Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?

Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.

Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.

Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).

Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.

Meir om meldinga på Stortingets nettsider.

Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:

  • Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
  • Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.

Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.

Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:

  • Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.

Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som  la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»

Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.

Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:

  • EU-finansiert forsking.
  • Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ph.d.-utdanning.

Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.

Doktorgradsprogram i Volda/Molde: 

Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer: 

Mange felles fagområde

Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning,  humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014

Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.

Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.

Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).

 

 

Tilsett eller vald rektor: Er det eigentleg spørsmålet?

Oppdatering: 18.12.2017:
I styremøte 8.mars 2017 vedtok høgskulestyret i Volda med 6 mot 5 røyster at høgskulen skal halde fram med vald rektor. Dette vedtaket vart gjort før stillinga som direktør vart lyst ut fordi innhaldet i ei direktørstilling er svært ulikt om høgskulen har tilsett eller valt rektor.

I stortingsmeldinga om struktur i høgare utdanning Konsentrasjon for kvalitet står følgjande lese under Tiltak i punkt 6.3. at regjeringa vil:

«gå inn for å endre universitets- og høyskoleloven slik at ekstern styreleder og ansatt rektor blir hovedmodell for styring og ledelse av institusjonene»

Det ser ut til at Arbeidarpartiet støttar dette framlegget – så då er det nok fleirtal i Stortinget for at tilsett rektor vert normalordninga. Men det er framleis slik at det er opp til institusjonane sjølve – altså høgskulestyra – å bestemme om dei vil ha tilsett eller vald rektor. Inntil vidare kan det vel seiast.

Framlegget om å gå klart i retning av at tilsett rektor er det normale har vekt debatt i universitets- og høgskulesektoren. Universitetsrektorane på dei «gamle» universiteta i Oslo og Bergen var raskt ute med å ta avstand frå framlegget og argumenterte for at rektorar framleis bør veljast: «Vi er valgte og vi leder», var deira bodskap.

På nettsida Opprop har det no i sluttan av mai 2015 kome inn godt over tusen underskrifter på kampanjen: «Ja til valgte ledere ved universiteter og høgskoler». På den andre sida står nytilsett HIOA-rektor Curt Rice, som kallar heile debatten for storm i et vannglass. Betyr det ikkje så mykje om rektor er tilsett eller vald?

På NOKUTs store konferanse om studiekvalitet kom det fram at tidlegare rektor ved Syddansk universitet Jens Oddershede meinte at i Danmark hadde det var uråd å gjennomføre fusjonar med valde rektorar.

Dette ser i alle fall ikkje ut til å stemme i Noreg. Blant institusjonane som har eller er i ferd med å slå seg saman med andre har valde rektorar. Blant høgskulane på Vestlandet er det vald rektor over nesten heile linja:

  • Høgskulen i Volda: Vald rektor.
  • Høgskolen i Ålesund: Vald rektor.
  • Høgskolen i Molde: Vald rektor.
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane. Tilsett rektor.
  • Høgskolen i Bergen: Vald rektor.
  • Høgskolen Stord Haugesund: Vald rektor.

Ser vi over fjellet så ser vi at både Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Hedmark i 2015 skiftar frå vald til tilsett rektor. Også på nasjonalt plan går utviklinga klart i retning av det blir fleire tilsette og færre valde rektorar på høgskulane.

Eg tiltrer som rektor ved Høgskulen i Volda frå 1. august 2015 i lag med prorektor Jens Standal Groven. Vi vart valde med 82 prosent av røystene. Diverre var det berre 190 som deltok i valet – av nærare 4.000 røysteføre studentar og tilsette. Men meir tankevekkande er det at vi ikkje hadde motkandidatar. For fire år sidan var det heller ikkje motkandidatar til noverande rektor Per Halse og prorektor Marie Nedregotten Sørbø.

For kvart val som går utan to kandidatar å velgje mellom – til større grunn er det til å spørje seg om tida er ute for valgt rektorat.

Eller sagt på ein annan måte: Den største uvissa omkring ordninga med vald rektor skapar vi som arbeider på høgskulen sjølve: Ved at det er få som stiller opp i rektorvalet.

Ønskjer vi å beholde ordninga med vald rektor så må vi syte for at det blir reelle val med fleire kandidatar å velgje mellom.

Kva betyr det så om rektor er vald eller tilsett? Dette er regulert i Universitets- og høgskulelova. Den prinsipielt viktigaste endringa meiner eg ikkje handlar om tilsettingsforholdet til rektor – men derimot samansettinga av styret. Med vald rektor er rektor også styreleiar. Med tilsett rektor skal styreleiar velgjast blant dei eksterne styrerepresentantane. Og dei eksterne styrerepresentantane skal etter framlegget i Konsentrasjon for kvalitet peikast ut av Kunnskapsdepartementet.  Og det er altså styret som tilset rektor.

I sum betyr overgang frå vald til tilsett rektor at tilsette misser makt – eller potensiell makt. Kven som i staden får meir makt kan ein lure på – men det ser for meg ut til at departementet potensielt sett får sterkare innverknad på aktiviteten på høgskulane ved tilsett rektor enn ved vald rektor. Eitt anna framlegg i Konsentrasjon for kvalitet går også  i denne retninga: Det blir gjort framlegg om at fylka skal misse retten til å peike ut to av dei eksterne styrerepresentantane – og at departementet skal peike ut alle fire.

Så spørsmålet handlar ikkje berre om tilsett eller vald rektor – men kor sterk styring departementet skal ha over høgskular og universitet.

Høgskulen i Volda og nynorsken. Eller: Korleis kan målrørsla hjelpe nynorsk som akademisk språk

Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset
Høgskulen i Volda, Ivar Aasen huset

Sunnmøre mållag hadde årsmøte på Thon Hotell i Fosnavåg 28. februar – 1. mars, og eg var invitert for å snakke om Høgskulen i Volda og nynorsk. Eigentleg skulle denne delen av møtet handle om kommunereform og nynorsk, men det var ikkje møtelyden så veldig opptatt av, så då blei det meir Høgskulen i Volda og nynorsk.

Det eg BURDE sagt til møtelyden var: Kjære Sunnmøre mållag. Det beste de kan gjere for nynorsk er å påverke Venstre til å bidra til at Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane held fram som sjølvstendige høgskular.

Partiet Venstre ser ut til å vere på bikken i Stortinget når det gjeld høgskulesamanslåing. Vil Venstre med sine nynorsktradisjonar verkeleg vere tunga på vektskåla, og vippe nynorsk ut av akademia? Kanskje kan målrørsla hjelpe Venstre med å leite fram att sjela si? Fortsett å lese Høgskulen i Volda og nynorsken. Eller: Korleis kan målrørsla hjelpe nynorsk som akademisk språk

Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

Notat i samband med møte i Sunnmøre mållag, Thon Hotell Fosnavåg, 28. februar 2015.

Hører jeg ordet maritim klynge en gang til, så spyr jeg. (Anonym kollega ved Høgskulen i Volda.)

Sitatet ovanfor er ikkje ei nedvurdering av den maritime klynga  – men må forståast som ein overdose av klyngebegrepet. Eigentleg er det fantastisk at eit såpass akademisk basert – og diskutabelt! – omgrep har fått ei så sterk utbreiing i kvardagstale og sjølvforståing på Sunnmøre. Det kan ikkje vere berre tilfeldig. Fortsett å lese Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian

HVO-styremedlem Terje Heggem: Ære vere Høgskolen i Ålesund.

Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no
Høgskulen i Ålesund. Foto: Hials.no

HVO-styremedlem Terje Heggem beklagar i eit intervju med høgskuleavisa i Molde at det ikkje blei noko av Høgskulen i Møre og Romsdal. Men han rosar Høgskolen i Ålesund for at dei nytta høve til å bli overtatt av NTNU:

Terje Heggem: – Den historiske sjansen [til å etablere Høgskolen i Møre og Romsdal] forsvant når Høgskolen i Molde ikke slo til da Høgskolen i Ålesund var positiv til en slik løsning. Ære være Ålesund som tok et dynamisk grep og knyttet seg opp mot NTNU.

Etter mi meining heng Heggems tankar om dette ikkje heilt i hop. Om ein først meiner at ein fylkeshøgskule er best for Møre og Romsdal, så burde jo Høgskolen i Ålesund få kritikk og ikkje ros sidan dei valde å bli overtatt av NTNU, i staden for å halde fram arbeidet for Høgskulen i Møre og Romsdal.

I høgskulestyret var det Heggem som lanserte ideen om at Høgskulen i Volda burde ta ein titt på samarbeidsmulegheitene med Molde og Lillehammer, og som leiinga ved Høgskulen har følgt opp med eit fellesmøte.

Les heile intervjuet med Heggem her (panorama.himolde.no).

 

HVO og kvalitet. Eller: Isaksens mistak

Høgskulen i Volda, Kaarstad huset
Høgskulen i Volda, Kaarstad huset

I spørjetimen på Stortinget 18. februar tok Fredric Holen Bjørdal opp spørsmålet om framtida til Høgskulen i Volda.

Svaret frå Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen hadde diverre fleire manglar og har ikkje fått stått uimotsagt. Blant andre har høgskuledirektør Jacob Kjøde jr i eit lesarbrev til fleire aviser peika på fleire misvisande påstandar i ministerens svar, eller «arrestert» Isaksen, som avisa Møre Nytt skreiv.

Det kan verke som Isaksen har lese berre èin av dei mange tabellane i Tilstandsrapport for høgare utdanning for 2014, og det gir naturlegvis ikkje eit godt bilde av kvaliteten på utdanninga og forskinga ved Høgskulen i Volda.

Fortsett å lese HVO og kvalitet. Eller: Isaksens mistak

Jacob Kjøde: Misvisande frå Kunnskapsministeren

Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr har i eit lesarbrev i fleire aviser kommentert Kunnskapsministerens innlegg i spørjetimen på Stortinget 18. februar. Her er innlegget:

Misvisande av Kunnskapsministeren.

I Stortinget sin spørjetime sist onsdag [18. februar 2015] kjem kunnskapsministeren med nokre påstandar som kan skape eit misvisande inntrykk av Høgskulen i Volda (HVO). M.a. lagar han ei kopling mellom låg del uteksaminerte masterkandidatar og små og sårbare fagmiljø: «Skulen har også ein låg del uteksaminerte masterkandidatar. Dette er eit teikn på at nokre av fagmiljøa er små og sårbare. »
Til det er å seie at HVO uteksaminerer mange masterkandidatar samanlikna med andre høgskular på vår storleik. Vi er likevel ikkje nøgde med gjennomstrøyminga. Men fagmiljøa knytt til desse masterutdanningane er ikkje små og sårbare. Tvert i mot er dei blant dei sterkaste i landet. I følgje Kunnskapsdepartementet sin eigen Tilstandsrapport for 2014 var delen fagleg tilsette med førstekompetanse knytt til lærarutdanninga ved HVO fjerde høgast i landet – dei nye universiteta inkluderte. Tal publikasjonspoeng per fagleg stilling ved lærarutdanninga på HVO var tredje best i landet. Når det gjeld sosialarbeidarutdanningane, vil eg minne om at fagmiljøet her er så fagleg sterkt at det fekk godkjent (av Kunnskapsdepartementet) ei doktorgradsutdanning i samarbeid med Høgskulen i Molde i 2014. Så det er ikkje grunnlag for å uroe seg for små og sårbare fagmiljø ved viktige profesjonsutdanningar på HVO. Vi har eit svært godt grunnlag for å drifte den nye femårige lærarutdanninga på masternivå.
Derimot er det større grunn til uro over søkninga og statusen til velferdsyrka.
Dette er ikkje berre ei utfordring for HVO som kunnskapsministeren påstår. Det er minst like mykje ei utfordring for sentrale styresmakter der Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar.
Eg vil peike på at det ikkje berre er HVO som har låg søkning til lærarutdanninga.
I følgje Tilstandsrapporten var det på landsbasis berre 1,1 søkjar per studieplass til grunnskulelærarutdanninga i 2013. Ein anna grunn til uro er uvisse knytt til utforminga av den nye lærarmasteren. Ei sterk sentral styring kan fort ende opp i ei smal lærarutdanning som ikkje dekkjer behova i skulen – særleg ikkje i grunnskulen og i distrikts-Norge.
Av Jacob Kjøde jr, direktør Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda – profilert og spissa

Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.
Fagprofilar i forskinga ved statlege høgskular (2005-2009). Gunnar Sivertsen, NIFU.

Høgskulen i Volda er fagleg sett blant dei aller skarpast profilerte høgskular i landet. Vårt fokus på kultur- og samfunnsfag og pedagogikk/utdanning er det få eller ingen andre høgskular som kan matche.

Dette kan bli gull verd, om Kunnskapsdepartementet innfører ei ny ordning med utviklingsavtalar, slik eit offentleg utval nett har foreslått.

Dette kan vere lett å gløyme i det daglege arbeidet, samarbeidet og konkurransen mellom våre fire avdelingar – så difor ei lita påminning til oss sjølv.

HVOs strategiplan seier at HVO skal vere høgskulen for samfunns- og humanvitskapane i vår region. Ingen andre høgskular i Møre og Romsdal har utdanning eller forsking på desse områda. Høgskulen i Volda er dermed avgjerande for at regionen skal få tilgang på kompetente fagfolk på desse fagområda.

Fortsett å lese Høgskulen i Volda – profilert og spissa

Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.

Rektormøte på Lillehammer.
Gammelsæter (HiM), Ohnstad (HiL) og Halse (HVO).

På førre møte i høgskulestyret i Volda vart det reist benkeforslag om at Høgskulen i Volda burde ta kontakt med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer for å finne ut om dei tre «gamle» DH-skulane kunne ha felles interesser i strukturdebatten. Benkeforslaget vart vedtatt, sjølv om dette i høve til tidsfristane var «ti over tolv», slik rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane formulerte det. Fortsett å lese Strukturdebattens «Ti over tolv»: Volda, Molde – og Lillehammer? Reisebrev frå OL-byen.