GLU-akkreditering og strukturdebatten: Sjølvstendegaranti eller tenkjepause?

Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.

Strategiplanen vart også sendt ut til alle tilsette på høgskulen den 21. november og vart presentert og diskutert på allmøte 23. november. Her er Direktørens saksframlegg til styret, framlegg til ny strategiplan og gjeldande strategiplan.

Førsteutkastet til ny strategiplan er også å finne i styrepapira som vart sende ut på vanleg måte ei veke før styremøtet – du finn dei her på nettsidene til høgskulestyret.

Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.

Kva står i strategiplanen – og kva har vorte diskutert på allmøtet?

Referat frå allmøtet 23. november på høgskulens nettsider.

Det viktigaste spørsmålet føler nok mange framleis er høgskulens plass i det nye UH-landskapet. Direktør Jacob Kjøde peikar på at om nokre år kanskje ikkje er så mange høgskular igjen i UH-landskapet. Sjølv har eg i ein kronikk i Forskarforum også lurt på kva som blir det framtidige høgskulelandskapet – og vår plass i det.

Direktøren meiner at om HVO skal vere aktiv i å «møte eit slikt scenario», så ser han føre seg tre alternativ: Molde, Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Han avsluttar med å seie:

Dersom det er aktuelt med fusjon, er leiinga samstemt i at den av både faglege og økonomiske grunnar må skje sørover og ikkje nordover.

Dette skreiv direktøren i vekene før allmøtet 23. november – altså FØR det var klart kva som var resultatet av akkrediteringa av grunnskulelærarutdanninga.

Dekan Arne Myklebust slapp GLU-nyhende på allmøtet 23. november.
Dekan Arne Myklebust slapp GLU-nyhende på allmøtet 23. november.

For dei som var på allmøtet 23. november vart det ei minneverdig stund. Midt i møtet kremta dekan Arne Myklebust og bad om ordet for å seie noko om ei viktig sak. Han kunne fortelje godt nytt: Høgskulen i Volda har fått tilsagn om akkreditering av begge grunnskulelærarutdanningane: Både 1-7 og 5-10. Det kom naturlegvis spontan og glad applaus!

Eg trur alle som sat i rommet kjende litt eigarskap til den svært omfattande akkrediteringsprosessen. Og det har vore litt av ein jobb. Til saman har vi nok sendt inn mellom 1.500 og 2.000 sider til NOKUT for å dokumentere at vi både har kompetanse og planar av så høg kvalitet at NOKUT-komiteen gav utdanningane akkreditering.

Dei byråkratiske sidene ved denne prosessen har også fått omtale i nettavisa Khrono:

Khrono (9.9.2016): Byråkrati i praksis: 522 sider for å søke om ny master for lærere

Slik ser NOKUTs konklusjon ut når det gjeld Høgskulen i Volda:

NOKUTs tilsagn om akkreditering av grunnskulelærarutdanning (23.11.2016)
NOKUTs tilsagn om akkreditering av grunnskulelærarutdanning (GLU) (23.11.2016)

 

 

 

 

 

Men heng akkreditering av grunnskulelærarutdanninga i hop med strukturprosessen?

Eg trur det er ein samanheng. Akkrediteringa er viktig både for kvalitetsvurderinga av høgskulen og av vår styrke som sjølvstendig høgskule. Hadde vi ikkje vore rimeleg sikre på at vi ville oppnå akkreditering av GLU, så hadde nok debatten omkring strukturprosessen og kjensla av at vi MÅTTE fusjonere med nokon vore framtredande.

Eg vurderer det slik at for Høgskulen i Sogn og Fjordane var det tvil om det var muleg å få akkreditert grunnskulelærarutdanninga som gjorde at mange der bikka i retning av fusjon med Vestlandshøgskulen.

I Volda har vi også vore i tvil om vi ville klare akkrediteringshinderet – først og fremst fordi dette er nytt og ukjent terreng. Regelverket har definitivt ikkje vore på plass i god tid, og sjølv har eg av og til hatt kjensla av at GLU-akkreditering har vore ein delvis politisert prosess for å presse fram fusjonar for uviljuge høgskular.

Men sjølv om vi har vore i tvil har både leiing og styret landa på at Høgskulen i Volda skulle søkje om akkreditering og forventa at vi ville klare krava.

Etter mi meining ville det vere rart om vi no skulle gjere ei radikal nyorientering i struktursaka sidan tvilen no er rydda av vegen.

Kva så med dei andre utfordringane til Høgskulen i Volda? Blir vi straffa på pungen fordi vi er ulydige? I så fall er det mange høgskular og universitet som har vorte straffa – både dei ulydige – og dei andre. Reaksjonane på det ferske budsjettforliket  tyder vel ikkje akkurat på stormande jubel hos dei store eller nyfusjonerte:

Khrono (6.12.2016): «Rektor Ottersen: Det verste budsjettet for UiO i min tid

Høgskulen i Volda får rett nok ikkje del i fusjonsmidlar – men så slepp vi også fusjonskostnader. Fusjonshøgskular- og universitet meiner sjølve at dei berre får halvparten av fusjonskostnadene dekt frå Kunnskapsdepartementet.

Tildeling av stipendiatstillingar er eit anna område der vi vil kunne merke at vi ikkje når fram i konkurransen – til dømes mot institusjonar med universitetsambisjonar. Då er det positivt å registrere at i alle fall somme av våre regionale politikarar har forstått kor viktig det er å sikre rekruttering og ettervekst og ønskjer å prioritere stipendiatstillingar til høgskulane i fylket. 17. desember blir budsjettet for kunnskapsdepartementet for 2017 vedteke, og vi får sjå om dei har nådd fram med sine argument.

Som eg sa på allmøtet så meiner eg framleis at Høgskulen i Volda best kan sikre si eiga framtid og utdanningstilbodet i regionen ved å halde fram som sjølvstendig høgskule. Eg sa i grunnen ikkje så mykje meir enn det. Men det eg kunne ha sagt var at dei strategiske utfordringane våre trur eg blir best løyst av styre og leiing som sit nær fagmiljøa, og at å bli styrt frå ein større institusjon langt borte er ein langt større risiko for våre fagmiljø enn å halde fram som sjølvstendig høgskule.

Og så trur eg at pendelen vil snu – at også dei langsiktige fusjonskostnadene og stordriftsulempene vil vise seg å vere store for samansette høgskular spreidde på mange studiestader og mange fylke eller regionar. Då har vi ein fordel som ein liten og sjølvstendig høgskule, på ein studiestad, med ei profilert fagportefølje og spennande utviklingsplanar.

Eg trur også at Høgskulen i Volda i framtida vil vere tent med halde fram som sjølvstendig høgskule – i samarbeid med andre institusjonar der det er til felles nytte.

Så svaret på spørsmålet i overskrifta er etter mi meining at vi dei neste åra må gjere vårt beste for å byggje ei ny grunnskulelærarutdanning – til liks med alle dei andre utdanningane våre. Det blir ikkje ei pause i bakken eller eit kvileskjer – myke godt og spennande arbeid står føre. Men akkurat i struktursaka meiner eg GLU-akkrediteringa har gjeve oss høve til å ta ei tenkjepause og til å konsentrere oss om det vi helst skal halde på med: Å drive best muleg undervisning, fagleg utvikling og forsking. Det kan vere krevjande nok.

På rektorbloggen er det også fleire innlegg som handlar om strategi:
https://blogg.hivolda.no/jr/tag/strategi/

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar