Helsing på sommaravslutninga for studieåret 2022- 2023. Og avtakking etter åtte år som rektor. 23. juni 2023.
Eg har hatt privilegiet å vere rektor ved Høgskulen i Volda i åtte år. Før det var eg ein del av leiinga som forskingskoordinator i ca. tre år. No har eg fått eit år til fagleg oppdatering så er det faktisk 12 år sidan eg var ein del av det daglege arbeidet som fagtilsett på Avdeling for mediefag. Både 8 og 12 år er lenge i eit liv – anten ein no snakkar om eit livsløp eller ein karriere. Blant anna er det svært mange av dagens tilsette på HVO som har vorte tilsette etter 2015. Så har vi også vore gjennom ei forynging av staben – som mange kan misunne oss.
Eg vil sjå tilbake på dei 8 åra som rektor med glede – fordi eg har lært mykje av å ha rolla som rektor – eg føler eg har vorte godt kjend med heile institusjonen – og også fått del av gleder og sorger. Fred og strid. Men framfor har det vore gode år når det gjeld økonomi, vekst og utvikling for Høgskulen i Volda.
Dei største og mest synlege endringane og tiltaka er jo Sivert Aarflot-huset og Hans Strøm-huset. Dette er store investeringar og dermed tunge løft for Høgskulen i Volda – vi snakkar om fornyingar som har kosta over 300 millionar kroner. Det eine prosjektet starta før eg vart rektor og det andre blir sluttført etter at eg har slutta. Så dette er prosjekt som har teke tid, og som vi berre har hatt råd til fordi vi over lang tid har drive i tråd med sunnmørske dygder som å spare på skillingen og drive nøkternt, men også fordi vi har vore optimistiske og hatt gode og fornuftige prosjekt.
På fagleg side vart det meste av arbeidet med doktorgraden i helse og sosial gjort før eg var rektor, og den nye doktorgraden i Utdanning, språk og kultur vil ikkje starte opp før tidlegast i 2025.
Og så er eg spent og optimistisk med tanke på å få akkreditert masterutdanning i Natur, kultur og berekraft på Avdeling for kulturfag. Med den på plass vil vi ha masterutdanningar på toppen av alle våre bachelorutdanningar. Det er ei viktig og nødvendig utvikling for oss, sidan samfunnet blir meir og meir kompetansedrive, og vi må utvikle oss på same måte som alle andre høgskular og universitet.
Det går ikkje alltid så fort i høgre utdanning, men kontinuitet, å arbeide trottug og langsiktig er nødvendig for å få til resultat.
Så eg håper og trur at dei 8 åra vi har lagt bak oss vil bli huska som gode år for Høgskulen i Volda.
Dei politiske signala tyder på at vi kan få tøffare år når det gjeld økonomi, men også at vi får større ansvar for lokale og dermed regionale prioriteringar.
Vi er ein høgskule i ein region som er prega av sterk og global orientert industri. Men vår region er også prega av sterk fråflytting og aukande mangel på arbeidskraft.
Deltakarane på det årlege styreseminaret til Høgskulestyret i Volda er ei brei forsamling: Høgskulestyret – med vara om dei ønsker det – høgskuleleiinga (rektorat, direktør, dekanar, direktørar/sjefar, representantar frå studentparlamentet og frå dei tilsettes organisasjonar). I alt var det 34 deltakarar. Det er slik det brukar å vere.
2 års strategiprosess
Tema på styreseminaret var strategiplanen for Høgskulen, som høgskuleleiinga starta arbeidet med for ca. 2 år sidan og som høgskulestyret har følgt tett det siste året.
Den indre samanhengen – og rekkefølga – på dei ulike elementa i strategiplanen er nok ikkje nødvendigvis lineær, men for å få oversyn over planen kan det vere ein grei måte å presentere planen på:
Strategiplanen skal opp på styremøtet i desember for endeleg vedtak, og så vil det bli laga handlingsplanar ut frå dette våren 2022.
Dei fire satsingsområda, firkløveren vår (?) er desse:
Vi skal ha eit dynamisk og berekraftig læringsmiljø
Vi skal sikre høg kvalitet og heve ambisjonane innan profilutdanningane vår (evt «kjerneutdanningane»)
Vi skal ha utvalde forskingsmiljø som er leiande nasjonalt og kan hevde seg internasjonalt
Vi skal vere ein aktiv samfunnsaktør i regionen
Alle tilsette og Studentparlamentet fekk før styreseminaret høve til å kommentere på utkast til strategiplan, og det kom inn over 20 høyringssvar som omtalte alle delar av planen. Tidlegare har tilsette og studentar vore med i strategiverkstader og i styret og leiargrupper har planen vore drøfta fleire gonger.
