Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?

Kunnskapsminister Isaksen gjekk kjapt frå å snakke om SAK til å snakke om at det kanskje kunne bli aktuelkt med SAK(S) – til å slå fast at SAKS var heilt nødvendig: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og Samanslåing.

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer har ikkje villa diskutere SAKS – dei vil heller diskutere SAKA: Samarbeid, Arbeidsdeling, Konsentrasjon – og allianse.

Dei tre høgskulane har dei siste månadene hatt fleire møte for å diskutere eit muleg samarbeid – ein alianse. Dette har ført til eit felles innspel til Stortingets Kyrkje, undervisnings- og forskingskomitè.

Les innspelet frå dei tre høgskulane (pdf).

Komiteen arbeider i desse dagar arbeider med si vurdering av Stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet – Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren. Komitèen har frist til 4. juni med å kome med si innstilling og så skal eit samla Storting drøfte meldinga 11. juni – det er i alle fall planen.

Meir om meldinga på Stortingets nettsider.

Fram til no kan det virke som at det berre har vore to alternativ for høgskulane:

  • Å halde fram som i dag – som sjølvstendige institusjonar. Dette er det berre dei største høgskulane som får lov til.
  • Å bli ein del av langt større institusjonar. Denne vegen er open for alle.

Dei tre høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer er alle skeptiske til tanken på å bli underlagt institusjonar i dei største byane, og er også skeptiske til å gå for full samanslåing med andre høgskular.

Gjennom samtalar mellom institusjonane og i diskusjonar i fagmiljøet har ideen om ein tredje veg vokse fram:

  • Å inngå i allianse med andre sjølvstendige institusjonar – etter mønster frå Sparebankane. Høgskulane samarbeider då om fellestenester som gjer at dei kan ta ut stordriftsfordelar – utan å påføre seg fusjonskostnader.

Professor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer var ein av dei første som  la fram ideen. Les også Teigens artikkel: «Frå høgskule til filial: Kven kan utvikle eller avvikle høgre utdanning i framtida?»

Dette er eit framlegg om ei gradvis utvikling av eit samarbeid nedanfrå, i kontrast til toppstyrte prosessar med stort hastverk.

Område som har vorte omtala som aktuelle for samarbeid er:

  • EU-finansiert forsking.
  • Studentutveksling (nasjonalt og internasjonalt).
  • Pedagogisk utdanning.
  • Ph.d.-utdanning.

Dei tre høgskulane har til saman fem doktorgradsprogram og i tillegg to andre utdanningstilbod på tilsvarande nivå. Høgskulane kan dermed i fellesskap vere i posisjon til å få universitetsstatus ein gong i framtida – om det er ønskjeleg.

Doktorgradsprogram i Volda/Molde: 

Doktorgradsprogram eller tilsvarande ved Høgskolen i Lillehammer: 

Mange felles fagområde

Dei tre høgskulane har fagleg sett meir til felles med kvarandre enn dei fleste andre høgskular i Noreg ved at dei har fagmiljø innanfor pedagogikk/lærarutdanning,  humanistiske og samfunnsvitskaplege fag – og få eller ingen fagmiljø innanfor teknologi og naturvitskaplege fag.

Fagportefølje ved statlege høgskular - studentar tatt opp 2014
Fagportefølje ved statlege høgskular – studentar tatt opp 2014

Dette har eg skrive litt om i eit tidlegare innlegg på denne bloggen.

Leiarar frå dei tre høgskulane møttest på nytt 1. juni 2015 i Volda for å diskutere planane vidare.

Informasjon om 1. junimøtet i Volda (på www.hivolda.no).

 

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Høgskulealliansen: Volda, Molde og Lillehammer. Ein tredje veg?»

Legg igjen en kommentar