Finansieringa av grunnskulelærarutdanninga må styrkast

Kompetansekrava: Studietilsynsforskrifta stiller minstekrav til kompetanse ved ulike typar utdanningar. Mens bachelorutdanningar berre har krav om at 20 prosent av dei fagleg tilsette skal ha førstekompetanse, krev masterutdanningar minst 50 prosent. 10 prosent av desse skal vere professorar eller dosentar.

I tillegg har dei fleste lærarutdanningane etablert eigne doktorgradsprogram for å skaffe seg nødvendig førstekompetanse og styrke forskinga i tilknyting til lærarutdanningane. For ph.d. krevst det 50/50 professorar og førsteamanuensar. Ein framtidig lærarutdanningsinstitusjon med masterutdanning og ph.d. program må altså ha ein helt anna kompetanseprofil enn dei tidlegare bachelorutdanningane hadde. Basert på lønsstatistikk og fordeling av arbeidstid mellom høgskolelektorar og professorar vil ein undervisningstime med ein professor koste over dobbelt så mykje som ein time med ein høgskulelektor.

Praksiskostnader: Masterreformen medfører fleire praksisdager og dermed dyrare praksis. Det viktige her er at:

• Til skilnad frå helse- og sosialsektoren har ikkje skular og barnehagar plikt til å ta imot studentar i praksis. Dei krev betaling for dette.

• Lærarutdanningsinstitusjonane må følgje Rundskriv F-04-05 (Øvingslæreravtalen) eller inngå eigne lokale avtalar.

• Praksisopplæringa kjem på toppen av 300 studiepoeng med fag. Praksis gir i seg sjølv ikkje studiepoeng som utløyser resultatmiddel frå KD, slik tilfellet er til dømes på sjukepleierutdanning.

• Lærarutdanningsinstitusjonane har til liks med andre profesjonsutdanningar også interne kostnader knytt til administrasjon og oppfølging av praksisopplæringa.

Auka tal studentar – det femte året: Frå og med hausten 2021 får vi 25 prosent fleire GLU-studentar fordi det vil vere fem parallelle trinn mot fire tidlegare. Om alt anne elles er likt aukar behovet for undervisningsrom, lesesalar og andre areal, infrastruktur og lærarkrefter med 25 prosent. 

Vi rektorane ved institusjonane som driv lærarutdanning, er stolte av å stå i spissen for ei så viktig utdanning, og støttar fullt ut omleggina til fem år, slik at norske lærarar kan bli enda betre utdanna for si viktige samfunnsoppgåve. For å nå regjeringas ambisjonar for dei nye grunnskulelærarutdanningane må finansieringa av desse utdanningane styrkast. Dette kan best skje ved at det femte året blir finansiert ved tildeling av nye studieplassar og at desse utdanningane får høgare kategori i KDs finansieringssystem.

Kathrine Skretting (Høgskolen i Innlandet), Lars-Petter Jelsness-Jørgensen (Høgskolen i Østfold), Johann Roppen (Høgskulen i Volda), Berit Rokne (Høgskulen på Vestlandet), Hanne Solheim Hansen (Nord Universitet), Gunnar Bovim (NTNU), Curt Rice (OsloMet), Gunvor Guttorm (Samisk Høgskole), Sunniva Whittaker (Universitetet i Agder), Klaus Mohn (Universitetet i Stavanger), Petter Aasen (Universitetet i Sørøst-Norge), Anne Husebekk (Universitetet i Tromsø), Erik Waaler (Norsk Lærerakademi)

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.