Finansieringa av grunnskulelærarutdanninga må styrkast

Felles fråsegn frå rektorane ved institusjonane som driv grunnskulelærarutdanning.

Som rektorar ved institusjonar som utdannar grunnskulelærarar set vi pris på Regjeringa si satsing. Gode lærarutdanningar gir viktige bidrag til Noreg som kunnskapsnasjon. Strategien Lærerutdanning 2025 har ambisiøse mål og klare føringar for kvalitetsutviklingsarbeid i lærarutdanningane, og vi er innstilt på å bidra til kvalitetsheving. I samband med dette er det viktig med forsking som utdanninga skal bygge på, i lag med samarbeidet mellom lærarutdanningane og praksisfeltet, altså barnehagane og skulane. Som institusjonsleiarar stør vi opp om måla, innsatsområda og tiltaka som strategien løfter fram.  

Vi vil likevel peike på at å gå frå ei fireårig bachelorutdanning av grunnskulelærarar til ei femårig integrert masterutdanning kostar pengar. Det er særleg tre ting vi vil peike på:

• Auka lønnskostnader på grunn av nye kompetansekrav til dei fagleg tilsette.

• Endå høgare utbetalingar til praksisfeltet, og som framleis blir betalt over institusjonanes budsjett.

• Det femte studieåret gir 25 prosent fleire studentar i lærarutdanningane, og då treng vi meir plass og får auka driftskostnader frå hausten 2021.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.