På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.
Det er framleis slik at Volda kommune og Høgskulen i Volda har sluppe veldig billig unna pandemien. Vi har ikkje hatt utbrot på Høgskulen eller ukontrollert smitte i Volda. Men vi har naturlegvis hatt alle nedstengingar, alternative planar og arbeid heimanfrå for tilsette og studentar som alle andre har hatt.
Helsing til Hjalmar Eiksund i høve disputasen 27. mai 2021.
Det er ei stor glede for meg som rektor på Høgskulen i Volda å få overbringe hjartelege helsingar og gratulasjonar på vegne av alle tilsette og studentar på Høgskulen i Volda.
Dette er ein stor dag – først og fremst for deg. Men det er også ein stor dag for alle som studerer eller arbeider på Høgskulen i Volda – og for andre som bryr seg om det som skjer på høgskulen.
Det er også ein stor dag for dei som er opptatt av nynorsk språk generelt og nynorsk i skulen spesielt – anten no interessa er basert på språkfaglege eller språkpolitiske grunnlag.
I avhandlinga di fortel du både om indre og ytre motivasjon for arbeidet ditt – det er kanskje ikkje så vanleg at doktorandar fortel så openhjartig om personlege forhold til forskingstemaet. Men det er eigentleg litt synd, for interessa må jo kome ein plass i frå. Og eg reknar med at både den indre og ytre motivasjonen har vore god å hatt med seg gjennom doktorgradsløpet.
Betre samarbeid mellom høgskular og universitet og arbeidslivet, færre hinder for å ta vidareutdanning i samband med jobb, meir studentaktiv læring og meir og betre praksis er hovudbodskapane i meldinga som no skal gjennom stortinget og vonleg omsettast i praktisk politikk.
Høgskulen i Volda tilbyr utdanningar som fører fram til yrke som dei fleste kjenner til:
Grunnskulelærar, barnehagelærar, sosionom, barnevernspedagog, journalist og animatør. I tillegg kjem fleire andre utdanningar som kan gi jobb på veldig mange ulike yrkesområde, som til dømes utdanningane våre innan planlegging og leiing, språk, media- og kulturfaga. Dei aller fleste som tek ei utdanning ved Høgskulen i Volda får relevant jobb etter utdanninga, og mange av dei i Møre og Romsdal og Nordfjord som er vårt nærområde.
Vi har på få dagar i mars fått to meldingar frå regjeringa: Arbeidslivsrelevansmeldinga og styringsmeldinga. Begge meldingane har i utgangspunktet fått positiv omtale i sektoren – altså i Khrono. I det politiske miljøet ser det også ut til at meldingane vert tatt godt i mot. Kva skal vi på Høgskulen i Volda tenke om desse meldingane? Kjenner vi oss igjen? Får dei betydning for oss?
Først ein kort presentasjon av hovudpoenga i dei to meldingane.
Styringsmeldinga: «Regjeringen vil ha bedre styring av universiteter og høyskoler»
Hovudbodskapen i meldinga er at regjeringa skal styre meir i stort, og mindre i smått. Det kan bety at vi i framtida får færre «styringsparameter» å forholde oss til. Eit døme som blir brukt i meldinga er dei mange mål og styringsparameter som Høgskolen i Innlandet møter: I sum er det snakk om over 100, og Høgskulen i Volda har nok like mange. Med så mange styringsmål kan dei fort drukne i kvarandre og av og til dra i motsett retningar. Så i framtida kan det bli færre, men viktigare måleparameter. Meldinga fortel at vi kan vente oss fire styringsprinsipp i framtida, og her har eg gjengitt dei, med eigne ord:
– Dialogbasert styring: Styringa frå departementet skal vere transparent og føreåtseieleg og i dialog med høgskulane. – Differensiert styring: Nasjonale mål ligg fast, men det skal bli meir rom for lokal leiing. – Strategisk styring: Einskildinstitusjonar kan bli meir detaljstyrt i periodar om Kunnskapsdepartementet meiner det trengst. – Kunnskapsbasert styring: Vi skal framleis teljast og målast.
I styringsmeldinga står det at rammeplanane for lærarutdanning no skal vurderast, og at det kan bli meir frislepp i framtida. Sosialarbeidarutdanningane er midt inne i ei evaluering (RETHOS-løpet), så først i 2025 blir det kanskje større endringar med desse utdanningane.
Arbeidslivsmeldinga: «Slik vil regjeringen sikre bedre kontakt mellom studenter og arbeidsliv»
Politikarane som har kommentert meldinga har stort sett vore samde i hovudtrekka, og har vore usamde om kven av dei som meiner at arbeidslivsrelevans er viktigast. Dette er ikkje akkurat eit godt utgangspunkt for ein nyansert debatt om meldinga, og det er viktig å få fram at ulike høgskular og universitet har ulike utfordringar, praksis og tradisjonar når det gjeld arbeidslivsrelevans.
Regjeringa har identifisert fire innsatsområde som skal styrkast («mobiliserast») for å styrke arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning:
– Styrka samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidslivet – Opnare og meir tilgjengeleg høgare utdanning – Meir studentaktive lærings- og undervisningsformer – Meir og betre praksis
Samarbeidet med arbeidslivet har hatt dei såkalla Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) som ein viktig arena – men i meldinga blir det foreslått at institusjonane sjølve finn gode arenaer.
Det er nok arbeidslivsrelevansmeldinga som kanskje er mest konkret og dermed lettast å forholde seg til, så eg vil difor omtale den mest i det vidare – men med sideblikk til styringsmeldinga.
Blogginnlegget har vorte oppdatert med eit par tilleggsoppysningar/utvikling av diskusjonen. Tillegga er markerte med teksten «tillegg», dato og kursiv.
Høgskulen skal i 2021 inn i ein ny strategidiskusjon – godt forsinka av korona. Samtidig vil våren 2021 by på ei retteleg haglbyge av nasjonale strategiar for høgskule- og universitetssektoren.
Når veret kan vere skiftande og terrenget utfordrande bør fjellvettreglane vere godt kjende når ein skal ut på ein såpass krevande tur som ein strategiprosess kan bli. Og med litt usikre langtidsmeldingar frå sentralt hold. Vi kan starte med fjellvettregel nummer 2:
Nr 2: Tilpass turen etter evne og forhold.
Korleis står det til med evnene til Høgskulen i Volda?
I studieåret 2020-2021 har vi rekordmange studentar, vi har rekordvekst i 2021-budsjettet og i åra som kjem vil fleire store byggeprosjekt lande. Vi har ein del å gå på blant anna når det gjeld kompetanse, publisering og forskingsinntekter. Men med dei mange oppgraderingane og investeringane håper eg vi har på plass det Fjellvettregel nr 5 handlar om:
Nr 5: Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre
Vi bør altså ha eit godt utgangspunkt, men strategiarbeid handlar også om å planlegge framtida, om gå inn i det ukjende – og kanskje usikre. Då er det viktig å følgje Fjellvettregel nr 1:
Nr 1: Planlegg turen og meld frå kvar du går.
Planlegginga av turen, eller kartet, er både strategiprosessen, resultatet og gjennomføringa av planen. Vi har ein strategiplan som er datert 2017-2020, men koronaen har forsinka oss så først no i 2021 skal vi klare å gjennomføre samråda som trengst for at vi på slutten av året skal kunne seie at alle har fått høve til å delta i strategiarbeidet og styret kan vedta ny strategi for Høgskulen i Volda på eit godt grunnlag. Om vi held fram som før så er det ein ny fireårig strategiplan som vil bli vedtatt – kanskje for 2022-2025.
Høgskulestyret har førebels sagt sitt og godkjent den nye campusutviklingsplanen for Høgskulen i Volda. Campusutviklingsplanar må høgskular og universitet ha for å tenkje gjennom og vurdere korleis dei skal utvikle seg vidare i tråd med lokale behov og nasjonale føringar.
I forordet til planen var det veldig passande å ta utgangspunkt i eit dikt av Jon Fosse for å prøve å fortelje kva planen djupast sett handlar om, så her er heile forordet:
Forord:
eit andlet opnar seg over sjøen fjella og bakkane eit andlet opnar seg med skyer og vind i håret eit andlet opnar seg (Jon Fosse, «Stein til stein»)
Bytt ut «eit andlet» med «ein høgskule» i dette utdraget frå Jon Fosses dikt, og mykje er sagt om kva Høgskulen i Volda ønskjer med denne planen: … eit andlet opnar seg … ein høgskule opnar seg.
«Perler på ei grøn snor» er orda rådgjevarane frå Statsbygg vel for å beskrive rekketunet som husa, markane, vegane og ja heile høgskulen utgjer, der han ligg mellom elvar og bakkar, opnar seg mot sjøen og fjella, skyer og vind.
Vi vil også opne oss mot lokalsamfunn og region, både for ferdafolk, til og frå, men også mot dei mange nye grannane våre som vi saman skal finne nye måtar å leve og vekse i lag med.
Og kvarandre: Korleis opne opp vårt eige og kvarandre sine andlet? Korleis finne både dei fysiske og … andre … rom … som opnar for tanken, for læring, for kunnskap. I lag med kvarandre. Studentar og tilsette.
Og til og med midt i pandemien har vi kvarandre. Ingen veit kva den vil gjere med våre andlet med tida, men aleine er vi ingenting. I lag er vi alt.
I arbeidet med planen har vi vore mange i lag: Takk til dei mange høgskuletilsette, samarbeidspartar, Statsbygg og deira konsulentar for godt samarbeid i arbeidet med planen!
Eg håper Jon Fosse kan hjelpe oss alle til å starte med å tenke høgt. Ord som campusutvikling og arealnorm, utnyttingsgrad og bygge- og leiesaksinstruksen står uansett og trippar på dei neste sidene – dei kjem nok også til sin rett.
God lesnad! Johann Roppen Rektor, Høgskulen i Volda
Styrevedtak og oppføljing
I høgskulestyret vart det ingen lang debatt om planen, men dei som tok ordet var i grunnen godt nøgde med planen.
Framlegget frå direktøren vart vedtatt utan endringar:
Styret vedtar framlegget til ny campusutviklingsplan for Høgskulen i Volda, og takkar prosjektgruppa og andre bidragsytarar for eit grundig arbeid.
Styret ber administrasjonen følgje opp innhaldet i campusutviklingsplanen med følgjande prioriterte oppgåver: a. Ombygging av Hans Strøm-huset b. Fleire areal for uformell sosialisering og studentaktiv læring, både inne og ute. c. Kartlegging av spesialrom for å sjå om det er mogleg med meir sambruk. d. Utarbeide arbeidsplassrettleiar for ulike stillingstypar e. Bidra til at Norsk innovasjonssenter blir realisert på høgskuleområdet f. Utvikle betre fasilitetar for syklistar og gåande. g. Arbeide vidare med betre parkeringsløysing.
For meg virkar det klart at punkta arbeidet med ombygging av Hans Strøm-huset både hastar mest og truleg er mest kostesamt for høgskulen. Og her er planlegginga i gang.
Dei andre punkta frå b) til g) er ikkje i prioritert rekkefølgje men vil dukke opp i åra framover i ulike samanhengar – som til dømes i den årlege budsjetthandsaminga.
By Johann Roppen, rector of Volda University College.
On behalf of the staff I’m very happy to say: Welcome to Volda University College and to the student town of Volda.
Our English motto is: Volda is the place you’ll never forget! Each and every one of us must do our best to make sure that we all have good memories from the time spent in Volda.
As you now have chosen Volda, it may also be assuring for you to know that many other students also have chosen Volda. The number of students is at an all time high, and after graduation most of you will find exciting jobs. As you walk around campus you will see there are a lot of construction work going on, and there is more to come. In 2020, SiVolda (the Student Welfare Organization) has opened two new student dorms. There are also two large buildings being constructed in the middle of campus: A sports arena with a climbing wall, to be opened by Christmas, and the new building for media studies which will be completed by next summer. I hope that this will become the greatest media house in the world!
We are a small university college. Teaching is spread over many different buildings on campus and you can walk to most locations in Volda. So maybe Volda will be less affected by Corona than other places. But at the end of the day, this will only be decided by ourselves and what kind of knowledge we acquire, and use, regarding the virus, the infection and the crisis.
The Corona-crisis is one of the major challenges to society in our time, together with challenges regarding the environment, inequality and peace building. The challenges can only be solved by us gaining, sharing and using knowledge. In this respect, handling the Corona crisis is not different from other challenges.
This kind of relevant knowledge you can gain from the study programmes offered at Volda University College. Not only will you get a job after graduation, but you will also get knowledge for the future – you will be learning for life:
In Volda you can become a teacher, social worker, media- or cultural worker, study mangamenet, or specialise in the humanities. One current example shows the relevance of historical knowledge: Knowledge of the Spanish flu one hundred years ago now has become very important. Because of Corona.
But what can you do in order to “learn for life” and get knowledge for the future? You will get it all by co-creation with your fellow students and teachers. You should have high expectations for yourself. You should contribute to your own and others’ building of knowledge by being active, curious, critical – and sharing.
Think global. Act local. This also applies to you as a student at a university college. Take care of yourself. And take care of yourself by taking care of others.
Especially this year: Take care of yourself and others by following the rules, for instance keeping one meters distance. Pay attention to the number of people being allowed to enter a classroom. Maintain social distancing also in the cafeteria and in the Library. We must also respect other local regulations which surely will change during the year. Please help and support each other by paying attention to information, by sharing and following rules. This might be lifesaving knowledge.
You are now in the region of Sunnmøre, which has several world class tourist destinations. We have razor sharp mountain peaks, wild winds and an abundance of clean water. But the mountains of Sunnmøre are unforgiving and people lose their lives in our mountains every year. So, take care of yourself and others. Gather the knowledge needed in order to hike safely – but also in order to get the most out of the experience in a part of Norway which also will give you memories – for life.
Vi er ein liten høgskule. Undervisninga er spreidd på mange ulike hus på høgskuleområdet. Og du kan gå til det meste i Volda. Så kanskje slepp vi lettare unna koronaen enn andre stader. Men til sjuande og sist kjem det likevel berre an på oss sjølve og kva kunnskapar vi skaffar oss og brukar om viruset, sjukdomen og krisa.
Korona-pandemien er ei av dei store samfunnsutfordringane i vår tid, i lag med andre utfordringar som miljø, ulikskap og fredsarbeid. Samfunnsutfordringane kan berre løysast gjennom at vi skaffar, deler og brukar kunnskap. Slik sett er ikkje handtering av koronakrisa ulik andre store samfunnsutfordringar.
Og slik kunnskap kan få på utdanningane ved Høgskulen i Volda. Kunnskap som ikkje berre gir deg jobb etter studiet, men også kunnskapar for framtida, for lære heile livet:
I Volda kan du bli lærar, sosialarbeidar, medie- eller kulturarbeidar, ta leiarutdanning eller fordjupe deg i humaniora.
La meg ta eitt døme frå historiefaget: Kunnskapar om spanskesjuka frå hundre år tilbake har vorte svært så aktuell kunnskap. På grunn av korona.
Men korleis skal ein gå fram for å lære for livet, korleis får ein kunnskapar for framtida? Det får du gjennom samskaping med medstudentar og lærarar. Så ha forventningar til deg sjølv om at du skal bidra til di eiga og andres kunnskapsbygging ved å vere aktiv, nyfiken, spørjande, kritisk – og delande.
Tenke globalt. Handle lokalt blir det ofte sagt. Og gjeld også for deg som student på høgskule. Ta vare på deg sjølv. Og ta vare på deg sjølv ved ta vare på andre.
Og spesielt i år: Ta vare på deg sjølv og andre ved å følgje reglane som til dømes ein meters avstand. Kor mange som har lov til å vere i eit klasserom samtidig. Hald avstand i kantina og på biblioteket. Og så vil det heilt sikkert kome andre råd, reglar og påbod. Hjelp og støtt kvarandre med å følgje med på, dele og følgje reglane og dele kunnskapen. Det kan vere livsviktig.
Sunnmøre har fleire reisemål i verdsklasse. Du har no lett tilgang til skarpe tindar, ville vindar og reint vatn i store mengder. Men fjella på Sunnmøre krev liv kvart einaste år. Så ta vare på deg sjølv og andre. Også på dette området: Skaff deg kunnskapen som trengst både for å ferdast trygt – men også for å få best muleg opplevingar av eit stykke Noreg som vil gi deg minne for livet.
Blogginnlegget er ein litt oppdatert versjon av ein e-post som eg sende til alle tilsette på høgskulen 18.3.2020.
Vi står alle opp i ein kjempestor, vanskeleg og viktig jobb med å handtere kvardagen no når koronaviruset er over oss. Ein stor takk til alle tilsette på Høgskulen i Volda: De har verkeleg krumma nakken og står på for å løyse eit hav av uventa oppgåver som brått har vorte kasta på oss for å få kvardagen til å gå rundt. De gjer ein kjempejobb!
Det er uverkeleg kor fort vi gjekk frå kvardag til krise: Det skjedde frå tysdag til onsdag i førre veke. Måndag 9. mars hadde vi eit nokså fullt BK Vesle auditorium – kven tenkte då på at vi sat litt tett? Frå heile landet kom det PPU-fagfolk til nasjonal konferanse. Våre lokale arrangørar skal ha ros for eit godt arrangement!
Måndag 9.3. Tettepakka PPU-møte
Måndag 9.3. "Kontinuasjonsmøte" - vi sit framleis tett
Tysdag 10.3. Dekanmøte - Korona på dagsorden
Torsdag 12.3. All undervisning og alle møte avlyst.
X2 og Dokfilm avlyst
Torsdag 12.3. Kantina må stenge
Torsdag 12.3. Direktøren har sett krisestab
Fredag 13.3. Krisestaben samla
Torsdag 12.3. Kunnskapsdepartementet har møte om korona - dei er tett på
Avlyst, avlyst, utsett ... også arrangement langt etter påske.
Tysdag 17.3. Krisestaben samla på Zoom
Zoom-informasjon: Jørn Persson og Roy Inge Nupen er nøkkelpersonar i innføring og opplæring av Zoom.
Heimekontor med morgonkaffi på Zoom: Mummi har sine fans på IPAS!
Onsdag 11. mars vart sjølve korona-dagen. Då gjekk vi frå tenke på korona-virus som noko dei var plaga med i Kina, Iran eller Italia … og kanskje nokre få nordmenn som hadde vore i desse landa.
Men så
var det over oss: Viruset er laust også i Noreg. Onsdag 11. mars trykte
høgskuledirektøren trykte på alarmknappen og sette krisestab saman med resten
av høgskule-Noreg.
Høgskulen i Voldas
strategiske mål er: Kunnskap for framtida, så temaet for denne konferansen er
viktig også for høgskulen i Volda som i 2020 skal legge strategiar for dei
komande åra.
Det passar veldig
bra å ha denne konferansen akkurat i år – vi kan faktisk no feire at vi har
drive med praktisk pedagogisk utdanning i regi av Høgskulen i Volda i 30-år.
Undervisninga vart først gjennomført i Molde, frå hausten 1989, og seinare også
i Kristiansund, Ålesund og Volda. Studiet vart eittårig og basert i Volda frå
1993.
Først nokre ord om
institusjonen som de no har kome til og som står som arrangør av denne
nasjonale konferansen. Kvar har de kome no?
De har kome til ein
stad sterkt prega av høgare utdanning. I Volda kommune bur det ca 9.000
innbyggarar. Men vi har registrert 4.500 studentar. Så studentane pregar bygda,
og har gjort det lenge. Den første lærarutdanninga vart starta i Volda i 1861
som eit regionalt tiltak og var privatfinansiert. Frå Volda var det om lag like
langt til dei statlege lærarseminar på Stord og Klæbu. Slike geografiske omsyn
er viktige også i dagens strukturreformerte landskap.