Fjordkonferansen 2019 – opningshelsing, 19. juni 2019.

Kjære alle deltakarar på Fjordkonferansen 2019, og ei særleg helsing til dykk som er arrangørar av konferansen.  Spesielt kollegene ved Høgskulen i Volda som har drege det tyngste lasset for å få arrangert årets konferanse. Eg vil gjerne seie gratulerer med dagen!

Eg vil også rette ei særleg helsing til professor Øyvind Helgesen ved NTNU. Han har kanskje mest i kulissane lagt ned eit stort, godt og viktig arbeid for å halde i gang Fjordkonferansen år etter år. No har han gitt beskjed om at nok er nok, og det må vi respektere. På vegne av alle dei involverte institusjonane vil eg rette ein stor takk til Øyvind.

Det er ei stor glede å få stå her og halde denne opningshelsinga. Det er i grunnen litt som ein olympiade. Olympiader går som kjent fire-års syklusar, og det gjer Fjordkonferansen også. No er det fire år sidan sist Volda hadde hovudansvaret for å arrangere Fjordkonferansen og eg er alltid glad for å få kome hit til Loen og få med ein bit av konferansen.
Fire år er også for mange doktorgradsstudentar tida dei har til rådvelde for å skrive ei doktoravhandling. Ja, med pliktarbeid då. Sjølv er ikkje noko føredøme i så måte – eg måtte bruke 8 år på mitt  doktorgradsprosjekt i medievitskap ved Universitetet i Bergen Kanskje hadde det gått fortare om eg hadde hatt rettleiar i Volda eller i regionen. Eller ikkje hadde fått lov å følgje mitt eige hovud og ta eit avbrekk og jobbe eit år i det statlege mediebyråkratiet. 


Symposium, 50 og 25 år

Det er travle dagar i Volda – og sikkert andre stader desse dagar. Denne fasen etter at undervisninga er ferdig er det nok mange som er i konferansemodus. Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda arrangerte dei første dagane av denne veka eit internasjonalt symposium i journalistikk. Og Geiranger og Stryn og Hoven var definitivt trekkplaster som gjorde at internasjonale toppnamn fekk ein ekstra god grunn og motivasjon til å kome til Sunnmøre og Nordfjord. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar