Sommaravslutning for Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, juni 2023.
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.
I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.
Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:
- Økonomiske utsikter for sektoren
- Samarbeid med Campus Kristiansund og Kristiansund kommune
- Status i Hans Strøm-prosjektet
- Årsrapporten for 2023
- NOKUT-akkrediteringane
- Nytt styre hausten 2023
Økonomiske utsikter for sektoren
Mange høgskular og universitet har styremøte denne veka, og nettavisa Khrono skriv at mange av institusjonane er bekymra for økonomien og har sett i verk – eller vil sette i verk tiltak for å spare – eller i alle fall vil dei vere varsame med å sette i verk nye prosjekt og tiltak.
Det er litt ulike årsaker til denne situasjonen. Overskridingar på store byggeprosjekt, ekstraordinært høge straumprisar, lågare inntekter frå Forskingsrådet og bortfall av mange internasjonale studentar er nokre viktige forklaringar. Høgskulen i Volda vert i liten grad råka av desse endringane. Så Høgskulen i Volda er i ein heilt anna situasjon. Vi driv nøkternt og har god kontroll på økonomien og på aktuelle byggeprosjekt, og har få internasjonale studentar utanfrå EØS og Sveits, så vi er i ein heldigare situasjon enn institusjonane som er omtala i Khrono.
Revidert nasjonalbudsjett våren 2023 er enno ikkje vedtatt, men det er foreslått at Høgskulen i Volda skal få ei løyving på 9,3 millionar kroner. Som det står i styresaka «Rekneskapsrapportering for 1. tertial» så bør midlane nyttast til å dekke eit høgt lønsoppgjer i staten, underdekning på den såkalla stipendiatkontoen og den venta prisauken på Hans Strøm-prosjektet.
Campus Kristiansund
Høgskulen i Volda hadde sendt søknad til HK Dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse) og søkt om midlar til å drive grunnskulelærarutdanning i Kristiansund. Vi nådde diverre ikkje fram med søknaden og får ikkje grunngjeving for avslaget eller vurdering av søknaden. Det var ca 85 prosent avslag i denne søknadsrunden der det vart delt ut midlar til desentraliserte og fleksible utdanningstilbod. Men vi held fram samarbeidet og planlegginga fram mot oktober og statsbudsjettet for 2024 og håper på å få gjennomslag der. Det er godt samarbeid med Kristiansund kommune og fylkeskommunen om prosjektet, så vi har godt håp om å få gjennomslag der.
Hans Strøm-prosjektet
Som det går fram av rekneskapen for første tertial så er det god framdrift i arbeidet med Hans Strøm-huset, og mange tilsette har nok alt begynt å gle seg til å flytte inn i eit modernisert og oppdatert hus. Vi ser at det vil kome auka kostnader på grunn av pris- og lønsvekst og også på grunn av at blant anna IT-utstyr har vorte dyrare i innkjøp, men kostnadsauken skal vi klare å handtere.
Årsrapporten for 2023
Kunnskapsdepartementet bad i eit brev av 16. mai 2023 høgskulen om ei kort utgreiing om korleis styret ville arbeide for å styrke gjennomstrøyminga på mastergradsutdanningane og auke vitskapleg publisering. Svarfristen var 25. mai. Rektor svara på brevet på vegne av styret, og brevet er også lagt ved styrepapira som orienteringssak. I svaret seier eg meg samd med Kunnskapsdepartementet i at dette er viktige spørsmål for Høgskulen i Volda, noko som også går fram av strategi- og handlingsplan. Det er jo ikkje akkurat nye spørsmål, og med eit fleirårig perspektiv meiner eg høgskulen er på rett veg på begge desse områda.
NOKUT-akkrediteringar
Høgskulen har hatt inne tre akkrediteringssøknader hos NOKUT:
- Master i barnevernsarbeid har vi fått godkjent. Studietilbodet har vore ope for søking med atterhald om akkreditering. Søkinga på dette deltidsstudiet er god, og vi reknar med at ca. 30 studentar vil ta til på studiet i haust.
- Mastergradssøknaden frå Avdeling for kulturfag har vi ikkje fått svar på enno. Den har tittelen: Natur, kultur og berekraft. Den siste beskjeden frå NOKUT er at vi kan få svar før sommarferien.
- Når det gjeld akkrediteringa av ph.d.-en i Utdanning, språk og kultur så får vi besøk av det sakkunnige utvalet 28. og 29. august. Deltakarlista var klar alt i mai, og det er nærare 50 personar som bidreg i møta med det sakkunnige utvalet. Blant desse 50 er både leiinga, fagfolka bak ph.d.-utdanninga, stipendiatar, masterstudentar og avtakarar, altså arbeidslivsrepresentantar som er potensielle arbeidsgivarar og kompetansepartnarar for ph.d.-utdanninga. NOKUT reknar med at vurderinga vil ligge føre før årsskiftet.
Nytt styre hausten 2023
Det blir eit nesten heilt nytt høgskulestyre frå hausten 2023.
Valresultatet blant dei fagleg og teknisk/administrativt tilsette er klart, studentane har sitt val etter første styremøte i haust, og Kunnskapsdepartementet kjem vel når som helst med namn på dei nye styremedlemmene utpeika av departementet. Ein viss kontinuitet blir det, og det er bra.
Til heile styret vil eg som styreleiar takke for fire interessante, utfordrande men også positive år for Høgskulen i Volda. Utfordrande ikkje minst på grunn av pandemien. Gode år blant anna fordi vi har fått bygt ferdig Sivert Aarflot-huset og eit rehabilitert Hans Strøm-hus vil stå ferdig til jul. Dette har vore to store prosjekt som i sum nærmar seg eitt års løyving for Høgskulen i Volda, og eg meiner styret bør vere nøgde med både prosessen og resultata.
Så takk til styremedlemmene for innsatsen dei siste fire åra.
På vegne av det avtroppande styret vil eg ønske det nye styret og det nye rektoratet lukke til med arbeidet dei neste fire åra.