Takk for meg – og takk for alle svelene!

Vi er ein statleg institusjon i ein del av landet som har svært låg andel statleg tilsette, men vår del av landet har også færre høgre utdanning, og særleg mange færre med lang høgre utdanning. Ei nedprioritering av Høgskulen i Volda vil dermed også vere ei nedprioritering av regionen. Utan gode barnehagar, skular og andre offentlege tenester vert ikkje vår del av verda meir, men mindre attraktiv å bu i. Dette er bodskapar som vi berre må gjenta gong etter gong. Kanskje går det inn ein dag?

Eg er heilt sikker på at toppleiinga frå 1. august er like opptatt av desse viktige spørsmåla som eg har vore, men vi må alle dra i lag og minne oss sjølve og omgivelsane våre på kvifor vi er her, at vi har vore her sidan 1861, og at vi og regionen er i same båt.

Så langt tema som ein rektortale bør omtale.

Sveler frå kantina på Høgskulen i Volda. Med heilt rett farge!

Men no vil eg gjere eit aldri så lite sceneskifte, og snakke om det som verkeleg betyr noko. Noko som har gitt Volda eit unikt rykte, og som vi ikkje hadde klart oss utan i ein omskifteleg kvardag.

Litt varme og sødme i kvardagen, og som er tilgjengeleg for ein liten slant. I alle fall i lunsjtida, men som kanskje er borte på slutten av dagen.

Og til å introdusere dette unike med Volda har eg fått litt hjelp av Otto Jespersen:

I filmen Børning er Otto Jespersen passasjer i ein bil som er LITT forsinka på å nå ferja, men dei når ferja akkurat etter eit flygade bil-stunt inn på ferjedekket på «Vardehorn». Og kva seier Otto Jespersen då? Spol fram til ca. 1:37 inn i klippet:

Nå skal det smake med en svele.

Otto Jespersen i «Børning»

Også i oppfølgaren Børning 2 dukkar svelene opp. Eg trur det er nokre englar som byr Otto Jespersen-karakteren på sveler frå baksetet på bilen. Sveler er altså ein form for englemat.

Englemat. Det er jo eit treffande namn på dei runde, lysebrune, søte og kroppsvarme svelene som eg og mange andre set utruleg stor pris på at vi har i kantina vår.

Eg trur faktisk at dette er noko av det som studentane set ekstra stor pris på og som dei hugsar tilbake til studieåra i Volda med varm glede.

Viktige hendingar i åra mine som rektor kan faktisk også oppsummerast gjennom nokre episoder – med sveler.

Nokre av dykk hugsar kanskje at vi for nokre år sidan hadde ein statssekretær som heitte Bjørn Haugstad. No er han organisasjonssjef ved NTNU. Han reiste landet rundt og ville at høgskular som han tykte var små burde slå seg saman med nokon større.

Og til Volda hadde han følgande kraftsalve, i avskjedsintervjuet:

Høgskulen i Volda [må] finne ut hva som skal være deres konkurransefortrinn. Og det må være basert på noe mer enn nynorsk, sveler og fantastisk vestlandsnatur.

Bjørn Haugstad i Khrono 4. mars 2018.

Eg svarte vel at eg tykte det var ei kraftig nedvurdering av svelenes kraft og av privat næringsliv. Ferjereiar Per Sævik selde jo sveler for ca. ein milliard i året – den gongen. Ja kanskje var det ikkje berre sveler han selde i kioskane. Men det private næringslivet og publikum har vel oppdaga det Haugstad ikkje såg. I alle fall når det gjeld sveler.

Dei som kan si svelehistorie har nok fått med seg at det er ferjeselskapet Møre og Romsdal Fylkesbåtar, også kalla MRF, eller Møre Fylke, som har fått æra for å ha gjort sveler og ferjer til eit uslåeleg radarpar.

Svela er faktiske eit moderne fenomen. Eit viktig kjeldeskrift i sveleforskinga er Kjærleikens ferjereiser, roman av Edvard Hoem frå 1974. Men som kjeldeskrift er den viktigast for kva der ikkje står. For på den fiktive ferjeturen til Hoem, frå Ramvik til Vindøy, til Landøy til Eikøy, så blir det ikkje servert ei einaste svele. Dette handlar neppe om kunstnarleg fridom, men mykje meir truleg er det at før 1970 fanst det ikkje sveler å oppdrive på ferja. Ferja hadde kafè  – men Hoem serverte passasjeane og lesarane sine berre brødmat og kaffi.

Svela fekk fast plass på ferja etter ein internkonkurranse i ferjeselskapet der dei ville ha framlegg til ny ferjemat. Vinnar vart kokken Steinar Slettestøl som altså foreslo ei sveleoppskrift. Og svela vart først testa ut på Romsdalsfjorden før den spreidde seg vidare i så sterk grad at somme faktisk ønskar å boikotte ferjer som ikkje serverer sveler.

