Styringsmelding og arbeidslivsrelevans: Mindre detaljstyring – meir arbeidslivsrelevans – meir tillit?

Kva med oss? Er her noko nytt?

Høgskulen i Volda og alle andre institusjonar som driv med profesjonsutdanning bør nok vere glade for arbeidslivsrelevansmeldinga. Meldinga ønsker seg tettare samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningane, og det ønsker vi velkomen. Samtidig er det viktig å få fram at for oss er det naturleg og viktig at utdanningane våre skal føre til jobb, at vidareutdanning er viktig for dei som alt er i ein jobb og at vi har god kontakt med arbeidslivet. 

Heldigvis står det også i meldinga at omgrepet arbeidslivsrelevans må undersøkast nærare. Det er viktig og nødvendig for meldinga slår nok også inn opne dører. Her skal berre nokre av dei opne dørene nemnast: Omfang og innhald i praksis, innhald i utdanningane, livslang læring og tverrfaglegheit/internasjonalisering/ entreprenørskap. På alle desse områda gjer Høgskulen i Volda alt i dag mykje av det som blir etterlyst i arbeidslivsrelevansmeldinga, så meir av det som er bra må bli endå betre. Det same trur eg gjeld dei fleste andre profesjonstunge høgskular og universitet. Så når meldinga skal diskuterast bør ein vere nøye med kva typar utdanningar ein tenkjer på og kva som er problemet.

Mykje praksis i Volda

Praksis i arbeidslivet er eit gjennomgangstema i meldinga, og ein kan fort få inntrykk av at det  nesten ikkje er praksis i høgare utdanning. Det er heldigvis ikkje tilfelle.

I Volda har vi utdanna lærarar sidan 1861 og då var lærarutdanninga samlokalisert med folkeskulen i bygda. Også i dag er ein av våre praksisskular granne til høgskuleområdet, så vi er praksisnær også målt i meter. Dagens studentar som går på femårige grunnskulelærarutdanningar får minimum 110 dagars «rettleia, variert og vurdert» praksis. Og praksis må vere fullført 100 prosent før studentane får sine vitnemål. I barnehagelærarutdanningane er det minimum 100 dagar praksis. I tillegg til at høgskulen har  eit omfattande nettverk av praksiskular og praksisbarnehagar, har vi inngått avtalar med nokre utvalde skular og barnehagar som vi skal utvikle eit spesielt nært samarbeid med.

I sosialarbeidarutdanningane våre – sosionom og barnevern – er det krav om 24 veker praksis i løpet av 3 år. Dette er nasjonale krav, bestemt gjennom nasjonale forskrifter fastsett av Kunnskapsdepartementet og dermed gjeldande for alle utdanningane i landet.

I mediefagutdanningane våre er det ikkje nasjonale krav, men studentane har 20-30 veker praktiske øvingar i interne redaksjonar og studio og i profesjonelle mediebedrifter i løpet av ein bachelorgrad. I tillegg kjem eitt semesters utanlandsopphald og bacheloroppgåve, så studiekvardagen blir fort full.

Bachelorstudentane på Avdeling for kulturfag har også mykje praksis i sine studium i Musikk, Teater og drama, Idrett og kroppsøving, Friluftsliv og naturguide, og Design, kunst og handverk. Det kan vere både praktiske øvingar på studiet, praksis i skulen eller andre stader eller å jobbe med studentbedrift. (Avsnittet om Avdeling for kulturfag vart lagt til 24.3.2021, kl 17.00)

Dette er jammen ikkje lite praksis og omfanget av praksis har vore nesten uendra på desse profesjonsutdanningane i mange år. Dilemmaet er at om studentane skal ha endå meir praksis så blir det mindre tid til fag, til undervisning i norsk, engelsk, matematikk eller andre fag. Vil vi det?

Vi bør nok heller sjå på innhaldet i praksisen og gjere den betre. Heldigvis har arbeidslivsrelevansmeldinga som mål at det skal bli lettare for arbeidslivet å ta inn studentar og tettare samarbeid mellom utdanningar og praksisstader. Det ønsker vi velkomen, på alle fagområde.  Det er diverre eit vel kjent og stort problem at svært mange nyutdanna lærarar opplever ein stor overgang frå utdannning til arbeidslivet – og sluttar fort i yrket. Her har utdanningane, studentane og arbeidslivet alt å tene på å bli betre.

Grunnskulelærarutdanningar er særskilt omtala i meldinga og interessant nok er ei av vurderingane at det forsåvidt ikkje er grunnskulelærarutdanninga som må endre seg mest – men kanskje skulen, altså arbeidslivet, som må heve sin kompetanse for å kunne absorbere forsking, som det heiter. Det trengst altså fleire med forskingskompetanse i skulen (side 49-50 i styringsmeldinga). Dette kan nok også gjelde på andre delar av arbeidslivet også.

Kven skal styre innhaldet i undervisninga?

Fleire aktørar frå arbeidsliv og samfunnsliv ønsker å få meir å seie over innhaldet i høgare utdanning. Dei mest nyanserte kommentatorane understrekar at kanskje hadde arbeidslivet også noko å lære frå forsking og høgare utdanning?

Det tek gjerne fem år frå ideen om ei bachelorutdanning blir fødd til dei første kandidatane søker jobb, så det er heilt nødvendig at aktørar frå arbeidslivet legg til grunn eit langsiktig, djuptgåande og kunnskapsbasert engasjement for høgare utdanning for å kunne klare å spele ei viktig rolle i å styrke kvaliteten på høgare utdanning. Vi må kome bort frå at søkarmassen på førre stillingsutlysing i ein einskild kommune eller bedrift blir brukt som kriterium for om høgare utdanning er dimensjonert rett.

Ved Høgskulen i Volda har vi i stor grad hatt dei same fagmiljøa og ein stabil studieportefølje i mange år. Det tek tid å bygge og vidareutvikle fagmiljø. Det er høge kvalitetskrav både for å drive utdanningar og å starte nye utdanningar. Vi kan difor neppe by på stor dynamikk og raske skifte når det gjeld bachelor og masterutdannningar. Vi bør heller odle fagmiljøa vi har og ikkje snu oss etter alle kastevindar. Men det er både nødvendig og lov å endre seg innanfrå, anten det no handlar om digitalisering, internasjonalisering eller andre nye krav som blir stilt til oss.

Arbeidsrelevans kan også gi betre undervisning, seier meldinga og det er det vel få som er usamde i. Spørsmålet handlar vel mest om å finne dei rette folka frå arbeidslivet – dei som har eit reflektert forhold til eigen praksis. Dei er veldig velkomne hos oss!

Diverre har meldinga teke med formuleringar frå Holden-utvalet som brukar omgrepet «forelesere» om undervisarar i høgare utdanning – som om alle framleis står og doserer i lagerfrakk. Men denne stjerneformuleringa frå same utval tek likevel kaka: 

«Videre er det mulig å bruke mer arbeidsrelevante oppgaver i undervisningen og formidle det akademiske med flere referanser til problemer hentet fra virkeligheten.»

Arbeidslivsmeldinga, side 17.

Takk for tipset – men dette trur eg alle som har vore i nærleiken av profesjonsutdanning har tenkt litt på – kanskje i ca. hundre år? Formuleringa «fra virkeligheten» hadde i seg sjølv fortent ein smule problematiserande analyse, gjerne i den akademiske røynda.

Gjer det lettare å ta vidareutdanning

Eitt av dei fire innsatsområda i styringsmeldinga var «meir open og tilgjengeleg høgare utdanning» . Det må vere positivt og heng godt saman med signal frå andre meldingar, særleg meldinga «Kompetansereformen – Lære hele livet».

Høgare utdanning og arbeidslivet har ei felles interesse i å gjere det lettare å ta vidareutdanning. Her er arbeidslivsrelevansmeldinga tydeleg. Kanskje 1/3 av dei ca. 4.500 studentane ved Høgskulen i Volda er inne på ei vidareutdanning – ofte som nettstudium. Så vi ligg litt føre relevansmeldinga på dette punktet, og har også sett dilemma. Eitt av dei handlar om masterstudentar.

I Volda har vi hatt ein fin og jamn auke i talet på mastergradskandidatar dei siste åra: Frå ca. 50 til ca. 80 pr år. I 2022 vil dei første grunnskulelærarstudentane få sine papir etter fullført lærarmaster, så masterstudentar blir viktigare og viktigare for Høgskulen og går rett ut i arbeid i eit fylke som ligg dårleg an på andel yrkesaktive med lang høgare utdanning.

Diverre har vi i Volda hatt ein låg gjennomføringsprosent på masterstudentar – det er for få som fullfører master på 2 år. Men her er eit dilemma for heile sektoren: Til fleire som tek mastergradskurs ved sidan av full jobb, til færre vil klare å fullføre på rimeleg tid. Dette er ei stor utfordringa ved Høgskulen i Volda pr i dag, og til fleire som kombinerer masterutdanning med jobb til fleire kan få problem. Heldigvis blir det varsla betre vilkår for yrkesaktive som tek vidareutdanning i desse meldingane, så vonleg blir det lettare å ta vidareutdaning i framtida.

I styringsmeldinga blir det elles varsla at det skal bli endringar i regelverket for betalingsstudium – eller meir presist: Eigenbetalingsforskriften kan bli revidert. Det kan gjere det lettare for Høgskulen i Volda å tilby kortare kurs – og det er det mange i arbeidslivet som ønsker seg.

Tverrfaglegheit, internasjonalisering og innovasjon/entreprenørskap

Tverrfagleg orientering, internasjonalisering og innovasjon/entreprenørskap er også tema som er nemnt i arbeidslivsrelevans-meldinga, styringsmeldinga og andre politiske dokument for vår sektor. Men igjen: Dette er ikkje nytt, men vi må heile tida arbeide for å bli betre.

Profesjonsutdanningar har alltid vore tverrfaglege. Det er heilt nødvendig for å kunne tilby studentane undervisning og av god kvalitet på alle område som profesjonsutdanningar skal dekke. Innanfor profesjonsutdanningane ved Høgskulen i Volda er nok minst 30 ulike fagområde representerte: Animasjon, engelsk, film/foto/video, grafisk design, historie, IT, journalistikk, juss, kroppsøving/idrett/friluftsliv, kunstfag, mat/helse, matematikk, medievitskap, musikk, norsk, pedagogikk, planlegging/leiing, psykologi, radio, realfag, religionsvitskap, samfunnsfag, sosialfag, teater/drama, økonomi og heilt sikkert andre. Det er heilt nødvendig å arbeide tverrfagleg når ein driv profesjonsutdanning. Og vi har arbeidd tverrfagleg sidan 1861.

Det største problemet med å arbeide tverrfagleg er at det kan vere vanskeleg å få fagleg aksept i ei verd der eksellens og tverrfagleg arbeid fort stå i motsetning til kvarandre. Det kan verte eit trongt nålauge å få midlar frå Forskingsrådet til tverrfaglege prosjekt. 

Internasjonalisering gjennom studentutveksling er i eit normalår viktig for Høgskulen i Volda. Vi har ein høg andel inn- og utreisande studentar, og mest innanfor mediefaga som ikkje har nasjonale rammeplanar. Regjeringa har i styringsmeldinga varsla at dei nasjonale rammeplanane for lærarutdanningane kan bli mjuka opp – om nokre år. Men dette er ei viktig årsak til at få studentar reiser ut: Utdanningane er så detaljstyrte at det er vanskeleg å få plass til utveksling. Somme studentar gjer det og vonleg blir det fleire. Så det bør ikkje stå på institusjonane.

Arbeidslivsrelevans-meldinga ønsker at innovasjon og entreprenørskap skal bli eit tema i alle utdanningar – «ei tverrgåande prioritering» som det blir kalla. Men igjen: Mange utdanningar er så detaljstyrte gjennom nasjonale rammeplanar at det kan vere vanskeleg å få plass til nok eit nytt fag. Detaljstyring og innovasjon er i seg sjølv neppe ein god kombinasjon. Når det er sagt er det verkeleg på tide at innovasjon og entreprenørskap som omgrep og ikkje minst tankegangen dei er ein del av blir underkasta kritisk gransking. På same måte som alle andre viktige omgrep som er mykje brukt i samfunnsdebatten. Noko anna er om det verkeleg er ønskeleg at vi alle skal bli innovatørar heile tida?

Framtidsferdigheiter – også kreativitet og kommunikasjon

Ved Høgskulen i Volda ønsker vi å ta vårt eige grep om innovasjon og entreprenørskap ved å løfte dette inn i utviklingsavtalen med Kunnskapsdepartementet under omgrepet «Framtidsferdigheiter». Vi ønsker å kople på kreativitet og kommunikasjon og kanskje litt forenkla: «Det gode livet». 

Eitt bidrag på dette området er førsteamanuensis Helga Løvolls forsking som blant anna har vorte formidla på ein framifrå måte i Forsking.no.

Gi oss meir tillit

Tittelen på arbeidslivsrelevans-meldinga er altså «Utdanning for omstilling. Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning». Oppsummert så byr truleg meldinga på meir – men betre – av det same når det gjeld praksis og kopling til arbeidslivet i våre profesjonsutdanningar. Eller spissformulert: Våre studentar treng neppe mykje meir praksis. Men vi må få til betre praksis – og då må utdanningane og arbeidslivet samarbeide betre i framtida. For Høgskulen i Volda betyr det ikkje nødvendigvis store endringar, men heller ei jamn utvikling – og betring. Vonleg får vi betre forståing og rammevilkår for det i framtida.

Så blir det spennande å sjå om den andre meldinga, styringsmeldinga, faktisk gir institusjonane større fridom og dermed rom til å vidareutvikle samarbeidet med arbeidslivet. Det kan godt hende det krev forskings- og høgare utdanningspolitikarar som både ser og tenker langsiktig og gjev institusjonane tillit – over fleire år. Mindre detaljmåling og meir vidsyn kan vere ein god start, og kanskje blir dette ein tilitsreform? 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Styringsmelding og arbeidslivsrelevans: Mindre detaljstyring – meir arbeidslivsrelevans – meir tillit?»

  1. Hei Johann– gode og reflekterte synspunkt! Nokre kjappe kommentarar:
    Kanskje ein kunne framheve meir at det kunne vere tenleg med MINDRE styring også, ikkje berre færre detaljar; gitt at samfunnet over tid har interesse av eit uavhengig akademia.
    Eg trudde elles (eller håpte kanskje) at Future Skills kunne tonast noko ned, og i alle fall takast ut av utviklingsavtalen. Det ville ikkje bety slutten på å tenke kreativt om framtida, men det kunne kanskje bidra til å opne opp for ei litt breiare strategisk satsing på Idrett og Frilufsliv ved HVO (som FS sjølvsagt kunne vere ein del av)

Legg igjen en kommentar