Orientering til høgskulestyret, 13. september 2019

Styremedlemmer og tilhøyrarar på møtet i Høgskulestyret (skjermdump).
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.

Struktursaka og samarbeidsavtalen med UiB

Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.

Elles har vi løpande kontakt med Høgskolen i Molde om PhD-utdanninga i helse- og sosialfag, om felles utval for god forskingsskikk – som vi har oppretta, om konferanse om kompetansebehov i helse- og sosialsektoren som blir arrangert i Volda 5.10. i samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Helse Møre og Romsdal, Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund og Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi er representert på kvarandre sine semesteropningar og elles også i andre samanhengar. Det er på gang samarbeid om master i helseleiing i samarbeid med NTNU i Ålesund og Høgskolen i Molde. Vi orienterer oss også inn mot Campus Kristiansund.

Grunnskulelærerutdanningane (GLU)

Vi har hatt eit godt opptak på GLU. I alt har det hausten 2018 starta til saman 100 nye studentar, og det er 20 -30 fleire enn vi har hatt siste åra. Dei fordeler seg med 30 studentar på 1-7 og med 70 studentar på 5-10.
Som ein del av arbeidet med å vidareutvikle utdanningane har vi også styrka studieleiarteamet rundt dei nye grunnskulelærarutdanningane.
Forskingsprosjektet DigiGlu – Digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – er  godt i gang. 5 av 8 delprosjekt har starta opp.
Vi har arbeidd fram avtale med to lærarutdanningsskular (partnarskular). Det er Øyra skule i Volda og Velle skule i Ørsta. Vi har hatt fellesseminar med dei to skulane no i haust. Formell underskriving av avtalen skjer komande onsdag.
På lærarutdanning er vi også godt i gang med planlegging av Internasjonal konferanse for lærarstudentar våren 2019.
Kollasj av dei fire framlegga til Sivert (nytt mediehus).

Byggesaka – mediehuset

Frist for å levere tilbod på mediehuset var 5. september, og den 12. september vart dei fire innkomne tilboda presenterte for tilsette, studentar og andre gjennom utstilling i form av plakatar i kantina i Berte Kanutte-huset. Dei fire innkomne tilboda har namna:
  • Mediehuset: Veidekke og arkitektgruppen Lille Frøen.
  • Expo: HENT, MAD arkitekter og Oslo Works
  • Piksel: Peab K. Nordang og Link arkitektur
  • Olga Meyers hus: HS Bygg og HLM arkitektur
Alle dei fire framlegga er også synte fram på nettsidene til Statsbygg:

SHOT-undersøkinga 2018

SHOT (Studentenes Helse- og trivselsundersøkelse) for 2018.
Vi har for første gong vore med på undersøkinga SHOT – Studentenes helse- og trivselsundersøkelse. Ved første blikk på resultata så var det nok dei gode tala som var lettast å legge merke til, og eg trur hovudinntrykket er at studentane ved Høgskulen i Volda i hovudsak er nøgde med mykje.
Men vi treng hjelp frå studentane og studentparlamentet til å tolke tala og finne ut kva som bør gjerast.
Vi ser at heile 36 prosent av studentane ved Høgskulen i Volda seier at dei slit med ei eller fleire alvorlege psykiske helseplager. Det er urovekkande høgt og over landsgjennomsnittet på ca 25 prosent. Vi har informert leiinga i Volda kommune om desse spørsmåla og vil kome tilbake til kommunen når vi sjølve veit meir og kommunen har fått studert tala nærare.
Det er muleg styret får igjen  saka blant anna i budsjettet – det kan bli aktuelt å sjå på tilskotet til psykologtenesta ved studentsamskipnaden.
Det kan også vere aktuelt å snakke med offentlege etatar for å styrke psykologtilbodet i Volda på andre måtar.
Studentane gav i SHOT også beskjed om at mange ikkje var nøgde med det ordinære helsetilbodet i Volda kommune. Dette er også noko vi har teke opp med Volda kommune, men utan at vi i dag kan seie kva som er problemet – informasjon eller kapasitet – eller kva som bør gjerast.
Elles viser tala i SHOT at nokre voldastudentane rapporterer om mobbing, bruk av alkohol og narkotika – og at mange kjenner på einsemd. For dei det gjeld er det mager trøst at problema på mange område er mindre i Volda enn andre stader.
Vi treng god dialog med Studentparlamentetet og Studentsamskipnaden for å gjere Volda til ein endå betre studiestad, og det trur eg vi skal klare.
SHOT-HVO-2018 (pdf -fil med resultat for Høgskulen i Volda)

Forventningar til statsbudsjettet

Regjeringas framlegg til Statsbudsjett for 2018 blir lagt fram 8. oktober. I eit blogginnlegg har eg skrive at ut frå tidlegare signal frå regjeringa må vi vente nedang i vårt ordinære budsjett, men vi kan håpe på at det blir oppvege av auke på prosjektmidlar og satsingar. Blant anna på lærarutdanning. Overfor alle politikarar vi har hatt kontakt med har vi vore konsekvente på å formidle kva styret har løfta fram som prioriterte tiltak: Altså framlegg til løyving utanfor ramma. Desse er:
  • Mediehuset: Bygging og løyving til medieteknisk utstyr (2020)
  • Stipendiatstillingar: 2 mellombelse 2016-2018. Bør bli faste og helst få 2 nye. Digital kompetanse i læring.
  • Nye studieplassar: Naturguide og Erfaringsbasert master i samfunnsplanlegging og leiing.
  • Norsk Ordbok: Digitalisering
Styret får vel akkurat denne prioriteringssaka opp i oktobermøtet som sak i langtidsplanlegginga av budsjettet for 2020.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.