Styremøte torsdag 26. januar: Strategi og struktur

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har lagt fram nytt framlegg til strategiplan for styret.

Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.

NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning. 

Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.

På nettsidene våre finn du styrepapira med saksutgreiing i strategisaka frå direktøren.

Eit førsteutkast til strategiplan vart som tidlegare fortalt på denne bloggen lagt fram for styremøtet i desember. Etter diskusjonen i styret vart eit justert utkast sendt på høyring til avdelingane, dei tilsettes organisasjonar og til studentane.

Den viktigaste ytre endringa av strategiplanene er at den har vorte forenkla – og etter mi meining også tydelegare. Dette etter godt initiativ frå AKF.

Det har kome inn 8 innspel på strategiplanen frå til saman 10 aktørar ved Høgskulen i Volda. I sakspapira er innspela presentert i denne rekkjefølgja:

  • Avdeling for kulturfag
  • Avdeling for samfunnsfag og historie
  • Fellesadministrasjonen
  • Studenttinget i Volda
  • Fellesinnspel frå dei tilsettes organisasjonar: NTL, Parat, Utdanningsforbundet og Forskarforbundet
  • Forskarforbundet (eige innspel i tillegg til fellesinnspelet)
  • Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning
  • Avdeling for mediefag (avdelingsråd)

Alle innspela er lagt ved styresaka.

Struktursaka er for mange det viktigaste spørsmålet i strategiplanen.

I førre styremøtet kom det også klart fram at fleire styremedlemmer ønskjer høgskulen skal bli meir aktiv i høve til fusjonar, blant anna gjennom protokollmerknader.

Sjølv har eg særskilt merka meg frå høyringsinnspela at dei tilsettes organisasjonar har samla seg om ei fråsegn om å legge til side fusjonsvisjonane fordi dei ikkje ser korleis det kan styrke HVO.

Når det gjeld struktursaka står følgjande å lese i framlegget frå direktøren:

HVO si rolle i det nye UH-landskapet
HVO samarbeider med andre universitet og høgskular i inn- og utland for å styrkje høgskulen si utdannings- og forskingsverksemd. I planperioden skal HVO utvikle eit særleg nært samarbeid med UiB i tråd med det samarbeidsavtalen legg opp til, og halde fram med samarbeidet i UH-nett Vest. HVO skal arbeide for å avklare om det er grunnlag for å fusjonere med andre institusjonar.

Eg håper styret kan samle seg om denne formuleringa og at den blir retningsgjevande for arbeidet i planperioden 2017-2020.

Nettavisa PåHøyden har ein fyldig førehandsreportasje med fokus på strukturspørsmålet og siterer både underteikna, rektorane ved Universitetet i Bergen og Høgskolen i Molde og styremedlemmene Tor-Johan Ekeland og Terje Heggem – delvis i form av intervju og delvis med sitat frå førre styremøte:

PåHøyden (23. januar 2017): «Fusjonsdebatten lever framleis i Volda»

Tidlegare innlegg om strategi på rektorbloggen.

PS: Andre saker på styremøtet 26. januar:

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar