Mot slutten på lang strategidiskusjon – og starten på ein «ny» universitetsdiskusjon?

Frå ei av gruppene som var i sving på styreseminaret. Frå venstre rundt bordet: Bethel Britto, Irmelin Losvik, Silje Dahl, Kjell Einar Dagfinrud og Joakim Yksnøy Rødven.

Deltakarane på det årlege styreseminaret til Høgskulestyret i Volda er ei brei forsamling: Høgskulestyret – med vara om dei ønsker det – høgskuleleiinga (rektorat, direktør, dekanar, direktørar/sjefar, representantar frå studentparlamentet og frå dei tilsettes organisasjonar). I alt var det 34 deltakarar. Det er slik det brukar å vere.

2 års strategiprosess

Tema på styreseminaret var strategiplanen for Høgskulen, som høgskuleleiinga starta arbeidet med for ca. 2 år sidan og som høgskulestyret har følgt tett det siste året.

Den indre samanhengen – og rekkefølga – på dei ulike elementa i strategiplanen er nok ikkje nødvendigvis lineær, men for å få oversyn over planen kan det vere ein grei måte å presentere planen på:

Samfunnsoppdrag -> Profil -> Visjon – > Verdiar – > Ambisjonar – > 4 satsingsområde – > Handlingsplanar (våren 2022)

Strategiplanen skal opp på styremøtet i desember for endeleg vedtak, og så vil det bli laga handlingsplanar ut frå dette våren 2022.

Dei fire satsingsområda, firkløveren vår (?) er desse:

  • Vi skal ha eit dynamisk og berekraftig læringsmiljø
  • Vi skal sikre høg kvalitet og heve ambisjonane innan profilutdanningane vår (evt «kjerneutdanningane»)
  • Vi skal ha utvalde forskingsmiljø som er leiande nasjonalt og kan hevde seg internasjonalt
  • Vi skal vere ein aktiv samfunnsaktør i regionen

Alle tilsette og Studentparlamentet fekk før styreseminaret høve til å kommentere på utkast til strategiplan, og det kom inn over 20 høyringssvar som omtalte alle delar av planen. Tidlegare har tilsette og studentar vore med i strategiverkstader og i styret og leiargrupper har planen vore drøfta fleire gonger.

Mitt hovudinntrykk av seminaret er at dei overordna, lange linjene i planen er på plass. Det vart lite diskusjon og då ned på einskildordnivå når vi snakka om samfunnsoppdrag, profil, visjon og verdiar. Planen er då også at desse delane av strategiplanen kan ligge fast fram til 2030.