Utsynsmeldinga: Borten skrur på mange knappar, samtidig

Min kommentar til det andre punktet er at høgskular og universitet alltid har vurdert kompetansebehova i samfunnet, men når dette punktet blir så sterkt framheva kan det vanskeleg tolkast som anna enn ei forsterking av arbeidslivsrelevanskriteriet. Utdanning som arbeidslivet treng, heldigvis skal ein tenke både regionalt og nasjonalt – og ikkje minst på framtidig kompetansebehov.

Dette ei vanskeleg oppgåve å prøve å styre i detalj for kvar einskild høgskule for ikkje å snakke om på kvart einskild fagområde, og det er vonleg er det ei erkjenning av det når eitt av dei 46 punkta i tiltakslista i utsynsmeldinga seier at regjeringa vil:

«– styrke kunnskapsgrunnlaget om dimensjoneringsbehovene innenfor høyere yrkesfaglig utdanning og høyere utdanning»

Fagskulane og høgare utdanning skal altså sjåast i samanheng med kvarandre i dimensjonering av høgare utdanning i framtida. Det skal bli interessant å sjå om regjeringa – eller stortinget – vil nytte dette høvet til å foreslå tettare samordning eller samkøyring av yrkesfagleg utdanning høgare utdanning. Det burde ikkje vere overraskande om denne spekulasjonen blir noko av.

Av dei  46 tiltaka i meldinga tyder ei veldig enkel opptelling tyder på at fagskulane ikkje akkurat har fått mindre departemental merksemd enn tidlegare.  Blant anna skal kome ei melding til stortinget og høgare yrkesfagleg utdanning, fagskulane skal kunne få institusjonsakkreditering. Altså fleire høve til å kna på systemet.

I Møre og Romsdal er det ca. 10.500 studentar på høgskular, universitet og fagskular. Fagskulane står i dag for under 5% av dette talet, men i utsynsmeldingas perspektiv kan det virke som at dette er alt for få.

Kva kan ein så vente av konsekvensar for Høgskulen i Volda?

Overordna når det gjeld økonomi så understreka Borten Moe i sin munnlege presentasjon at finansieringssystemet skulle omleggast med verknad frå 2025, og at i starten skulle ikkje institusjonane merke vesentlege endringar. Men over tid vil det skje endringar etter kvart som det nye systemet tek til å virke.

Reint teknisk er det kanskje overgang til tre finansieringskategoriar som er den største endringa. Og litt avhengig av definisjonen blir utdanningane plasserte i dei to lågaste kategoriane:

1) Humaniora, samfunnsfag, økonomiske/adminstrative fag
2) Realfag, teknologi, helse- og sosial, lærarutdanning, utøvande kunst- og mediefag

I den tredje kategorien med størst statleg bidrag ligg blant anna medisinutdanningane.

Men for meg ut som at det blir skrudd på veldig mange knappar samtidig, så ei viss uro knytt til dei faktiske og kanskje utilsikta konsekvensar kan det vere grunn til å ha. Men eg reknar med at det blir dialog med sektoren om dette.

Særskilt for utdanningane ved Høgskulen i Volda så kjem det litt blanda signal. I sin munnlege presentasjon sa Borten Moe at det truleg var nok lærarar i Noreg, men flest i dei store byane. Altså underforstått at det ikkje er grunn til å auke det samla talet på studieplassar for lærarar. Regionale omsyn og variasjonar virkar det som denne regjeringa har eit klart forhold til, noko som er viktig for lærarutdanning i Møre og Romsdal.

Så har då også lærarutdanning vorte tilgodesett med eitt tiltakspunkt:

 «– ha en bred satsing på å rekruttere, utvikle og beholde flere kvalifiserte lærere over hele landet, blant annet gjennom å følge opp NOU 2022: 13 Med videre betydning»

Stikkordet her er kanskje: «Over hele landet».

Det kom klare signal om å sikre finansiering av studiesenter, og det oppfattar eg som ein slags garanti eller tryggleik for til dømes Campus Kristiansund, og eit anna punkt om nasjonal koordinering av studiesenter vil eg tru også er positivt for Møre og Romsdal.

Høgskulen i Volda har vorte større og større på etter- og vidareutdanningar, og dette er også eit område der meldinga ønskar seg større kapasitet og det blir foreslått nedbygging av hinder for dette – på mange vis. Etter- og vidareutdanning skal bli ein del av normalaktiviteten for høgskular og universitet. Høgskulen i Volda er vel på mange fagområde der alt i dag.

Dette er mine første refleksjonar på meldinga – og som alltid vil det jo til sjuande og sist bli spørsmålet korleis politikken faktisk blir utøvd, og det første teiknet på det får vi vite i tildelingsbrevet for 2024, som altså skal førebu oss på den «nye» framtida i sektoren frå 1.1.2025.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar