Vegen framover i strukturprosessen?

På julelunsjen til Forskarforbundet drodla eg litt omkring kva som skulle bli vegen framover i strukturprosessen for Høgskulen i Volda. Drodlinga vart til ei teikning – eit flytdiagram (kanskje?) som var eit forsøk på å synleggjere vegvala som Høgskulen i Volda står overfor. Og som dei andre høgskular og universitet som vi har ein relasjon til også driv og tenkjer på samtidig som oss.

Johann Roppen
Voldarektor Johann Roppen: Kva skjer vidare i strukturprosessen? Foto: Per Straume.

Ein ny versjon av teikninga la eg fram for dekanmøtet onsdag 9. desember og på styremøtet torsdag 10. desember la eg så teikninga på bordet for styret undervegs i diskusjonen om strukturdebatten. Teikninga er eit forsøk på å synleggjere det som pr i dag framstår som dei mulege alternativa i strukturprosessen for Høgskulen i Volda.

Her er teikninga: Strukturprosess-skisse-JR-2015-12-09

Som det vart kommentert på styremøtet så vil ein sjeldan fange alle mulege alternativ i ei slik teikning – og prosessen vil til ein viss grad leve sitt eige liv. Det vil overraske meg om røynda blir så rettlinja som i teikninga.

Men det viktigaste er at Høgskulen i Volda uansett må og skal og bør samarbeid med andre institusjonar i strukturprosessen. Men eg er rimeleg sikker på at sjølvstendet vert best teke i vare gjennom ein alliansemodell, så det må vere plan A for Høgskulen i Volda.

Men eg er også sikker på at alliansen blir betre om Høgskulen i Sogn og Fjordane også blir med.

Styret ved Høgskulen gjorde vedtak om å ta til etterretning utgreiinga frå administrasjonen, men la til at leiinga må vere merksam på kvalitetskriteria som er stilt frå Kunnskapsdepartementet. Så alliansearbeidet held fram.

Dei tre alliansehøgskulane vil levere plan A(llianse) til Kunnskapsdepartementet 8. januar – og så får vi svar frå departementet – kanskje alt 13. januar – om korleis Allianseplanen blir vurdert av vår eigar. Etter dette bør det bli klart om og når Høgskulen i Sogn og Fjordane kan og ønskjer å bli med i alliansen.

Har vi så ein plan B, C og D om alliansen ikkje blir «godkjent»?

Nettavisa Khrono skreiv 10. desember ein fyldig artikkel om status blant anna for Høgskulen i Volda i strukturprosessen. Artikkelen er vel verd å lese og handlar litt om alternativa framover:

«Allianse slit med plan C, D og …» (Khrono, 10. desember).

Det er nok heilt rett som det står i Khronos overskrift, at Høgskulen i Volda vil slite om alliansestrevet er til inkjes. Det må presiserast at det ikkje er noko dårleg alternativ med fortsatt sjølvstende – utanfor alliansar og fusjonar. Det er ikkje slik at Høgskulen i Volda MÅ inngå i alliansar eller fusjonar.

Men som eit tankeeksperiment kan det vere nyttig å gå inn i teikninga (flytdiagrammet) og prøver å følgje trådane vidare i retning av fusjon, så opnar det seg ei rekkje alternativ – teoretisk sett. Det er spørsmål vi vil møte – og måtte svare på.

Men dei fleste pilane (på teikninga) peikar i retning av fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Volda.

Tida går … 

Kva skjer vidare i strukturprosessen? Tida er svært viktig – også her. Her er nokre viktige datoar:

  • 18. desember 2015: NIFU-utgreiing om profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • 8. januar 2016: Alliansehøgskulane leverer alliansedokument til Kunnskapsdepartementet.
  • 13. januar 2016: Alliansehøgskulane møter Kunnskapsdepartementet.
  • 28. januar 2016: Styremøte ved Høgskulen i Volda.
  • 2. februar 2016:  Felles styremøte for høgskulane i profesjonshøgskulen for Vestlandet (HiSF, HiB, HSH).
  • 10. mars 2016: Ordinært styremøte ved Høgskulen i Volda. Det kan bli omframt styremøte i februar om det trengst.

Det går ikkje så godt fram av teikninga (flytskjemaet), men etter som tida går vil blir det færre alternativ for Høgskulen i Volda – det er ikkje berre vi som tenkjer og grunnar på desse spørsmåla. Ting skjer rundt oss. Kven hadde trudd for litt over eitt år sidan at Høgskolen i Ålesund 1. januar 2016 blir overtatt av NTNU?

Ein nærliggande prosess som vil avgrense alternativa for Høgskulen i Volda er om andre høgskular startar fusjonsforhandlingar. Det vil vere naturleg å starte fusjonsforhandlingar med å slå frå seg andre alternativ. Mitt generelle inntrykk av slike forhandlingar er at bordet fangar. Det kan kjennast verre ut å avbryte forhandlingane enn å godta eit dårleg eller usikkert resultat.  Tida vil vise kva som skjer.

Korleis står dei andre høgskulane rundt oss i desse diskusjonane?

Høgskulen i Molde har styremøte 16. desember og av styrepapira går det fram at vår potensielle alliansepartnar eigentleg ikkje har ein plan B om alliansen av ein eller annan grunn ikkje let seg gjennomføre.

Styrepapir for Høgskulen i Molde (16. desember 2015)

Nettavisa Panorama har ein brei omtale av styremøtet i Molde:
http://panorama.himolde.no/2015/12/17/vil-sta-alene-med-allianse-eller-samarbeidsavtaler/

Styrevedtaket gjeldande allianse i Molde blei slik:

Etter debatten sluttet et enstemmig styre seg til følgende vedtak om alternativ til UH-allianse: «HiM alene, men med økt fokus på samarbeidsavtaler.»

Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde styremøte 17. desember. Rektor Rasmus Stokke skreiv i møteinnkallinga følgjande om alliansen:

«Rektor ser framleis på dette [alliansen] som eit alternativ viss vi vel å ikkje gå vidare i forhandlingar sørover.»

I styrepapira er det også presentert resultat av ei spørjeundersøking blant dei tilsette på Høgskulen i Sogn og Fjordane med vurderingar av kva profesjonshøgskulen kan få å seie for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I undersøkinga vart dei tilsette også spurt om kva dei tenkte om samanslåing med Høgskulen i Volda. Det virkar ikkje som det er stor entusiasme for samanslåing berre med Volda – skepsisen er kanskje særleg stor blant einingsleiarane:

Resultat frå spørjeundersøking blant tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Eitt av resultata frå spørjeundersøking blant tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

På sjølve styremøtet vil også NIFUs utgreiing av Profesjonshøgskulen for Vestlandet bli presentert.

Styrepapir for Høgskulen i Sogn og Fjordane (17. desember 2015).

Høgskolen i Lillehammer har styremøte 15. desember og får nytt styre i 2016. På møtet vil leiinga legge fram ein munnleg presentasjon av status i strukturprosessen.

Styrepapir for Høgskolen i Lilehammer (15. desember 2015).

Det blir nokre spennande veker i januar-februar. Men vonleg vil styret ved Høgskulen i Volda på møtet 10. mars sjå ein tydeleg veg framover.

Eller som statssekretær Bjørn Haugstad sa på eit møte med alliansehøgskulane i september 2015:

– Vi kan ikkje halde på i det uendelege med strukturprosessen.

Stortinget oppmodar Isaksen til å akseptere høgskulealliansar

Stortinget debatterer Konsentrasjon for kvalitet 11. juni. (Foto: www.stortinget.no)

Kyrkje, undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget la torsdag 4. juni fram si tilråding i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet.

Komiteen oppmodar regjeringa til å la alliansar få sjansen til å prøve seg som ein alternativ veg til å oppnå høgare kvalitet.

Her er lenkje til Stortinget si behandlinga av saka. 

Hovudinntrykket av komitèbehandlinga er at det meste er avklara før behandlinga i samla storting 11. juni.

Opning for allianse?

Det mange i Volda var mest spent på var antakelig om fleirtalet i komiteen ville insistere på at høgskular som vart rekna som for små til å halde fram aleine måtte fusjonere med andre – eller om det blir opning for alternative samarbeid. Fleirtalet i komiteen sa følgjande om alternativ til fusjon:

Under avsnittet 2.4 Fremtidens universitets- og høgskolesektor sluttar fleirtalet i komiteen seg til at det er nødvendig med sterkare konsentrasjon i sektoren og er samde i at dette skal Kunnskapsdepartementet avgjere til sist. Men så skriv ein samla komite:

«Komiteen viser videre til at enkelte andre institusjoner fremdeles utreder alternativene for sammenslåinger og andre typer faglig samarbeid, og at regjeringen vil føre dialog med disse i tiden fremover basert på de omtalte kvalitetskriteriene.

I denne sammenheng har komiteen merket seg at det fra enkelte institusjoner har kommet et ønske om å vurdere andre mulige samarbeidsformer for å høyne kvaliteten etter kriterier skissert i meldingen.

Komiteen ber regjeringen ikke utelukke muligheten til at institusjonene kan legge opp til å øke kvaliteten gjennom forpliktende samarbeid.

Det vil være opp til departementet, i samarbeid med NOKUT, å vurdere hvorvidt økt kvalitet oppnås på denne måten i hvert enkelt tilfelle. Ansvaret for den samlede strukturen i sektoren ligger hos regjeringen, menkomiteen forventer at vurderingene skjer i nær kontakt og dialog med den enkelte institusjon.»

Det er altså Kunnskapsdepartementet som avgjer framtidig struktur i høgare utdanning, men KUF-komiteen har kome med ei svært sterk oppmoding til departementet om å la institusjonar få prøve ut «forpliktande samarbeid».

Finansieringa skal gjennomgåast

Komiteen var også svært klar i spørsmålet om finansiering av høgare utdanning. Dei gamle universiteta ville helst at finansieringsordninga ikkje skulle bli endra, dei nye universiteta såg sterkt behov for ein gjennomgang. Høgskulane har vore delte i spørsmålet.  Høgskulen i Volda har svært låg grunnløyving og dermed alt å vinne og lite å tape på at finansieringsordningane blir gjennomgått.

Sjølv er eg heilt samd i at det er på sin plass å ta ein gjennomgang av finansieringa av høgare utdanning. Det ville også vere nokså ulogisk å gjennomføre store strukturendringar og så la finansieringssystemet halde fram som om ingenting hadde skjedd.

Stortinget avgjer 11. juni

Stortinget avgjer heile saka 11. juni etter at komiteen no har halde sin frist som var å levere saka 4. juni. Med såpass klare fleiretal i komitebehandlinga er det vanskeleg å tenkje seg at partia skal ombestemme seg på den komande veka.