Fjordkonferansen 2019 – opningshelsing, 19. juni 2019.

Eg må også få fortelje om eit anna arrangement ved Høgskulen i Volda i torsdag 20. juni.

Dobbeltjubileum 20. juni: 50 år med DH-skule. 25 år med Høgskulen i Volda

Omtale av jubileumsmarkeringa.

Då kjem Gudmund Hernes på besøk. Muligens for første gong på 25 år. Og sist han var der ordna han med ein fusjon, så det var i grunnen under sterk tvil at eg inviterte han til å kome og halde jubileumstale. For 20. juni 1969 vedtok Stortinget at det skulle startast prøvedrift med eit nytt skuleslag – med Distriktshøgskular. Og Molde og Volda var to av stadene som vart nemnde i denne første pulja med utrulling av eit nytt skuleslag som skulle gje utdanning der folk bur. Men det er altså også 25 år sidan Møre og Romsdal Distriktshøgskule Volda vart slått saman med Volda lærarhøgskule til dagens institusjon: Høgskulen i Volda.

Hernes skal halde tale over temaet framtida til høgskular og universitet dei neste 50 år. Vi får sjå og høyre om han har noko framtid for oss. Men i tillegg vil vi også ha ein paneldebatt der Hernes skal få snakke om samanslåinga i 1994. Ein velkjend Fjordkonferanse-ven som innleiar: Jørgen Amdam skal snakke om dei første DH-åra. Og så skal ein yngre HVO-tilsett Eirik Søvik, nyvald styremedlem, få kome med sine tankar om dagens situasjon.

De som kjem frå Sogn og Fjordane kjenner nok si høgskulehistorie betre enn meg, men vi kjenner jo til at lærarskulen i Sogndal og også førskulelærarutdanning i starten vart styrt frå Volda, men at desse utdanningane veldig fort kom på eigen kjøl i Sogn og Fjordane. Altså: Utdanning der folk bur. 

Når eg dermed har slått på slike historiske strengar så må eg få seie at det er litt fasinerande at i 1969 var løysinga på kompetanseutfordringane i Distriktsnoreg å flytte utdanning dit folk bur. Med dei siste hendingane særleg i Nordland og det tidlegare Nord-Trøndelag så kan det i grunnen sjå ut til at det er den motsette løysinga som rår i dag gjennom strukturreformen for høgare utdanning.

Fjordkonferansen – og framtida
Fjordkonferansen har på eitt plan utspring i dei same prosessane og utfordringane som har lege bakom strukturprosessane, altså fusjonane og overtakingane i universitets- og høgskulesektoren. Ambisjonen om å drive meir og betre forsking har vore eitt utgangspunkt. Virkemiddela for å oppnå det og responsen på utfordringa har som vi veit vore ulik, også innanfor dei fire insitusjonane bak Fjordkonferansen.

Fjordkonferansen har hatt som ambisjon å skape ein arena for startpublisering, ein stad der forskarar tidleg i eit karriereløp skal kunne få legge fram sine arbeid og få kommentarar – og på den møte fagfolk også ved andre institusjonar. 

Frå fusjonar i andre sektorar kjenner vi til at fusjonerte institusjonar kan bli innovervende og prioriterer å bygge opp indre strukturar i staden for å tenkje samarbeid, eventuelt at det blir så krevande å fusjonere at eksterne samarbeid har lett for å bli prioritert ned.
Eg håper ikkje Fjordkonferansen skal bli gløymt, men at den også i dei neste fire-fem åra vil bli ein stad der forskarar i Fjord-Noreg kan møtast for felles fagleg utvikling.

Det var i alle fall denne responsen eg fekk frå dei andre institusjonane då eg tok kontakt med dei i vinter for å få deira vurdering av framtida for Fjordkonferansen. Rektorar og direktørar blir jo veldig fort opptatt av pengar og budsjettpostar, og då er det veldig greitt å formidle kva som er den økonomiske modellen bak Fjordkonferansen dei neste fire åra: Deltakarane betalar sjølv for reise, opphald og ei lita konferanseavgift – altså over institusjonanes vanlege budsjett. Alt det faglege arbeidet blir gjort innanfor FoU-tida til dei involverte forskarane. Dette blir også kalla dugnad. Institusjonane betalar gjennom eit spleiselag kostandene knytt til Fjordantologien. Det må vi gjere frå og med 2020, fordi startkapitalen som Øyvind Helgesen og dei andre veteranane skaffa fram no vil bli brukt opp.

Men igjen: Institusjonane er positive til dette. Så håper eg deltakarane på årets konferanse opplever at Fjordkonferansen både er hyggelig og nyttig og at dei formidlar det tilbake til eigne institusjonar, slik at oppslutninga ikkje slitnar. 

Men då er det nok kanskje endå viktigare enn før å få fleire bidragsytarar frå alle institusjonar både på konferanse og antologi – kvart år. Det hadde i alle fall gjort det lettare å formidle at Fjordkonferansen har vorte vaksen og står for kontinuitet.
Reint praktisk og administrativt er Fjordkonferansen no eit prosjekt ved Høgskulen i Volda. Men det er opp til styret å finne gode måtar å samarbeide mellom interessentane på, og så får vi på rektornivå gjere vårt for å støtte opp under konferansen i form av strategiske midlar.  Høgskulen i Volda har også teke på seg å halde ved like nettsida Fjordkonferansen – vi trur det er ein fordel også med tanke på kontinuitet.

I år er det altså Volda som er arrangør av konferansen, og det er nok fornuftig å følgje same mønster i åra framover når det gjeld ansvar for konferansen som vi har gjort dei siste åra. Vi går frå nord til sør, og då blir det slik:

  • 2019: Arrangør: Volda. Antologi: Ålesund
  • 2020: Arrangør: Sogn og Fjordane. Antologi: Volda
  • 2021: Arrangør: Molde. Antologi: Sogn og Fjordane.
  • 2022: Arrangør: Ålesund. Antologi: Molde
  • (2023: Arrangør: Volda. Antologi: Ålesund.)?

Ideen bak Fjordkonferansen?
Så langt det administrative og økonomiske. Men kva med innhaldet? 
Kva Fjordkonferansen og Fjordantologien skal vere for noko er spørsmål som ein heile tida bør diskutere, og som ulike einskildpersonar, konferansearrangørar og bokredaktørar har ulike svar på. Slik skal det vere. 

Eit spørsmål som heilt sikkert mange forskarar spør seg er kva som er poenget med å gå til ein tverrfagleg konferanse og publisere i ein tverrfagleg antologi? Er det ikkje betre å gå til dei meir spissa fagspesifikke tidsskrift? På nivå 2? Med ein gong? 

Eitt svar på det spørsmålet er at ein må kunne krype før ein kan gå – eller springe – eller kanskje bli verdsmeister. Og det var jo ideen med heile Fjordantologien.  Eg må vel her vere rask med å seie at med skam å melde ikkje har bidrege i Fjordantologien, så då er eg vel framleis på krypestadiet. Men når eg seier det kjenner eg i grunnen litt telepatisk varm sympati kome over meg frå dykk som sit i salen, så då lovar eg at om …. nokre år! Då skal eg også krype!

Men det finst fleire og kanskje endå betre svar på kvifor det kan vere både lurt og nødvendig å bidra her. Og det er at å tillegg til å arbeide berre med eigne prosjekt og individuell publisering for eiga skuld, så ser ein fort at for å få, så må du gi. Og det å arrangere ein konferanse og det å gi ut ein vitskapleg antologi med kvalitet er faktisk krevande – og eg trur også spennande – for dei som arbeider med det. På styremøte i går fekk eg i alle fall høyre at det er ønske og ambisjonar om å kople seg på doktorgradstudia våre – det er ein spennande tanke som vi bør utvikle i lag. År om anna har det jo vore doktorgradssamlingar og vel også doktorgradskurs i samband med Fjordkonferansen, og om det er muleg å få til så trur eg det ville vere bra. 

Eit tredje svar er å finne i det tverrfaglege. Litt flåsete kan ein seie at alle ønskjer seg tverrfagleg forsking og fagleg samarbeid på tvers av fag og profesjonar. Men det kan vere skikkeleg vanskeleg å finne det i praksis. Men utan det tverrfaglege – ingen Fjordkonferanse – og ingen Fjordantologi. Når det er sagt så er eg litt usikker på om vi i særleg grad er tverr-institusjonelle? Og når vi ikkje er det i særleg grad så er det kanskje også vanskeleg å få til fellesprosjekt som felles forskingssøknader. 

Det siste eg vil seie er kanskje det viktigaste. Og det handlar om noko så enkelt og grunnleggande som tilhøyrsle, nærleik og identitet. Vi som deltek på Fjordkonferansen er alle representantar for små fagmiljø i regionar av landet og verda som ligg langt frå dei store metropolane og store kunnskapsinstitusjonane. Vi har hatt flysamband, telefon og til og med internett ganske lenge, men likevel: Det å kunne gjere ei nokså kort reise til Loen og møte andre kortreiste forskarar på like fot og kanskje med eit snev av same regionale orientering trur eg gjer noko med oss. Spesielt for mindre fagmiljø så trur eg dette kan vere verdifullt, og dei som mest tydeleg har sagt det til meg er kanskje juristane. 

Det er kanskje av alle desse grunnane at Fjordkonferansen har halde på nokre år no og eg håper og trur den kan halde på endå nokre år til. 
Og eg håper også at av slike grunnar vil til dømes bankar og fylkeskommunar sjå verdien av å bidra til konferansen også i framtida. 


Hjelper det? Gir det resultat? 
I forordet til årets antologi har Helgesen og hans medforfattarar presentert litt data på omfang og spreiing av antologi og artiklar. Det største talet – og som er lett å huske – er at Idunn har registrert over 10.000 nedlastingar av einskildartiklar frå utvalet av Fjordantologiar som ligg inne i Idunn. 

Det  høyrest for meg ut som at det er ein heil del folk der ute som faktisk har interesse av Fjordantologien. 

Det er mange empirikarar her, så litt tal-magi kan kanskje vere på sin plass? Kunne vi alt no til den tiande Fjordantologien i 2022 tinge eit systematisk og oppdatert oversyn over både publisering og kanskje også konsekvensar – betydning – impact? 

Sjølv har eg så vidt kikka litt på ei side ved dette, og kanskje funne noko som eg reknar som positive resultat? 

I vår akademiske verden er publisering og kompetanse både alfa og omega. Yin og yang. Så eg har tatt og kikka på kor det stod til med publisering og kompetanseopprykk for bidragsytarane i den aller første Fjordantologien i 2013 – har dei fått opprykk no når vi seier 2019? 
Det er ulike fagtradisjonar, til dels mange med-forfattarar – og fleire som er utanfor det vi ofte reknar som «vår» sektor. Blant anna var det fleire lektorar i vidaregåande skule som var medforfattarar i 2013. Ei gruppe av forfattarar som vi kanskje kunne tenkt oss langt fleire av er tilsette i helseføretaket. Men kva med dei som var tilsette i dei fire høgskulane i 2013? 

Eg kjem til at det var ca 25 forskarar som bidrog i 2013 og som eg klart å finne igjen i akademiske stillingar. Det er 2-3 som er emeritus, det er ein eller to som har slutta i akademia. Og nokre var alt professorar i 2013. 
Men av resten så er det faktisk 11 – eller halvparten – som har fått opprykk på desse 6 åra! Det er snakk om 5 professorar, ein dosent, to føsteamanuensar, to førstelelektorar og ein høgskulektor. 
Det virkar no ikkje som eit verst godt resultat på dei 20 artklane i antologien, og sjølv så tolkar eg dette slik at konferansen og antologien har spelt ei lita rolle i kompetansebygginga i vår region. Eller i alle fall at dei som vel å prioritere sitt faglege arbeid inn mot Fjordkonferansen og Fjordantologien er folk som faktisk har faglege ambisjonar og i mange tilfelle har klart å oppnå kompetanseheving. 


Så som de forstår så håper eg at vi også i framtida kan ønskje kvarandre velkomne og seie takk for sist – gjerne her i Loen.
Lukke til med konferansen!


Fjordantologiane: 
2020: Digitalisering
2019: Modellar
2018: Det regionale i det internasjonale
2017: Immateriell kapital
2016: Offentleg sektor i endring
2015: Innovasjon og entreprenørskap
2014: Fragmentering eller mobilisering? Regional utvikling i Nordvest
2013: Det mangfaldige kvalitetsomgrepet


Oversyn over tal kapittel i Fjordantologien, henta frå Forord i Fjordantologien 2019.

Årgang2013201420152016201720182019I alt
Kapittel17171314202022123

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar