Mot slutten på lang strategidiskusjon – og starten på ein «ny» universitetsdiskusjon?

Dei to neste delane av strategiplanen har eit litt kortare tidsperspektiv – fram til 2025. Her er det for det første sett opp ambisjonar for dei neste åra og deretter 4 satsingsområde med meir konkretisering av ambisjonane.  Små, men viktige justeringar i ordlyden kan nok framleis kome.

«Spissing» som prinsipp?

Det verkeleg nye i planen kan litt upresist kallast eit ønske om «spissing». Omgrepet profilutdanningar (evt «kjerneutdanningar») handlar om å synleggjere at lærarutdanning, sosialfag og mediefag vert framheva. Desse utdanningane står i vid tyding for godt over halvparten av aktiviteten på HVO så det er ikkje akkurat ei spissing av nokre få fagmiljø som ligg i dette.

Når vi derimot skal ha utvalde forskingsmiljø, kanskje 2-3, som skal vere leiande nasjonalt og kanskje hevde seg internasjonalt så peikar det i retning av ei spissing og prioritering. Først når det skal lagast ein handlingsplan må det landast kva som skal vere kriteria for utval og kva ressursar dette medfører. Det er slik eg oppfattar det stort sprik i forventningane til kva som ligg  i «forskingsmiljø». Men vi snakkar ikkje om einskildforskarar og heller ikkje om heile avdelingar eller institutt. Så kanskje snakkar vi om forskingsgruppe(r), studieprogram eller prosjektgrupper? Og så er det slett ikkje alle som meiner vi no bør avgrense oss til 2-3 miljø.

Også når vi snakkar om å vere ein samfunnsaktør er det spissing i retning av «tematiske satsingar» der vi særleg kan bidra til regional utvikling. Igjen er det ikkje spikra kva desse satsingane skal gå ut på eller kva måte dei skal veljast på – eller kor mange eller få dei bør vere.

Så både når det gjeld forskingsmiljø og dei tematiske satsingane tvilar eg på at styret på møtet i desember vil vere så sikre på kva som er lurt å satse på at det blir skrive inn konkrete forskingsmiljø og tematiske satsingar i planen.

Men på den andre sida er det i planen foreslått andre viktige satsingar – og som har vorte støtta eller ikkje møtt motstand i den interne høyringa:

  • Hald fram arbeidet med ein ny ph.d. med utgangspunkt i AHL
  • Starte mastergradsutdanning i barnevern – og her har vi også fått studieplassar
  • Halde fram arbeidet med Norsk innovasjonssenter AS

Nokre saknar kanskje master i kulturfagleg praksis (AKF) i strategiplanen. Men strategiplanen gjeld altså for åra 2022-2025. Og vi har alt i haust sendt akkrediteringssøknad på AKF-masteren. NOKUT er no i ferd med å bli sett ned eit sakkunnig utval, så søknaden har passert det første, formelle hinderet hos NOKUT.

Universitetsdebatten

For dei fleste deltakarane på strategiseminaret vart det nok likevel «universitetsdebatten» som vil bli huska som det verkeleg nye som skjedde på møtet. Og dette vart nok meir av eit startskot på ein debatt om Høgskulen i Volda skal ta ei ny retning på eit meir overordna nivå.

Som mange sikkert veit underteikna eg som rektor på ei oppmoding til den nye regjeringa å vurdere kriteria for universitetsakkreditering. Hovudresonnementet er for min del at det særnorske kravet med 4 doktorgrader bør endrast. I Hurdalsplattforma har dette ønsket i alle fall delvis vorte teke omsyn til. Der står at regjeringa vil: ««Gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning.». Både gradsforskriften og akkrediteringskriteria for universitet bør bli omfatta av den varsla gjennomgangen.

Så om Høgskulen i Volda får på plass ein eigen doktorgrad og i tillegg har ein fellesgrad i lag med Høgskolen i Molde kan det hende at krava til universitetsakkreditering ein gong i framtida blir endra slik at vi kan bli Volda universitet – om vi ønsker det. Den viktigaste reelle skilnaden vil i så fall vere at vi blir sjølvakkrediterande på alle våre studietilbod, og dermed får større fridom til å starte nye studium. Men det vil også stille større krav til vårt interne kvalitetsarbeid. Enkelt sagt må vi gjere ein del av det som i dag blir gjort av NOKUT.

Som kjent følgjer det ikkje auka løyvingar frå Kunnskapsdepartementet for høgskular som blir universitetet.

Men dette var mitt syn på saka. I debatten både i plenum og rundt kaffiborda kom det fram ei rekke ulike synspunkt på desse spørsmåla og kva saka eigentleg gjeld og nedanfor har eg prøvd å samle noko av argumentasjonen – men mine kulepunkt dekker neppe alle synspunkt:

  • Høgskulen i Volda bør bli eit universitet og gjerne ved å slå seg saman med nokon andre. Altså ein slags ny strukturdebatt. Slik eg tolkar dette synspunktet handlar dette om dei lange linjene frå strukturdebatten der større einingar og universitetsakkreditering heng tett saman med kvarandre. I eit slikt UH-landskap vert det argumentert med at det ikkje blir plass til anna enn større universitetseiningar og ein del spesialiserte (vitskaplege) høgskular. Rektor ved Høgskolen i Molde har sagt at han personleg meiner at Molde og Volda bør slå seg saman. Saka er ikkje på dagsorden i Molde i dag slik eg oppfattar det.
  • Høgskulen i Volda bør bli universitet for å gjere det tydelegare at vi driv forskingsbasert undervisning og å skape tydeleg avstand til fagskulane. Fagskulane har brei politisk støtte og får stadig nye studieplassar og andre former for politisk støtte. I 2019 starta den fagskuleutdanninga på bachelornivå, og fleire har nok ambisjonar. Dei offentleg eigde fagskulane er fylkeskommunale og med fylkeskommunen som ein viktigare kompetanseaktør kan ein sjå føre seg at høgskular og fagskular blir slått saman under ein fylkeskommunal paraply. Eg veit ikkje om det finst slike planar eller idear i Møre og Romsdal eller andre stader. Men kanskje kan universitetsstatus vere ein slags vaksine mot å bli «degradert» til bachelor-fabrikk.
  • Høgskulen i Volda bør halde fram som ein «god høgskule og ikkje bli eit dårleg universitet». Dette slagordet har vi høyrt før og handlar blant anna om at krava til å bli universitet er såpass strenge og dyre at dei medfører streng prioritering av fagområde som fell utanom dei fire prioriterte områda. Og sidan det ikkje følgjer løyving med universitetsprosjektet må altså pengar og fagfolk flyttast frå bachelor- og masterutdanning og over til forsking og ph.d.-utdanning.
  • Ideen om å bli universitet har dukka opp «fem på tolv» i strategidiskusjonen. Kvifor har ikkje dette vore tema før? Ingen av høyringsinstansane har vore særleg opptatt av dette og det er ikkje noko ytre press på oss for å «finne nokon» å bli universitet i lag med. Så debatten har jo starta, men høyrer ikkje heime i dei meir overordna delane av strategiplanen, men er heller noko som bør drøftast langsmed i tida framover.
  • Det er uråd for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig institusjon. Dei aukande formelle og administrative krava vi møter på alle kantar så er det vanskeleg for oss å kunne halde fram som sjølvstendig høgskule. Vanskar med å rekruttere fagfolk har også vorte brukt som argument i ein slik diskusjon som djupast sett handlar om at Høgskulen i Volda er «for liten til å halde fram aleine». Så spørst det naturlegvis om rekruttering av fagleg tilsette vil bli betra av universitetsnamnet eller om administrative oppgåver blir løyst betre om administratorane har kontoradresse utanfor Volda.

Det som står ovanfor er mi framstilling av synspunkta og eg inviterer alle som vil til å kommentere på både innhald og framstilling i kommentarfeltet på denne rektorbloggen.

Det vil også kome ei intern høyring på universitetsdiskusjonen, men når og kva form det blir er noko vanskeleg å vurdere i dag. På seminaret var det somme som tok til orde for å løfte dette temaet høgt opp i strategiplanen. Andre rekna det som eit spørsmål som må takast i handlingsplanen. Eitt alternativ kan vere å utsette behandlinga av strategiplanen til mars 2022 for å få tid til ei breiare drøfting av desse spørsmåla. Det må i så fall styret vedta i desembermøtet.

Og kva meiner rektor?

Sjølv meiner eg at åra som har gått etter den mest intense samanslåingsbølga viser at vi har klart oss godt. Økonomisk sett har vi ikkje vorte straffa gjennom dei årlege budsjetta og tidleg i koronakrisa fekk vi heile 100 nye studieplassar. Det er truleg den største auken vi nokon gong har fått. Vidare har vi avsetningar på nærare 100 millionar kroner. Diverre må desse midlane investerast raskt dei komande åra, men heldigvis går dei til veldig gode føremål på Høgskuleområdet i Volda. Hadde vi vore ein del av ei større eining og midlane skulle vore disponerte av eit styre til dømes i Bergen eller Trondheim så hadde vi ikkje hatt nokon garanti for at pengane ville bli brukt i Volda.

Statistikken viser også stadig fleire tilsette på Høgskulen. Frå 2020 til 2021 auka talet på tilsette (årsverk) frå 353 til 383, eller ca. 9 prosent. Dette er ei dobling sidan 1994.

Vi har også oppnådd akkreditering av utdanningar som er viktige for oss. Og akkreditering av ein eigen ph.d. vil vere eit høgdepunkt i så måte. Då snakkar vi 2023. Igjen vil det vere resultat av våre lokale fagfolk og interne vurderingar, behov og prioriteringar.

Vi samarbeider godt med Høgskolen i Molde både når det gjeld ph.d.-utdanninga i helse- og sosialfag. Vi samarbeider også godt med Molde og NTNU Ålesund på masterutdanninga i Helseleiing, som er ei vidareføring av eit mangeårig samarbeid innanfor LIHS (Leiing i helse- og sosial). Om det er andre fagområde der det er naturleg å samarbeide med Høgskolen i Molde på er ikkje så lett å sjå. Kanskje er vinsten alt henta ut?

Det har kome mange nye tilsette på alle nivå på Høgskulen i Volda dei siste åra, og også på styreseminaret var det mange nye deltakarar. Nye tilsette og nye synspunkt bør alltid høyrast – og brynast mot dei meir etablerte synspunkta – uansett kva dei går ut på. Men slik situasjonen ser ut i dag meiner eg det er krevande å gjennomføre planane våre om nye masterutdanningar (barnehage, barnevern, kulturfag) og ikkje minst ph.d.-en med arbeidstittelen «Humaniora og danning». Skal vi i tillegg få ein tung diskusjon om struktur og vegval blir det mindre faglege og andre ressursar til å gjennomføre desse planane.

Skulle regelverket for å bli universitet bli endra ein gong i framtida, så kan vi alltids vurdere om vi skal gå for det. Men eg meiner altså at det ikkje hastar for Høgskulen i Volda å bli universitet – og det er i alle fall ikkje i dag kritisk for fagmiljøet i Volda å bli ein del av eit universitet. 

Prorektor Odd Helge Tonheim og direktør Karen Lomeland Jacobsen førebur plenumsøkt.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar