Tida og vegen: Strukturprosessen inn i avgjerande fase

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Sogndal.
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Sogndal.

 

Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.

Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.

Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.

«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.

Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.

«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.

Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.

Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Førde.
Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiestad Førde.

Kva så med Volda?

Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.

I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:

  • Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
  • Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Fusjon med Vestlandshøgskulen.

På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å  orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.

Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.

Fusjonsutgreiing frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.

Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.

Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.

Her er presentasjonen til Arne Myklebust (ppt).

Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.

Her er NOKUTs nettside med oversyn over søknadsfristar med meir for den nye femårige grunnskulelærarutdanninga.

Meir informasjon om korleis NOKUT og NOKUT-komiteane tenkjer omkring akkreditering av lærarutdanning finn ein i ein artikkel i Khrono:

Khrono: Høgskolen i Sørøst-Norge får bare godkjent på to lærerfag

NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.

To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.

Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.

Les meir om kva som rører seg ved Høgskolen i Molde på nettavisa Panorama.

Kvar står så eg i struktursaka?

Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.

Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar