Velkomsttale på opning av studieåret 2019-2020

A particular welcome to all new international students who are here today.

International students, international staff and guest lecturers, and our many international student festivals, add an extra dimension to our college and our community as a whole. It makes Volda that much more interesting and colorful.

Travelling abroad means meeting new people, new ideas and new cultural expressions. We are starting this cultural safari of yours in Norway, today, by offering pieces of world music. Our very own Norwegian World music. Created a long time ago by common people in our region. And performed today by excellent young musicians, being attached either to the region or to the college. The door is open. The music is playing. Now it’s up to You. 

Vi ønska alle kvarandre ein varm velkomst til Volda. 

Men er det rette ordet lenger? Å ønske kvarandre ein VARM velkomst? For oss nordboar har ordet varme vore positivt lada: Vi høyrer om den varmhjarta samaritanen, vi vil ha det varmt og koseleg og i songen heiter det «å kjenne varmen frå ei eller ein som er glad i deg deg». 

Men vi har no kome dit at klimaet også endrar språket vårt. I vermeldinga er det ikkje lenger slik at dei med glede melder om varmerekordar og klippar over i reportasjar om øl, is og badeliv. Nei, dei tenkjer også på dei som får problem med for mykje varme, og vel sine ord med omtanke. Det kan bli for mykje lys og varme.

FNs berekraftsmål nr 13 handlar om å snu klimaendringane. Kva kan vi som studentar og forskarar bidra med her? Vi kan naturlegvis håpe på at teknologiske gjennombrot vil hjelpe oss. Men den grunnleggande naturvitskaplege kunnskapen om global oppvarming har vi, og vi har hatt den lenge. 

Som all utvikling handlar dette om korleis vi som menneske brukar kunnskap. Om kva vi legg vekt på i skulen, diskuterer i media, formidlar og opplever gjennom kulturuttrykk. Og korleis vi driv samfunnsplanlegging. 

Skule, media, kulturfag og samfunnsplanlegging er berre nokre av studia som finst ved den mangfaldige Høgskulen i Volda. Når du no har valt å studere her blir du ein del av vårt faglege fellesskap og eg håper du vil løfte i lag i vår felles visjon: Kunnskap for framtida. 

Framtida handlar om mykje meir enn teknologi, kjøp og sal. Framtida handlar om menneske. Kunnskap for framtida.

Så. Etter ein alt for varm sommar håper eg mange av dykk vil sette pris på det som kanskje blir ein sval haust i Volda, med lette regndropar mot kinn og spennande, opne dører mot framtida.  

Uteliv og Volda er to sider av same sak. Og kan bety både natur og kultur. Eg vil her seie to ting som ligg meg sterkt på hjarta å få fram:  

Ha opne dører mellom kvarandre. Ta vare på kvarandre. Bry deg om dine medstudentar. Ta ansvar. Spør korleis folk har det. Anten det er på fest på vårt legendariske studenthus Rokken, på høgskulen eller på nettet.  

Vi har verdas vakraste natur: Skarpe tindar, ville vindar, reint vatn i store mengder – både på hav, på land – og ovanfrå. Men fjord- og kystbygdene på Sunnmøre er berre ei smal trygg stripe mellom eit av verdas villaste og vakraste hav på den eine sida og farleg fine tindar på den andre sida. 

Fjella på Sunnmøre krev liv kvart år, seinast for få veker sidan. Det er risikabelt å ferdast i farlege fjell. 

Så gå ut av døra. Bruk naturen. Bruk havet. Bruk snøen. Men skaff deg kunnskapen som trengst for å ferdast trygt.  

Gled dykk til Volda! Volda gler seg til dykk! 

Lukke til med studieåra i Volda!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.