Kva skal høgskulestyret meine om HVOs framtid? Sjølvstende, allianse, fusjon?

Foto: Hotell Sagafjord
Sæbø: Arena for styreseminar 29.-30. oktober 2015. Foto: Hotell Sagafjord

Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda har sitt første møte hausten 2015 torsdag 24. september. Kva vil dei meine om Høgskulen i Voldas framtid? Bør høgskulen halde fram som sjølvstendig institusjon? Er allianse vegen å gå? Er fusjon det beste? Og kven vil det kunne bli allianse eller fusjon med?

Dette er store spørsmål som heilt sikkert vil prege styrearbeidet mykje tida framover, og for å fjerne all tvil: Dette er det styret som bestemmer. Universitets- og høgskoleloven er tydeleg på det.

Her er møteplanen til høgskulestyret hausten 2015 og våren 2016. 

Møta i høgskulestyret er opne for alle.

Det er lagt opp til at det nye styret skal få ein presentasjon av alle avdelingane på høgskulen og naturlegvis også fellesadministrasjonen. Det vil skje på dei tre første styremøte i 2015:

  • 24. september: Avdeling for mediefag og Avdeling for kulturfag.
  • 29.-30. oktober: Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Avdeling for samfunnsfag og historie.
  • 10. desember. Fellesadministrasjonen

Styret skal møtast på Sæbø til to dagars styreseminar 29.-30. oktober og der vil strukturdebatten også stå på dagsorden. Det kan vere aktuelt å få eksterne representantar til delta på styreseminaret utan at det er bestemt noko om det enno.

Det er eit nytt styre som skal samlast for første gong 24. september. Høgskulen i Volda har som kjent ei styringsordning med valt rektor som også er styreleiar, og der høgskuledirektøren er  sekretær for styret.

Her er styremedlemmene:

Interne representantar (rektorat og tilsettevalde)

  • Styreleiar, rektor Johann Roppen
  • Nestleiar, prorektor Jens Standal Groven
  • Representant for administrativt tilsette: Kontorsjef Kjell-Einar Dagfinrud.
    • Vararepresentant: Rådgjevar Solveig Margit Sunde
  • Representantar for fagleg tilsette:
    • Professor Tor Johan Ekeland.
    • Høgskulelektor Janne Heggvoll.
    • Nummererte vara for fagleg tilsette: 1) Førsteamanuensis Ivar John Erdal, 2) Vararepresentant: Amanuensis Bente Mari Afset

Resultata er også presenterte i Valnytt nr 3/2015.

Studentrepresentantar

  • Pernille Solvang. Vararepresentant: Joanna Antoniak
  • Stig Ove Brobakke. Vararepresentant: Serghei Levcenco

Eksterne representantar

  • Endre Brunstad, Nesttun. Vararepresentant: Rune Johan Krumsvik, Bergen (oppnemnt av Kunnskapsdepartementet)
  • Inger Østensjø, Stavanger. Vararepresentant: Åslaug Krogsæter, Nordfjordeid (oppnemnt av Kunnskapsdepartementet)
  • Terje Heggem, Molde. Vararepresentant: Petter Bjørdal, Ørsta (oppnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)
  • Kristin Marie Sørheim, Torjulvågen. Vararepresentant: Ingrid Opedal, Volda (oppnemnt av Møre og Romsdal fylkeskommune)

På første styremøte har direktør Jacob Kjøde lagt fram ei saksutgreiing som gjev bakgrunn for strukturspørsmåla. Kva har så direktøren skrive? Dei som er mest interesserte kan sjølve lese styresakene: Her er sakene som skal opp på møtet 24.09.2015 – i lag med sakspapir frå tidlegare møte.

Om ein går inn i saka er det kanskje dei avsluttande merknadene som flest er mest spente på, i siste del av saksutgreiinga finn vi direktørens førebelse vurderingar – her er dei klipt rett ut av saksutgreiinga:


Førebels vurdering av situasjonen

Etter at Høgskolen i Ålesund vedtok å gå til NTNU, er det ikkje noko alternativ til sjølvstende som utan vidare peiker seg ut som «den beste løysinga» for HVO. Vi har mange kvalitetar som gjer at vi kan halde fram som sjølvstendig institusjon. Når det gjeld dei faglege krava til å drifte den nye lærarutdanninga, ligg vi godt an – faktisk betre enn fleire av dei større institusjonane. Utfordringa vår er å rekruttere tilstrekkeleg med studentar til at vi kan gi dei fleire faglege val til fordjuping. Vil vi makte det åleine eller kan rekrutteringa bli betre ved at vi slår oss i lag med andre?

Vurderinga mi er så langt at vi bør greie ut ulike alternative strukturar, inkludert alliansemodellen.

Så langt har styret prioritert regionale modellar, ikkje tilknyting til ein storbyinstitusjon. Den prioriteringa bør framleis gjelde. HiSF har ein del av dei same utdanningane som HVO, og dei er sårbare når det gjeld den nye lærarutdanninga. HiSF bør vere ein interessant samtalepartnar i dei vidare diskusjonane om struktur. Invitasjonen frå UiB må følgast opp.

Mediautdanning og nynorsk er nasjonale satsingsområde for HVO, og vi treng gode støttespelarar for å utvikle dei vidare. Eit anna spørsmål er om HVO skal vere med på utgreiinga om ein profesjonshøgskule på Vestlandet. Det er kanskje tidleg å ta stilling til det no, men det bør vere gjenstand for diskusjon på styreseminaret. I den vidare diskusjon må vi få til betre medverknad frå dei fagtilsette enn det vi makta i førre runde.


Så langt direktørens saksutgreiing. Eg meiner han har lagt fram ei tydeleg og balansert saksutgreiing som er eit godt utgangspunkt for vidare diskusjon. Det er ikkje lagt opp til vedtak i første møtet i denne saka – dette er altså ei drøftingssak.

Prorektor Jens Standal Groven og eg har gått til val på at vi meiner det er best for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Dette er naturlegvis eit syn som vi vil argumentere for også i styreromet, og eg er spent på korleis diskusjonane blir.

Sjølvstende betyr ikkje aleinegang. Tvert i mot har Høgskulen i Volda alt å vinne på å delta i faglege samarbeid med andre høgskular og universitet, forskingsinstitutt og ikkje minst med regionale aktørar. Alliansesamarbeidet med Molde og Lillehammer er nettopp eit døme på det, og eit innovativt forsøk på å arbeide fram ein tredje veg – eit alternativ til sjølvstende eller fusjon.

Det ville også vere respektlaust overfor Kunnskapsdepartementet som vår eigar og overfor andre UH-institusjonar om vi ikkje lytte til kva dei meiner i den overordna strukturdebatten og følgjer med på kva som skjer både i fylket, på Vestlandet og i resten av landet. Invitasjonen frå Universitetet i Bergen oppfattar eg som noko heilt nytt i strukturdebatten – i alle fall for Høgskulen i Voldas del – og eg er difor interessert i å finne ut meir om kva universitetet legg i dette.

Det vert fort mange ballar å halde styr på når ein går inn struktursaka. Eg reknar med at særleg dei nye representantane ønskjer å ha tid til å sette seg inn i dei mange spørsmåla som saka reiser. Som styreleiar ser eg fram til både å bli kjent med styremedlemmene og til gode diskusjonar og godt arbeid til beste for Høgskulen i Volda.

 

Stortinget oppmodar Isaksen til å akseptere høgskulealliansar

Stortinget debatterer Konsentrasjon for kvalitet 11. juni. (Foto: www.stortinget.no)

Kyrkje, undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget la torsdag 4. juni fram si tilråding i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet.

Komiteen oppmodar regjeringa til å la alliansar få sjansen til å prøve seg som ein alternativ veg til å oppnå høgare kvalitet.

Her er lenkje til Stortinget si behandlinga av saka. 

Hovudinntrykket av komitèbehandlinga er at det meste er avklara før behandlinga i samla storting 11. juni.

Opning for allianse?

Det mange i Volda var mest spent på var antakelig om fleirtalet i komiteen ville insistere på at høgskular som vart rekna som for små til å halde fram aleine måtte fusjonere med andre – eller om det blir opning for alternative samarbeid. Fleirtalet i komiteen sa følgjande om alternativ til fusjon:

Under avsnittet 2.4 Fremtidens universitets- og høgskolesektor sluttar fleirtalet i komiteen seg til at det er nødvendig med sterkare konsentrasjon i sektoren og er samde i at dette skal Kunnskapsdepartementet avgjere til sist. Men så skriv ein samla komite:

«Komiteen viser videre til at enkelte andre institusjoner fremdeles utreder alternativene for sammenslåinger og andre typer faglig samarbeid, og at regjeringen vil føre dialog med disse i tiden fremover basert på de omtalte kvalitetskriteriene.

I denne sammenheng har komiteen merket seg at det fra enkelte institusjoner har kommet et ønske om å vurdere andre mulige samarbeidsformer for å høyne kvaliteten etter kriterier skissert i meldingen.

Komiteen ber regjeringen ikke utelukke muligheten til at institusjonene kan legge opp til å øke kvaliteten gjennom forpliktende samarbeid.

Det vil være opp til departementet, i samarbeid med NOKUT, å vurdere hvorvidt økt kvalitet oppnås på denne måten i hvert enkelt tilfelle. Ansvaret for den samlede strukturen i sektoren ligger hos regjeringen, menkomiteen forventer at vurderingene skjer i nær kontakt og dialog med den enkelte institusjon.»

Det er altså Kunnskapsdepartementet som avgjer framtidig struktur i høgare utdanning, men KUF-komiteen har kome med ei svært sterk oppmoding til departementet om å la institusjonar få prøve ut «forpliktande samarbeid».

Finansieringa skal gjennomgåast

Komiteen var også svært klar i spørsmålet om finansiering av høgare utdanning. Dei gamle universiteta ville helst at finansieringsordninga ikkje skulle bli endra, dei nye universiteta såg sterkt behov for ein gjennomgang. Høgskulane har vore delte i spørsmålet.  Høgskulen i Volda har svært låg grunnløyving og dermed alt å vinne og lite å tape på at finansieringsordningane blir gjennomgått.

Sjølv er eg heilt samd i at det er på sin plass å ta ein gjennomgang av finansieringa av høgare utdanning. Det ville også vere nokså ulogisk å gjennomføre store strukturendringar og så la finansieringssystemet halde fram som om ingenting hadde skjedd.

Stortinget avgjer 11. juni

Stortinget avgjer heile saka 11. juni etter at komiteen no har halde sin frist som var å levere saka 4. juni. Med såpass klare fleiretal i komitebehandlinga er det vanskeleg å tenkje seg at partia skal ombestemme seg på den komande veka.

 

Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.

Rektormøte på Lillehammer.
Gammelsæter (HiM), Ohnstad (HiL) og Halse (HVO).

På førre møte i høgskulestyret i Volda vart det reist benkeforslag om at Høgskulen i Volda burde ta kontakt med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer for å finne ut om dei tre «gamle» DH-skulane kunne ha felles interesser i strukturdebatten. Benkeforslaget vart vedtatt, sjølv om dette i høve til tidsfristane var «ti over tolv», slik rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane formulerte det. Fortsett å lese Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.

HVO i spørjetimen på Stortinget (18.02.2015)

Fredric Holen Bjørdal under spørjetimen på Stortinget, 18. februar 2015.
Fredric Holen Bjørdal under spørjetimen på Stortinget, 18. februar 2015.

Fredric Holen Bjørdal (Ap) tok opp Høgskulen i Volda i strukturdebatten i spørjetimen på Stortinget, onsdag 18. februar 2015.

Video frå replikkvekslinga mellom Bjørdal og statsråd Torbjørn Røe Isaksen.

Fredric Holen Bjørdal (A) [12:53:25]: «Det går nå føre Fortsett å lese HVO i spørjetimen på Stortinget (18.02.2015)

– Feil diagnose og feil medisin frå Isaksen (Khrono, 26.01.2015)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, videograb frå Spørjetimen på Stortinget, 18.2.2015
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, videograb frå Spørjetimen på Stortinget, 18.2.2015

Det er faktisk så ein kan lure på om kunnskapsministeren eigentleg vil legge ned alle høgskulane, skriv påtroppande rektor, Johann Roppen, ved Høgskulen i Volda i dette innlegget som også har stått i nettavisa Khrono.

Fortsett å lese – Feil diagnose og feil medisin frå Isaksen (Khrono, 26.01.2015)