Strategiplanen er vedtatt – kva no?

Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.

Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.

Det kom inn mange endringsframlegg i løpet av styremøtet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av høgskuledirektør Jacob Kjøde. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i løpet av første veka i februar og etter det blir planen lagt ut på nettsidene våre. Skulle det ha skjedd mistydingar kan også styret i neste møte rette dei opp når protokoll for styremøtet 26. januar skal godkjennast.
Slik er rutinen for styresaker ved Høgskulen i Volda.

Oppfølgjing

Strategiplanen skal så følgjast opp i åra som kjem – og då tenkjer eg på heile planen – ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.
Gjennom strategiplanen og oppfølgjinga skal bli  i stand til å svare både internt og eksternt på kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi står overfor. Mykje er bra – spesielt er det viktig at vi har fått akkreditert grunnskulelærarutdanninga og at arbeidet med «Sivert» – nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i åra 2017-2020.

Som styreleiar er eg først og fremst glad for at vi fekk på plass ein strategiplan og gjorde samrøystes vedtak på dei fleste punkt.

Struktursaka

Det er ikkje særleg tvil om at mange i styret og ikkje minst mange utanforståande først og fremst lurer på kva Høgskulen i Volda vil gjere i høve til sjølvstende eventuelt gjere andre val – der forpliktande samarbeid – eller fusjon – med Universitetet i Bergen eller Høgskolen i Molde er dei to aktuelle alternativa som er omtala i strategiplanen.
I direktørens utkast til strategiplan vart plassering i framtidas UH-landskap omtala og heile styret slutta seg til formuleringa om at vi i fireårsperioden skal arbeide for å avklare desse spørsmåla. Dette var altså den overordna formuleringa.
Tre eksterne styremedlemmer kom med eit felles framlegg til handlingsplanen om at det skal vurderast å halde fram som ein sjølvstendig skarpt profilert høgskule – eller forpliktande samarbeid med Universitetet i Bergen eller Molde. Formuleringa skarpt profilert er henta frå statssekretær Bjørn Haugstads vurdering av status for Høgskulen i Volda slik det går fram av eit intervju i nettavisa PåHøyden. Sitatet er også med i saksutgreiinga.

I eit eige vedtak bad styret om at opplegget (mandat, arbeidsprosess og framdrift) for å vurdere strukturspørsmåla vart lagt fram på mars eller april-møtet i styret.

Sunnmørspostens oppslag etter styremøtet 26. januar 2017.

Sunnmørsposten fokuserer i sin omtale av styremøtet på at dei eksterne styremedlemmene la for dagen uro over dagens sjølvstende – eller aleinegang som det også blir omtala som.

Nettavisa PåHøyden har også følgt opp styremøtet:
PåHøyden (30.1.2017): Volda vil greia ut fusjon med Molde og Bergen.

– Vi er skarpt profilert

I mitt eige innlegg i denne saka var eg oppteken av at Høgskulen i Volda i dag alt er skarpt profilert blant anna gjennom vårt faglege fokus på samfunnsfag og humaniora.
Dei tre forslagsstillarane gjorde det på møtet klart at dei meinte at Høgskulen i Volda alt i dag er skarpt profilert – det var altså ikkje slik at framlegget i seg sjølv betyr at Høgskulen i Volda må skjerpe profilen i høve til status i dag. Det er etter mi meining ein viktig inngang til heile spørsmålet: Vi er ikkje ein tvangssituasjon korkje politisk eller fagleg.
Kva som ligg i å vurdere sjølvstende og dei to fusjonsalternativa vil leiinga og styret kome tilbake til.
Eg tek det for gitt at slike vurderingar vil byggje på strategiplanen og gi svar på kva struktur som best set oss i stand til å oppnå måla i strategiplanen: Sjølvstende eller fusjon.
Mange tilsette og styremedlemmer er nok også uroa over kva ein eventuell fusjon kan føre med seg.
Tilsette, avdelingane og studentane vil naturlegvis bli involverte i arbeidet med desse vurderingane.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar