Kunnskapsdepartementet inviterer til dialogmøte om struktur

Bilde av statssekretær Bjørn Haugstad.
Møteleiar er statssekretær Bjørn Haugstad.

Kunnskapsdepartementet har invitert høgskulane på Vestlandet til møte om framtidig struktur i høgare utdanning. Eller for å vere korrekt – her er tittelen på invitasjonen:

Kunnskapsdepartementet inviterer til møte om strukturen i universitets- og høyskolesektoren på Vestlandet 7.-8. september 2015

Kva er så rekna som Vestlandet i denne samanhengen? Her er dei inviterte institusjonane:

Høgskulen i Sogn og Fjordane skriv namnet sitt annleis enn Kunnskapsdepartementet. Eg reknar med at Høgskulen i Sogn og Fjordane kjenner best seg sjølv – og håper at dette ikkje er eit generelt uttrykk for at departementet framleis har dårlege kunnskapar om høgskulane på Vestlandet. I så fall er det nok verkeleg på tide med eit dialogmøte.

Universitetet i Stavanger er ikkje invitert med på møtet – og heller ikkje Høgskolen i Molde. Vi får nok vite på møtet kvifor dei ikkje er rekna med til Vestlandet, når Haugesund og Volda er det. Men igjen: Vestlandet er stort og langt. Og så har antakelig departementet ein agenda på kva høgskular dei ser føre seg i fusjonsbølgja. For det er nok det Kunnskapsdepartementet og Bjørn Haugstad helst vil snakke om.

Frå Høgskulen i Volda si side ser vi fram til dialog med departementet og er nok heilt på linje med Kunnskapsdepartementet i at å styrke kvaliteten er ein prosess som eigentleg aldri blir ferdig. Kunnskapsdepartementet har lagt fram ni kvalitetsmål som skal gjelde fram til 2017 då kvalitetsbegrepet i høgare utdanning skal vere ferdig utgreidd. Etter mi meining står Høgskulen i Volda seg godt på desse kvalitetsmåla – og det vil vi naturlegvis framføre i møtet med departementet.

Det er altså ikkje slik at stort nødvendigvis er best, eller at små høgskular er svake. Andre høgskular på storleik med Volda har også lagt fram dokumentasjon på dette.

Særleg gjennom UH Nett Vest har høgskulane på Vestlandet samarbeidd godt om faglege spørsmål i mange år. Samarbeidet går mange tiår tilbake, og handlar både om identitet og kvar fagfolk har teke utdanning og seinare flytta på seg. Uansett kva som blir framtidig høgskule- og universitetsstruktur så klarer eg ikkje å forestille meg at faglege nettverk som UH Nett Vest eller andre regionale, nasjonale og internasjonale nettverk vil la seg binde av institusjonsgrenser. Det vil i alle fall ikkje fremje kvalitet.

Er det eigentleg så mange mindre høgskular igjen? Kva plass har dei i eit framtidig landskap med mange store fleircampus-universitet? Det kan vere verd å minne om at i tillegg til høgskulane på Vestlandet så er det også ei rekkje statlege høgskular på Østlandet som framleis er frittståande – antakelig av gode grunnar. Desse er:

  • Høgskolen på Lillehammer
  • Høgskolen i Hedmark
  • Høgskolen i Østfold
  • Høgskolen i Oslo og Akershus

Det samla talet på studentar i dei fem høgskulane på Vestlandet og dei fire på Østlandet er faktisk på over 60.000 – om ein inkluderer Høgskolen i Molde i reknestykket. Med fusjonsbriller framstår dette sikkert som hår i suppa, hump i vegen eller noko anna irriterande. Eit anna perspektiv er at dette er høgskular der det faktisk ikkje er opplagte fusjonspartnarar – at fusjon kan koste meir enn det smakar.

På eit førebuande møte før dialogmøtet vart det i alle fall klart for meg at verdiar som sjølvstende, utdanning der folk bur og regionalt partnarskap heng i hop og er levande og viktige for dei mange sjølvstendige høgskulane. Det framstår ikkje som direkte opplagt at fusjonar ville styrke slike verdiar.

Det verkar også som at dei andre sjølvstendige høgskulane er nyfikne på ideen som høgskulane i Molde, Lillehammer og Volda utgreiar: Ein høgskuleallianse. 

Ideen med ein allianse er å beholde dei sterke sidene ved sjølvstendige høgskular, men å oppnå stordriftsfordelar gjennom alliansesamarbeid.

For eigen del ser eg fram til å fortelje meir om kva allianseideen går ut på – og trur at på 5 år vil det kunne leggjast fram klare gevinstar gjennom alliansesamarbeid. Når det gjeld fusjonane må vi visst vente i 10 år før vi vil sjå store og gode resultat.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar