Sommarhelsing frå rektor – 5. juli 2019

Kjære alle tilsette ved Høgskulen i Volda! 

Først og fremst vil eg ønskje alle tilsette ein god sommar og håper alle får ein fin ferie og får ladde batteri og får ny kveik om det trengst. Til dei som har oppgåver som gjer at dei må jobbe mesteparten av juli eller august så håper eg dei også får fine dagar.

God sommar!

Vi har lagt bak oss nok eit spennande år på Høgskulen i Volda.  Det vart ei fin jubileumsmarkering 20. juni, og eg håper dei som deltok fekk både ein kjekk og tankevekkande dag.

Vi stilte oss opp – 10 rektorar på rad. Alle menn. Det er ikkje eit godt teikn for ein institusjon som har hatt fleirtal av kvinnelege studentar i 100 år, og som i løpet av dei siste åra også har fått kvinnefleirtal på nesten alle kompetansenivå. Men kven er nærast til å gjere noko med det?

Sjølv tenkte eg også tilbake på mi tid som student ved DH-skulen. Dåverande rektor Tor-Johan Ekeland var med på å finansiere ei jubileumsmarkering – eit debattmøte – for Ottosen-komiteens arbeid, som la grunnlaget for DH-skulane. Vi i deet dåverande studentlagsstyret (= studentparlamentet) fekk Kristian Ottosen sjølv til å kome til Volda, og spørsmålet han skulle svare på var om DH-skulane hadde blitt slik han hadde tenkt. Eg trur svaret var at dei faktisk hadde begynt å leve sitt eige liv. Og sånn måtte det kanskje bli?

Dette er altså ca 30 år sidan, og det er rart å tenke tilbake på at eg som ung student tenkte på DH-skulen som ein veletablert, trygg, gammal institusjon – på heile 20 år. Kva er den då i dag? Det stemmer at institusjonen har blitt endå gamlare. Men trygg? 

Vi ser at det nyfusjonerte Nord universitet ikkje framstår som ei vidare trygg hamn for ein institusjon og studiestad som Nesna. Etter over 100 år ser det ut til at det no er slutt. Så å vere veletablert og gammal er ingen garanti for tryggleik. Men det er vel også Nord universitet si oppleving at dei som institusjon ikkje er trygge. Nord opplever at departementet har separate møte med delar av styret, at statsråden møter opp på styremøte, at rektor brått trekker seg, og at når det kjem framlegg frå universitetet sjølv om å gjere dramatiske grep ved å legge ned Nesna og andre studiestader, så blir det møtt med nye politiske signal frå Kunnskapsdepartementets politiske leiing. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.