Romsdal. Eg er glad for at vi i strategiplanen vår har slått fast at vi skal prioritere dialog med regionen – og vi har spennande bidrag på gang i form av planar om ei doktorgradsutdanning i humaniora og utdanningsvitskap og planar om lærarutdanning i Kristiansund.

Ikkje personal

Ei oppgåve som rektor berre unntaksvis skal ha er personalsaker. I slike saker er lova heilt klar: Det er den tilsette direktøren som har ansvaret her, og det betyr i praksis at personalsaker til dømes på ei avdeling blir behandla i lina: Dekan, personalsjef/direktør. Eller sagt på ein anna måte: Personalsaker skal rektor halde seg unna. Med unntak av saker som gjeld direktør og prorektor – då er det rektor som er næraste leiar.

Når Nettavisa Khrono i juli 2022 formidla ei forventning som kan tolkast som at konflikthandtering mellom einskildtilsette også er ei oppgåve for ein vald rektor. Det er i beste fall ei grov forenkling eller ei mistyding av rolleforståinga.

Så dei som lurer på kva ansvar rektor har for abeidsmiljø og for å løyse konfliktsaker så er det på overordna nivå som styremedlem, eventuelt saker som gjeld leiinga elles. Så personalsaker og arbeidsmiljø skal ikkje vere det ein rektor brukar mykje av si tid på – det er det faktisk andre leiarar som har ansvaret for.

Men derimot å svare på spørsmål frå media er heilt klart ei oppgåve for rektor, som «institusjonens talsmann» overfor eksterne som det heiter i UH-lova.

Eg håper denne omtalen av rektorrolla kan gjere at fleire kan tenke seg inn i rolla, og ikkje minst tenke på andre som kan passe inn i rolla, og når leitekomiteen har vorte sett ned av høgskulestyret i september så vonar eg dei får eit luksusproblem i form av at det er mange aktuelle kandidatar til både rektor- og prorektorrolla.

Godt val!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar