Greetings from Iselin Nybø, Minister of Research and Higher Education, start of academic year 2019-2020, Volda University College

Speech translated from Norwegian to English by International office, Volda University College.

This winter, many of you made the decision to enter higher education. I do not think you will ever regret it. Enjoy this time – because it goes by so fast! I finished my law degree in 2016. But this spring I had to look back on what life as a student was like.

Before summer, I was challenged by the Norwegian student organisation to spend a week on a student budget. I accepted that challenge.
And I will admit that I felt a little misplaced – the first night back at the student housing. But I remembered back, to freedom and to all the new, exciting people I got to know. But, of course, not everything about student life is great – I was reminded of that when the neighbour upstairs decided to practice the keyboard all evening. Or when I had to constantly check how much money I had left.

Rectors speech by the opening of the academic year 2019-2020, Volda University College

Minister of Research and Higher Education. County council officials. Members of parliament. Honoured guests. Employees.
As rector at Volda University College I am happy that all of us have joined together to greet the main characters today: Each and every new student!

Dear new students. Welcome to Volda University College. You will find open doors here – enter them – meet new people.

Let us create the future world together – a future of open minds and doors. I promise you, that if you keep an open mind, you will find interesting and fascinating people and ideas that you otherwise would not have encountered.
This is the only part of my speech that will be performed in English. But the main points of the Norwegian part will be presented in English on this screen.

A particular welcome to all new international students who are here today. Also, welcome back to those who have returned to Volda for another academic year.

Iselin Nybøs helsing til nye studentar ved studiestart 2019

English version of the speech.

Denne vinteren tok mange av dere en avgjørelse om å ta høyere utdanning. Det tror jeg dere aldri kommer til å angre på. Ta vare på denne tiden – for den går så utrolig fort! Selv var jeg ferdig på jussen i 2016. Men i vår fikk jeg huske tilbake på hvordan studietilværelsen var.

Før sommeren ble jeg nemlig utfordret av Norsk studentorganisasjon til å leve en uke på studentbudsjett. Den utfordringen takket jeg ja til.

Og jeg skal innrømme at jeg følte meg litt malplassert – den første kvelden på studenthybel igjen. Men jeg husket tilbake, til friheten og alle de nye, spennende menneskene jeg ble kjent med. Men selvsagt er ikke alt ved studenttilværelsen like rosenrødt – det ble jeg minnet på da naboen over bestemte seg for å øve på keyboardet hele kvelden. Eller når jeg til stadighet måtte kontrollere hvor mye penger jeg hadde igjen.

Å begynne med høyere utdanning er et stort steg, og for mange av dere er kanskje Volda også en helt ny by. Å velge Volda som studiested synes jeg er et utmerket valg.

I konkurranse med hele verden trenger vi de klokeste hodene. Norge kan aldri bli billigst, men vi kan bli best. Da må vi klare den kombinasjonen det er med å ta vare på samfunnet samtidig som vi utvikler det – og det må vi gjøre sammen.

Finansieringa av grunnskulelærarutdanninga må styrkast

Felles fråsegn frå rektorane ved institusjonane som driv grunnskulelærarutdanning.

Som rektorar ved institusjonar som utdannar grunnskulelærarar set vi pris på Regjeringa si satsing. Gode lærarutdanningar gir viktige bidrag til Noreg som kunnskapsnasjon. Strategien Lærerutdanning 2025 har ambisiøse mål og klare føringar for kvalitetsutviklingsarbeid i lærarutdanningane, og vi er innstilt på å bidra til kvalitetsheving. I samband med dette er det viktig med forsking som utdanninga skal bygge på, i lag med samarbeidet mellom lærarutdanningane og praksisfeltet, altså barnehagane og skulane. Som institusjonsleiarar stør vi opp om måla, innsatsområda og tiltaka som strategien løfter fram.  

Vi vil likevel peike på at å gå frå ei fireårig bachelorutdanning av grunnskulelærarar til ei femårig integrert masterutdanning kostar pengar. Det er særleg tre ting vi vil peike på:

• Auka lønnskostnader på grunn av nye kompetansekrav til dei fagleg tilsette.

• Endå høgare utbetalingar til praksisfeltet, og som framleis blir betalt over institusjonanes budsjett.

• Det femte studieåret gir 25 prosent fleire studentar i lærarutdanningane, og då treng vi meir plass og får auka driftskostnader frå hausten 2021.

Velkomsttale på opning av studieåret 2019-2020

Tale i høve semesteropning 20. august 2019.

Frå venstre: Johann Roppen, Iselin Nybø og programleiarane Paloma Lorenzale Alonso og Trym Rimmen.

English version of the speech.

Statsråd. Fylkesmann. Stortingsrepresentant. Fylkesordførar. Inviterte gjester. Tilsette ved Høgskulen i Volda:  

Eg er takksam for at de har kome hit i dag for å ønske velkomen dagens hovudpersonar: Nemleg dei nye studentane! 

Til de som er nye studentar i Volda. Velkomen hit. Her vil de møte opne dører. Gå gjennom dei. Møt  nye menneske. Skap ei ny framtid i lag med oss. I lag med dine framtidige medstudentar. Lærarar. Og alle andre som har med høgskulen å gjere. 

Det er gjennom slik samskaping at kunnskap blir til.

Eg kan love deg at om du går inn ei opa dør med eit ope sinn, så vil du finne folk og idear som du ikkje visste om eller visste var spennnande og interessante. 

Sommarhelsing frå rektor – 5. juli 2019

Kjære alle tilsette ved Høgskulen i Volda! 

Først og fremst vil eg ønskje alle tilsette ein god sommar og håper alle får ein fin ferie og får ladde batteri og får ny kveik om det trengst. Til dei som har oppgåver som gjer at dei må jobbe mesteparten av juli eller august så håper eg dei også får fine dagar.

God sommar!

Vi har lagt bak oss nok eit spennande år på Høgskulen i Volda.  Det vart ei fin jubileumsmarkering 20. juni, og eg håper dei som deltok fekk både ein kjekk og tankevekkande dag.

Vi stilte oss opp – 10 rektorar på rad. Alle menn. Det er ikkje eit godt teikn for ein institusjon som har hatt fleirtal av kvinnelege studentar i 100 år, og som i løpet av dei siste åra også har fått kvinnefleirtal på nesten alle kompetansenivå. Men kven er nærast til å gjere noko med det?

Sjølv tenkte eg også tilbake på mi tid som student ved DH-skulen. Dåverande rektor Tor-Johan Ekeland var med på å finansiere ei jubileumsmarkering – eit debattmøte – for Ottosen-komiteens arbeid, som la grunnlaget for DH-skulane. Vi i deet dåverande studentlagsstyret (= studentparlamentet) fekk Kristian Ottosen sjølv til å kome til Volda, og spørsmålet han skulle svare på var om DH-skulane hadde blitt slik han hadde tenkt. Eg trur svaret var at dei faktisk hadde begynt å leve sitt eige liv. Og sånn måtte det kanskje bli?

Dette er altså ca 30 år sidan, og det er rart å tenke tilbake på at eg som ung student tenkte på DH-skulen som ein veletablert, trygg, gammal institusjon – på heile 20 år. Kva er den då i dag? Det stemmer at institusjonen har blitt endå gamlare. Men trygg? 

Vi ser at det nyfusjonerte Nord universitet ikkje framstår som ei vidare trygg hamn for ein institusjon og studiestad som Nesna. Etter over 100 år ser det ut til at det no er slutt. Så å vere veletablert og gammal er ingen garanti for tryggleik. Men det er vel også Nord universitet si oppleving at dei som institusjon ikkje er trygge. Nord opplever at departementet har separate møte med delar av styret, at statsråden møter opp på styremøte, at rektor brått trekker seg, og at når det kjem framlegg frå universitetet sjølv om å gjere dramatiske grep ved å legge ned Nesna og andre studiestader, så blir det møtt med nye politiske signal frå Kunnskapsdepartementets politiske leiing. 

Jubileumshelsing frå Jostein Fet i høve jubileumsfeiring 20. juni 2019

Jostein Fet 2019. Video: Rune Mo.

Under jubileumsmarkeringa 20. juni 2019 fekk vi diverre litt tekniske vanskar med å syne fram Jostein Fets helsing i høve jubileumsmarkeringa, og det var etableringa av DH-skulen som Jostein Fet her fortalde om. Jostein Fet var tilsett på Volda lærarhøgskule og deretter på Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda der han var ein av dei aller første som vart tilsett i 1970 – og der han arbeidde fram til han vart pensjonist, då som dosent i litteratur.

I 2017 vart han kreert til æresdoktor ved Universitetet i Bergen.

Helsinga frå Jostein Fet er tilgjengeleg på Youtube, og du kan høyre og sjå Jostein her.

Les meir om Jostein Fet på Allkunne.no.
Jostein Fets publiseringar (Oria)

Fjordkonferansen 2019 – opningshelsing, 19. juni 2019.

Kjære alle deltakarar på Fjordkonferansen 2019, og ei særleg helsing til dykk som er arrangørar av konferansen.  Spesielt kollegene ved Høgskulen i Volda som har drege det tyngste lasset for å få arrangert årets konferanse. Eg vil gjerne seie gratulerer med dagen!

Eg vil også rette ei særleg helsing til professor Øyvind Helgesen ved NTNU. Han har kanskje mest i kulissane lagt ned eit stort, godt og viktig arbeid for å halde i gang Fjordkonferansen år etter år. No har han gitt beskjed om at nok er nok, og det må vi respektere. På vegne av alle dei involverte institusjonane vil eg rette ein stor takk til Øyvind.

Det er ei stor glede å få stå her og halde denne opningshelsinga. Det er i grunnen litt som ein olympiade. Olympiader går som kjent fire-års syklusar, og det gjer Fjordkonferansen også. No er det fire år sidan sist Volda hadde hovudansvaret for å arrangere Fjordkonferansen og eg er alltid glad for å få kome hit til Loen og få med ein bit av konferansen.
Fire år er også for mange doktorgradsstudentar tida dei har til rådvelde for å skrive ei doktoravhandling. Ja, med pliktarbeid då. Sjølv er ikkje noko føredøme i så måte – eg måtte bruke 8 år på mitt  doktorgradsprosjekt i medievitskap ved Universitetet i Bergen Kanskje hadde det gått fortare om eg hadde hatt rettleiar i Volda eller i regionen. Eller ikkje hadde fått lov å følgje mitt eige hovud og ta eit avbrekk og jobbe eit år i det statlege mediebyråkratiet. 


Symposium, 50 og 25 år

Det er travle dagar i Volda – og sikkert andre stader desse dagar. Denne fasen etter at undervisninga er ferdig er det nok mange som er i konferansemodus. Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda arrangerte dei første dagane av denne veka eit internasjonalt symposium i journalistikk. Og Geiranger og Stryn og Hoven var definitivt trekkplaster som gjorde at internasjonale toppnamn fekk ein ekstra god grunn og motivasjon til å kome til Sunnmøre og Nordfjord. 

Søre Sunnmøre tingrett er viktig – også for Høgskulen i Volda

Sorenskrivargarden i Volda

Høgskulen i Volda har i dag sendt innspel til Domstolskommisjonen gjeldande Søre Sunnmøre tingrett:

Høgskulen i Volda har følgt med på debatten om muleg nedlegging av Søre Sunnmøre tingrett i Volda. Tingretten er viktig også for Høgskulen i Volda, og vi ønskjer med dette brevet å gjere greie for det og ber om at Domstolsadministrasjonen også legg vekt på det i den vidare vurderinga av saka.

Opening speech, Volda-symposium 2019: «Professional and Peripheral News Workers and the Shifting Importance of Platforms»

Dear guests, dean, distinguished professors, staff and students.
Scientific chair. Symposium panel. Local organizing committee.  
And research-group: Media, professions and society. 

Welcome to the symposium: «Professional and Peripheral News Workers and the Shifting Importance of Platforms». 

And a special and warm welcome to the guest who are in Volda and possibly in Norway for the very first time. We hope You will enjoy the stay, and we will be happy to see You again. 

Professor Oscar Westlund, scientific chair. Photo: Jonas Koezle

As rector of the Volda University College I’m very proud of this symposium happening i Volda and Loen. And speaking for all of the University College we all wish You the best and hope that the days on the symposium will live up to the expectations of all of the Volda University College: In Norwegian we say: Lære, leve, oppleve. In English: Learning, living, experiencing.