Svelekokk Steinar Slettestøl vart fødd 25.12.1930, og eg lurer på om han framleis lever. Det  er i alle fall ein som heiter Steinar Slettestøl og bur på Skredestranda i ein nabokommune til Volda. Og om han han framleis lever i ein alder av 93 år så må det ver eit sikkert teikn på at med sveler så kan du få eit langt, og søtt liv.

Aud Osdal - tidlegare tilsett i kantina på DH og HVO.

Aud Osdal – tidlegare tilsett i kantina på DH – og HVO.

Eg har forstått det slik at svelene kom først til DH, og til studentkroa. Og etter samanslåinga i 1994 og ny felles kantine i 1999 vart det sveler som vart valt – framfor vafler. Eit lukkeleg val! Og som faktisk også var ein effektiv produksjonsmodell for kantina.

Det finst også dårlege svelekopiar, og eg har ei klar åtvaring: Du må ikkje ete sveler som har vorte vakuumpakka i plast. Risikoen er stor for at du faktisk ikkje lenger vil ha svele. Stor var mi forventning til å ete sveler for aller første gong i Ålesund, på Color Line Stadion, for nokre år sidan. Her snakka vi om eliteseriespel, og på den tida hadde jo Ålesund også vorte cupmeister. Men eg kan avsløre at eliteseriesvela var ei smaklaus oppleving, levert frå eit bakeri i Trøndelag, nær svenskegrensa. Og langt frå den nysteikte, varme kjærleiken frå ei heit sveletakke på Sunnmøre.

Så det er langt frå sikkert at svelene er betre i bya, i Ålesund. Og slett ikkje dei frå Trøndelag. Sjølv om dei heilt sikkert har god greie på plastpakka masseproduksjon.

Konklusjonen må vere klar: Høgskulen i Volda ville rykke ned mange divisjonar om vi skulle kopiere eliteseriesveler med trøndersk oppskrift.

Nei svelene blir best om dei er lokalt produserte og steikte på staden. Eg tykkjer det er veldig passande at sveler blir steikte på ei sveletakke. Takk for det.

Så kan ein lure på om vårt svelefellesskap er einsformig og keisamt og prega av monotoni. Vi har mange faglege debattar i vår sektor. Slik bør det vere. Det er ille om vi var samde om alt.

I sveleverda er det også mange faglege debattar om viktige spørsmål:

Kor store skal svelene vere? Skal vi forenkle, spisse og justere på sveleporteføljen vår? Og kva er rett farge på svelene, sånn etter ein trafikklysmodell? Kor brunt er for brunt? Kor lyse er dei før vi må varsle og skru på det gule eller raude trafikklyset?

Sjølv har eg teke på meg eit tungt verv som kvalitetssikrar av fargen på svelene. Det er definitivt ikkje heile sveleopplevinga, men det startar med førsteinntrykket.

I vår sektor har det vore eit jag etter det fremste, og vi får høyre at det ikkje er noko poeng å bli norsk meister. Ein må konkurrere med dei fremste i verda om det skal vere noko å snakke om. Det synest eg er eit veldig sneversynt perspektiv. For dei som likar og set pris på sveler i kvardagen, eller heile livet, er det mykje viktigare å vere av jamn, trygg og føreåtseieleg kvalitet.

Det første teiknet på om svela er av god kvalitet er fargen. Ikkje for mørk. Slett ikkje for lys. Og om svela har spraglete let så er eg usikker på om eg har lyst på den. Sjølv om eg veit at smaken heilt sikkert er god!

Så vi må kvar dag passe på både fargen og innhaldet i svelene vi serverer til kvarandre – og til studentane. Mi erfaring er at dei som jobbar i kantina på HVO er glade for å få tilbakemelding på kvalitet. Sjølv om dei av og til må flire litt av at nokon bryr seg. Men – vi må faktisk alle bry oss.

Som vi veit er omgrepet kvalitet eitt av dei aller vanskelegaste i vår sektor. Vi kan både seie topp kvalitet – og meiner då det fremste. Og vi kan seie jamn kvalitet. Og meiner då at alle skal vere av like god kvalitet. Men jamn, og god nok kvalitet trur eg er viktig.

I andre samanhengar er vi opptatt av å formidle at «Du er god nok som du er». Av og til ønsker og treng ein faktisk berre ei heilt grei svele.

Eg har inntrykk av at dei internasjonale studentane og tilsette også set pris på sveler. Men eg trur ikkje dei har tenkt tanken på at svelene smakar betre om dei får eit engelsk namn. Så har vi då også fått ein nasjonal strategi for norsk fagspråk, som eg håper betyr at også svelenamnet også får språkleg vern.

Så mine siste ord om – sveler – blir:

Vi må ta vare på svelene våre – det er ingen andre høgskular eller universitet som kan slå oss der.

Og vi må ta vare på dei ved å sjå til at dei også i framtida blir skapte i kjærleik. Og at dei må nytast med andakt.

Takk for meg!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.