Mitt hovudinntrykk av seminaret er at dei overordna, lange linjene i planen er på plass. Det vart lite diskusjon og då ned på einskildordnivå når vi snakka om samfunnsoppdrag, profil, visjon og verdiar. Planen er då også at desse delane av strategiplanen kan ligge fast fram til 2030.
Blogginnlegget har vorte oppdatert med eit par tilleggsoppysningar/utvikling av diskusjonen. Tillegga er markerte med teksten «tillegg», dato og kursiv.
Høgskulen skal i 2021 inn i ein ny strategidiskusjon – godt forsinka av korona. Samtidig vil våren 2021 by på ei retteleg haglbyge av nasjonale strategiar for høgskule- og universitetssektoren.
Når veret kan vere skiftande og terrenget utfordrande bør fjellvettreglane vere godt kjende når ein skal ut på ein såpass krevande tur som ein strategiprosess kan bli. Og med litt usikre langtidsmeldingar frå sentralt hold. Vi kan starte med fjellvettregel nummer 2:
Nr 2: Tilpass turen etter evne og forhold.
Korleis står det til med evnene til Høgskulen i Volda?
I studieåret 2020-2021 har vi rekordmange studentar, vi har rekordvekst i 2021-budsjettet og i åra som kjem vil fleire store byggeprosjekt lande. Vi har ein del å gå på blant anna når det gjeld kompetanse, publisering og forskingsinntekter. Men med dei mange oppgraderingane og investeringane håper eg vi har på plass det Fjellvettregel nr 5 handlar om:
Nr 5: Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg sjølv og andre
Vi bør altså ha eit godt utgangspunkt, men strategiarbeid handlar også om å planlegge framtida, om gå inn i det ukjende – og kanskje usikre. Då er det viktig å følgje Fjellvettregel nr 1:
Nr 1: Planlegg turen og meld frå kvar du går.
Planlegginga av turen, eller kartet, er både strategiprosessen, resultatet og gjennomføringa av planen. Vi har ein strategiplan som er datert 2017-2020, men koronaen har forsinka oss så først no i 2021 skal vi klare å gjennomføre samråda som trengst for at vi på slutten av året skal kunne seie at alle har fått høve til å delta i strategiarbeidet og styret kan vedta ny strategi for Høgskulen i Volda på eit godt grunnlag. Om vi held fram som før så er det ein ny fireårig strategiplan som vil bli vedtatt – kanskje for 2022-2025.
Høgskulestyret ønskjer på alle styremøte å få ei kort orientering frå rektor om saker som styret reknar som særleg viktige. Struktursaka og grunnskulelærarutdanningane blir det orientert om på alle styremøte.
Nedanfor står orienteringa frå styremøtet 13. september 2019.
Samarbeidsavtalen mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda vart signert i 2016 og skulle vare for tre år, med opsjon på forlenging i tre nye år. Det må altså vi og UiB ta stilling til våren 2019. Det kan antakelig passe å forlenge avtalen på Solstrand-seminaret i mars 2019. Avtalen er inngått på rektornivå på dei to institusjonane og styra har fått avtalen til orientering.
På fellesnivået så har prorektor i Volda hatt møte med prorektor for utdanning i Bergen. Leiinga i Volda skal også ha eit møte med våre felles professorar, altså II-arane i Volda som er tilsette ved UiB den 21. september.
På fagleg nivå melder Avdeling for samfunnsfag og historie om nye aktivitetar innanfor eller i tilknytning til samarbeidsavtalen. Det er samarbeid om metodeundervisning, barnevernssamarbeid der også Høgskulen på Vestlandet er med. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har rigga forskingsprosjektet DigiGLU – altså digitalisering av grunnskulelærarutdanninga – slik at professor Rune Johan Krumsvik er prosjektleiar i lag med professor Peder Haug. Krumsvik er som kjent II-ar ved Avdeling for kulturfag.
Strategiplanen for Høgskulen i Volda for 2017-2020 vart vedtatt av høgskulestyret 26. januar 2017. Det var det viktigaste som skjedde på styremøtet.
Og det er ein strategiplan berre for Høgskulen i Volda, kan det kanskje vere grunn til å minne om.
Det kom inn mange endringsframlegg i løpet av styremøtet. Dei skal innarbeidast i den reviderte planen av høgskuledirektør Jacob Kjøde. Deretter skal planen sendast styret for ein sjekk. Etter det vil planen bli signert av to styremedlemmer og offentleggjerast. Vonleg vil dette skje i løpet av første veka i februar og etter det blir planen lagt ut på nettsidene våre. Skulle det ha skjedd mistydingar kan også styret i neste møte rette dei opp når protokoll for styremøtet 26. januar skal godkjennast.
Slik er rutinen for styresaker ved Høgskulen i Volda.
Oppfølgjing
Strategiplanen skal så følgjast opp i åra som kjem – og då tenkjer eg på heile planen – ikkje berre det som handlar om struktur og eventuelle fusjonar.
Gjennom strategiplanen og oppfølgjinga skal bli i stand til å svare både internt og eksternt på kva vi tenkjer og vil gjere med utfordringane vi står overfor. Mykje er bra – spesielt er det viktig at vi har fått akkreditert grunnskulelærarutdanninga og at arbeidet med «Sivert» – nybygget for media og formidling er godt i gjenge og er viktige tiltak i åra 2017-2020.
Framlegg til ny strategiplan for Høgskulen i Volda for 2017-2020 blir lagt fram for styret på det komande styremøtet torsdag 26. januar.
NB! Styremøtet blir ikkje strøyma på grunn av kollisjon med undervisning.
Strategiarbeidet har vore undervegs i tre-kvart år og godt over 100 tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda har bidrege i arbeidet gjennom deltaking på strategiverkstader, allmøte og innspel på framlegget til strategiplan.
Det siste styremøtet ved Høgskulen i Volda i 2016 blir halde torsdag 8. desember frå kl 11 – i BK 220. På dagsorden står blant anna førsteutkastet til strategiplan.
Utkastet til strategiplan blir diskutert på styremøtet 8. desember og deretter sendast på ei høyringsrunde i organisasjonen. Etter planen skal så ny strategi vedtakast på styremøtet 26. januar 2017.
Høgskolen i Molde har framtidig sjølvstende eller samanslåing med andre institusjonar på dagsorden på styremøte tysdag 22. november 2016.
Bakgrunnen er ein langvarig diskusjon ved Høgskolen i Molde, seinast på på bakgrunn av ein rapport som forskingsinsituttet NIFU har laga på oppdrag frå høgskolen.
Molde-rektor Hallgeir Gammelsæter har i nettavisa Panorama 21. november analysert og vurdert NIFU-rapporten og situasjonen i Møre og Romsdal. Gammelsæter meiner at å slå saman høgskulane i Volda og Molde til «Høgskulen Nordvest» er eit betre alternativ til å gå inn i større einingar, som for Molde sin del ville vere NTNU. Det er særleg det regionale perspektivet Gammelsæter er oppteken av, sidan Møre og Romsdal truleg blir landets 10. region:
Det åpner seg nå en ny mulighet for Høgskolen Nordvest. En slik høgskole vil finne politisk støtte samtidig som fagmiljøene positivt kan møte de nye faglige utfordringene og regionens utfordringer. Jeg tror dette er en mulighet HiMolde nå skal ta.
Kommentarartikkel sendt til ei rekkje aviser i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane 12. juni 2016.
Høgskulen i Volda er ein av få høgskular i Noreg som held fram som sjølvstendig høgskule. Det er klart etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane 9. juni bestemte seg for å fusjonere med to andre høgskular.
Styret ved Høgskulen i Volda inviterte tidlegare i vår Høgskulen i Sogn og Fjordane til fusjonsforhandlingar, men dette blei avvist av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Først ved at Høgskulen i Sogn og Fjordane vedtok å innleie fusjonsforhandlingar med Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund. Og like før helga vart det klart at styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med røystetala 6-5 vedtok å godkjenne fusjonsforslaget og dermed går sørover og ikkje mot Volda. Dette kan vi i Volda berre respektere og akseptere, men ønskjer å halde fram med faglege samarbeid.
Tidlegare har det vorte klart at Høgskulen i Møre og Romsdal ikkje blir noko av, fordi NTNU overtok Høgskolen i Ålesund. Vi prøvde også å få til ein allianse mellom Volda, Molde og Lillehammer, men dette har Kunnskapsdepartementet avvist.
Men det er inga ulukke for Høgskulen i Volda å halde fram som sjølvstendig høgskule. Land og strand rundt strevar universitet og høgskular med til dels svært kompliserte fusjonsprosessar der mange fagmiljø og studiestader skal finne sin plass. I Volda kan vi i staden konsentrere oss om det jamne, harde arbeidet med å levere stadig betre kvalitet på utdanning og forsking. Og det er svært gledeleg å legge fram tal som syner at vi lukkast på mange område.
Særleg viktig er det at studentane ved Høgskulen i Volda er dei flinkaste i landet til å fullføre bachelorutdanning. Etter nasjonale målingar dei tre siste åra er det ca 60 prosent av våre bachelorstudentar som blir ferdige på dei tilmålte tre åra. Landsgjennomsnittet er 50 prosent. Dette er ikkje berre viktig for oss, men også for OECD og produktivitetskommisjonen som seier at dårleg gjennomføring av utdanning er ei av dei største utfordringane i norsk høgare utdanning. Så dette er ikkje viktig berre for Volda og for regionen – men også nasjonalt og internasjonalt.
Kvifor lukkast vi så bra i Volda? Dette handlar både om gode lærarar som bryr seg om studentane, motiverte studentar, eit godt studentmiljø og at studentane faktisk har råd til å vere studentar på fulltid i Volda. Det er korte avstandar og mange hyblar til ein grei pris i Volda. Eiksundtunnelen og Kvivsvegen har også gjort det lettare for fleire studentar i regionen å bu heime og å pendle til Volda. Enn så lenge har vi også gratis parkering. Hausten 2016 kjem vi truleg til å sette ny rekord i tal på studentar, noko som heilt sikkert kjem av at også studentane veit kva kvalitetar det er ved å studere i Volda.
Studentane rapporterer då også om at dei trivst godt i Volda og har i praksis vist seg å vere våre viktigaste ambassadørar for å rekruttere nye studentar.
Høgskulen i Volda har mest alltid vore ein spissa og profilert høgskule. Vi utdannar stort sett lærarar, sosialarbeidarar og medie- og kulturarbeidarar. Dette er utdanningar som gir arbeid i vår region – som regionen treng. Vi utdannar ikkje sjukepleiarar, ingeniørar eller økonomar. Dette er utdanningar som er viktig for andre høgskular. På toppnivå tilbyr vi masterutdanning innanfor dei fleste av våre fagområde, og det siste året har vi også tilbydd doktorgradsutdanning innanfor helse- og sosialfag.Høgskulen i Volda står overfor spennande endringar i åra som kjem. Frå hausten 2017 blir grunnskulelærarutdanningane femårige og det har vorte skjerpa krav til kva studium høgskulane får lov å tilby. I Volda vil den nye lærarutdanninga tilby fordjuping i norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk. Høgskulen har også som ambisjon å vere blant dei beste på digitale verktøy. Samarbeidet med Ulstein kommune om Læringsarena Ulstein er eit spennande pilotprosjekt som passar godt inn i dette bildet.
Kjem så Høgskulen i Volda også i framtida til å vere sjølvstendig? Det er naturlegvis vanskeleg å spå, men politiske signal tyder på at samanslåings- og fusjonsbølgja kanskje stoppar opp no – i alle fall fram til neste stortingsval. Vi er stor nok og har høg nok kompetanse til å halde fram som sjølvstendig høgskule. Gjennom samarbeid med andre høgskular og særleg Universitetet i Bergen meiner eg vi også i framtida vil stå godt rusta til å gje god utdanning og drive god forsking til beste for regionen og for landet.
Høgskulane Volda og Sogn og Fjordane skal ha felles styreseminar 10. mars på Hotel Alexandra i Loen. Dette er eit møte som eg ser fram til med gode voner og stor spenning. Gode voner fordi Høgskulen i Sogn og Fjordane er vår næraste høgskule med mange parallelle fagområde og utveksling av fagfolk. Spenning fordi struktursaka set press på dei to høgskulane på måtar som gjer at utfallet av møtet slett ikkje er sikkert.
Eg trur dei to høgskulane har mykje å tilføre kvarandre – og det gjeld alle fagmiljø.
Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har også styremøte 10. mars og dei to høgskulane i sør er med god grunn også spente på resultatet av drøftingane i Loen.
«Vestlandshøgskulen» (arbeidstittel) har berre tida og vegen i månadene framover. Skal Vestlandshøgskulen bli oppretta frå 1. januar 2017 så må det gjerast eit vedtak i regjeringa (kongeleg resulosjon) om fusjon før sommarferien. Dermed må fusjonspartnarane vere ferdige – og ha vorte samde! – i fusjonsforhandlingar som går frå mars til mai.
Formelt sett har ikkje fusjonsforhandlingane mellom aktørane starta. Styra ved Høgskolen i Bergen og Høgskolen Stord / Haugesund har gjort vedtak om fusjon og ventar berre på kven andre som skal bli med på fusjonsskuta.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har førebels gjort vedtak om sonderingar mot fusjonsforhandlingar. Og sonderingar mot Høgskulen i Volda.
«Alle» ventar difor på at Høgskulen i Sogn og Fjordane skal gjere det klart på møtet 10. mars om dei går vidare i fusjonsforhandlingane mot Vestlandshøgskulen. Eller gjer noko anna. Fortsatt sjølvstende eller fusjon med Volda er tenkjelege alternativ. Det er opp til styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane å vurdere kva som er beste alternativ.
Det har i 2016 vore faste møte med leiinga for dei tre høgskulane Sogn og Fjordane, Bergen og Stord / Haugesund. Sjølv har eg delteke på eitt av desse møta via videokonferanse, og har også hatt anna kontakt med alle rektorane for dei tre Vestlandshøgskulane.
Dei tre rektorane har kvar på sin måte og ut frå ulike grunngjevingar sagt frå om at Høgskulen i Volda er velkomen inn i ein Vestlandshøgskule.
Kva så med Volda?
Høgskulen i Volda har førebels gjort vedtak om å ta kontakt med Høgskulen i Sogn og Fjordane, samstundes som samarbeidet med Universitetet i Bergen held fram i tråd med tidlegare vedtak.
I saksutgreiinga til omframt styremøte 24. februar presenterte direktør Jacob Kjøde tenkjelege alternativ for Høgskulen i Volda. Dei er ikkje så ulike alternativa for Høgskulen i Sogn og Fjordane:
Fortsatt sjølvstende, men med samarbeid med Universitetet i Bergen.
Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Fusjon med Vestlandshøgskulen.
På styremøtet 24. februar vart det eigentleg ikkje diskutert så mykje for og mot dei ulike alternativa. Eg oppfattar styremedlemmene slik at dei framleis ønskjer å orientere seg i landskapet og om alternativa som finst, sjølv om det også verkar klart at mange styremedlemmer har bestemt seg for kva dei meiner om retninga høgskulen bør gå.
Styret ønska seg ei risikovurdering av alternativa i strukturprosessen, og det vil bli lagt fram på styremøtet 10. mars. I praksis må denne vurderinga ligge føre 2. mars for å nå fram til styret i god tid.
Høgskulen i Sogn og Fjordane har også gjort ei risikovurdering, og den er tilgjengeleg her.
Mange av vurderingane til Sogn og Fjordane vil vi i Volda kunne legge til grunn i vår risikovurdering.
Styret har også bede administrasjonen ved Høgskulen i Volda om å ta kontakt med Kunnsksapsdepartementet for å avklare handlingsromet i strukturprosessen. Det er i ferd med å bli gjort.
Eitt viktig moment i vurderingane er dei nye krava til femårig grunnskulelærarutdanning og korleis Høgskulen i Volda står seg i høve til desse krava.
Til neste styremøte 10. mars vil AHL legge fram eit meir detaljert oversyn over krav og kompetanse på HVO. Dette går ikkje fram av styrevedtaket, men vart etterlyst av fleire styremedlemmer på møtet og vart notert av administrasjonen.
NOKUT-rapporten er skriven av to eksterne ekspertar: «De fire ph.d.-utdanningene er vurdert av Birgitte Holm Sørensen og Eyvind Elstad.» Dei to er utvalde fordi dei har vore involvert i vurderinga av utdanningsrelaterte ph.d.-utdanningar tidlegare.
To einskildpersonar legg sterke føringar på grunnskule-lærarutdanning og dermed strukturen i høgare utdanning. Det er eit risikabelt vurderingsgrunnlag.
Det har vore lite kontakt med dei to alliansepartnarane Molde og Lillehammer etter at Kunnskapsdepartementet (KD) vende tommelen ned for alliansemodellen. Høgskolen i Molde har i eit styrevedtak opna opp for ein ny runde med sonderingar. Både NTNU og NHH har vorte lufta som alternativ til fortsatt sjølvstende.
Som rektor vil eg halde fast på sjølvstendelina – men vi må samarbeide med andre institusjonar.
Er det så ingenting som har endra seg som gjer at standpunktet om sjølvstende bør endrast? Eg vil naturlegvis sette meg inn i risikovurderinga og krava til ny femårig lærarutdanning. Men pr i dag så vurderer eg det framleis slik at fordelane ved å stå aleine veg tyngre enn ulempene – og kostnadene – ved å gå inn i ein fusjon.